JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

«Israel har mista særstatusen sin i verda.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Benjamin Netanyahu under ein minneseremoni i Jerusalem 4. juli. Gjennom krigføringa si i Gaza har Netanyahu og Israel tapt særstatusen sin i verda, meiner Cecilie Hellestveit.

Foto: Naama Grynbaum / Reuters / NTB

8916
20240809
8916
20240809

Iranarane er i tenkjeboksen etter drapet på den palestinske Hamas-leiaren Ismail Haniyeh i Teheran. Dei har sendt bod om at Iran vil svare på åtaket, og bede sivile fly om å halde seg unna iransk territorium om kvelden torsdag 8. august. Det er uvisst i skrivande stund korleis Iran vel å markere at Israel har gått over streken. Men det er mykje anna som er ferd med å klarne. Ti månader etter Hamas-åtaket på Israel er transformasjonen av Midtausten eit faktum.

Tapt status

Det er særleg tre endringar som er synlege som følgje av den pågåande Gaza-krigen. For det første har Israels posisjon i verda blitt dramatisk svekt, og særstatusen har smuldra opp. Staten Israel har vore tett knytt til det europeiske folkemordet på jødane. Historia om at jødane treng ein heim for å verne seg mot antijødiske ideologiar og straumdrag, og frykt for nye folkemord, har gjeve Israel ein eigen aura som har verna staten mot harde sanksjonar. Men skuldingane om at israelarane no sjølv utset palestinarane for folkemord, har øydelagt Israels posisjon som uangripeleg.

Denne veka valde Tyrkia å gjere felles sak med Sør-Afrika mot Israel i Den internasjonale domstolen i Haag. Også Tyrkia meiner no at Israel er ansvarleg for folkemord mot palestinarane på Gaza. I saka mot Israel er det ikkje «arabarane» mot Israel eller «muslimane» mot Israel, men derimot statar frå heile verda som skuldar Israel for brotsverket over alle brotsverk.

Ulovleg

Den internasjonale domstolen kom i juli med sitt rettslege råd til FNs medlemsstatar. Her konkluderte nær samtlege domarar (med unnatak av den ugandiske domaren Julia Sebutinde, som på prinsipielt grunnlag ikkje aksepterer at domstolen skal blande seg i politiske prosessar) med at Israels okkupasjon av dei palestinske områda Gaza, Jerusalem og Vestbreidda er ulovleg. Domstolen slo fast at ei rekkje brot på folkeretten går føre seg på dei områda som ikkje er anerkjende som suverent israelsk territorium, men som (implisitt) skal verte den palestinske staten.

Domarane kom òg til at Israels politikk på okkuperte palestinske område er brot med rasediskrimineringskonvensjonens artikkel 2, altså at okkupasjonspolitikken på Vestbreidda er for apartheid å rekne. Den rettslege analysen er at Israels okkupasjon er ulovleg og må avsluttast, og at alle statar må gjere sitt for ikkje å medverke til at okkupasjonen varer lenger, eller til andre folkerettsbrot som okkupasjonsmakta Israel er ansvarleg for. Heile rettsbetenkinga osar av grunntanken om at den einaste vegen ut av uføret er etablering av ein palestinsk stat ved sida av Israel.

Tapt magi

Frå å vere ein stat med immunitet mot vanlege tiltak og sanksjonar (altså anna enn shaming i FN-forum utan slagkraft eller bindande effekt) vert Israel no drive frå skanse til skanse i internasjonale organ med makt og mynde.

Israel har mista plassen sin som ein heilt spesiell stat i verda, og er på veg til å verte ein stat som alle andre. Magien er tapt, i Midtausten som elles i verda. Det gjer at konturane av ein palestinsk stat vert klarare for kvar månad som går. Krigen mellom Israel og Hamas har endra styrketilhøvet mellom israelarar og palestinarar for alltid.

Fleire frontar

For det andre klarnar no partsforholda i Midtausten og statane tek grep. Dei siste ti månadene har Israel vore fanga i ein fleirfrontskrig. Hamas har gått til åtak frå Gaza i sørvest, Hizbollah frå Libanon i nord, diverse sjiamilitsar på syrisk og irakisk jord i nordaust, og houthiane har gått til åtak på Israel frå Jemen i søraust. Ein fleirfrontskrig har i mange år vore rekna som Israels store mareritt. Men det landet som gjer ein slik krig verkeleg farleg for Israel, er Iran. Og hittil har Iran halde seg unna fleirfrontskrigen til støtte for Hamas.

Nyttar høvet

Det finst per i dag ikkje prov på at andre statar hadde noko å gjere med 7. oktober-åtaket­ – heller ikkje Iran. I staden har fleire land i regionen dei siste ti månadene nytta høvet til å gripe inn mot ikkje-statlege aktørar som har gjort felles sak med palestinarane og kasta seg inn i krigen på Hamas si side. Nokre statar har òg nytta høvet til å få has på andre plagsame ikkje-statlege aktørar med våpen i landa rundt Israel.

I Libanon er det dei israelske forsvarsstyrkane som har gått til åtak på delar av Hizbollah, i Jemen er det USA, Storbritannia og tidvis Israel som svarar militært mot houthiane, i Syria er det fleire statar enn ein kan telje på ei hand, som angrip ikkje-statlege grupper (til dømes Tyrkia, Russland, USA, Iran og Israel), og i Irak er det USA og Iran som har rydda veg blant dei militante gruppene sidan oktober i fjor.

Felles sak

Då Israel i april mest truleg gjekk til åtak på to iranske generalar frå Revolusjonsgarden i eit iransk konsulat i Damaskus, svara Iran med eit massivt rakett- og droneåtak mot Israel ei veke seinare. Det var fyrste gong sidan Gaza-krigen braut ut, at to statar stod mot kvarandre militært. Då gjorde USA, Frankrike, Storbritannia og Jordan felles sak med Israel mot Iran. Fleire andre arabarstatar signaliserte at dei òg ville kaste seg inn i kampen militært med Israel mot Iran om det skulle eskalere.

Likvideringa

No er vi der att. Ei militær eskalering mellom Israel og Iran er svært mogleg. Men denne gongen handlar svaret frå Iran ikkje om iranske interesser i seg sjølv, men derimot om palestinske interesser. Israel har mest truleg likvidert Ismail Haniyeh, forhandlingsleiaren til palestinarane, i krigen. Drapet skjedde medan han var på vitjing utanfor araberverda der han normalt held hus. Han var gjest i Iran hjå den gamle øvste leiaren og den nye presidenten, og vertskapet hans med ansvar for tryggleiken var ingen ringare enn Revolusjonsgarden (IRGC).

Korleis likvideringa faktisk gjekk føre seg, har det vore mange teoriar om den siste veka i (strengt kontrollerte) iranske medium. No har historia landa på at nokon smugla inn ei bombe i huset der Haniyeh budde, og at den vart detonert med fjernutløysar medan han sov. Ikkje akkurat høgteknologi til å verte mørkredd av, men eit finfint høve til å støvsuge Teheran for mogelege medskuldige. Ser soga slik ut, kan det harde motåtaket frå IRGC kome på heimebane like mykje som på bortebane.

Normal stat

Samstundes kalla Iran denne veka saman til eit ekstraordinært møte i Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC), med sine 57 muslimske medlemsstatar. Dei møttest onsdag i Saudi-Arabia. I erklæringa som kom ut etter møtet, var det openlyst for alle at i spørsmålet om Palestina ser partsforholda annleis ut. Saudi-Arabia gjorde klart at drapet på Haniyeh var eit «flagrant brot på Irans suverenitet», og at Saudi-Arabia avviser «alle brot på statars suverenitet eller innblanding i dei interne sakene til alle land».

Egypt var klar på at Kairo ikkje vil stå på Israels side i denne saka. Statane som vil slåst saman med Israel mot Iran for å stogge den iranske innblandinga i Midtausten-regionen, gjer no felles sak med Iran mot Israel i spørsmålet om Palestina. Bodskapen er klar. Israel kan lite på støtte og vern hjå dei arabiske nabostatane sine i nokre spørsmål, men ikkje i andre. Som for andre normale statar kjem det an på kva spørsmålet er. Israel har blitt ein stat i Midtausten på linje med andre statar i Midtausten.

Stormaktsspel

For det tredje er dei globale maktene i FNs tryggingsråd på ballen på heilt nye måtar. Kinesarane har i oppgåve å halde palestinarane samla. USA held Israel i nakken, medan Russland held Iran i skinnet. USA og europeiske land nyttar alle knappar dei har for å halde igjen eit mogeleg israelsk førehandsåtak eller å gjere motsvaret så lite som mogeleg. Og då den tidlegare russiske forsvarsministeren Shojgu vitja Teheran denne veka, hadde han med seg lovnader om eit kraftig luftvern til Iran i bagasjen.

Samstundes «bad» russarane Iran om å ikkje drepe nokon i et mogleg hemnåtak mot Israel, for å hindre eskalering. Og no er det sanneleg diplomati på høggir og i hytt og vêr. Russland skal ha stogga ein våpenleveranse til houthiane i Jemen denne veka på oppmoding frå USA. Samstundes har det versert rykte om at amerikanarane har hatt møte med IRGC i Oman. Samtlege vetomakter i FNs tryggingsråd har engasjert seg, og om dette skulle rakne, står Tryggingsrådet truleg klar til å handle i Midtausten-konflikten. Det vil vere eit jordskjelv, og neppe noko Israel er klar for.

For sjølv om det kan sjå ut som konflikten no kan tenne heile regionen, er det grunnleggjande felles interesser hjå dei store og mektige statane i verda om å stabilisere situasjonen. Og om dette ekstremt komplekse diplomatiske spelet landar utan eskalering, men i ein politisk prosess, er det grunn til å sjå med blidare auge på evnene til internasjonalt diplomati til å verke godt når det verkeleg dreg seg til. Det vil vere ein siger for oss alle.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis