JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

5717
20241004
5717
20241004

Israel vedtok å endre målsetjinga for krigen i nord den 16. september. Like etter eksploderte Hizbollahs personsøkjarar og walkietalkiar i Libanon. Effekten var at Hizbollah-medlemmer måtte kommunisera på andre kanalar. Dermed kunne etterretninga til Israel og allierte avsløre kvar dei oppheldt seg.

Så gjekk Israel til masseåtak på sentrale militære kommandantar i Hizbollah-rørsla. Etter at Hizbollah-leiaren Nasrallah var drepen, annonserte Israel bakkeinvasjon i Sør-Libanon. Då gjekk Iran til åtak på Israel, med det største missilåtaket som har råka Israel nokosinne.

Av alle Irans reiskapar har Hizbollah vore den skarpaste kniven. I 30 år sat Nasrallah med kontroll over den libanesiske sjiamuslimske rørsla. Han overlevde åtte år med israelsk okkupasjon av Libanon, han egga til krig mot Israel i 2006 og balanserte på ei knivsegg gjennom heile borgarkrigen i Syria, der han gjorde Hizbollah til eit instrument ikkje berre for Iran, men også for Assad-regimet og Russland, mot systerrørslene til Hamas i Syria. Etter krigen valde Nasrallah å leggje stridsøksa med Hamas til sides. I 2021 vart dei to rørslene einige om heller å einast om den felles fienden, Israel.

Hizbollah var avgjerande for at Assad-regimet vann borgarkrigen i Syria, noko som òg gjorde at rørsla vart væpna til tennene. Etter krigen i Syria har det vore uklart om Hizbollah ville veksle denne nyvunne styrken inn i politisk makt i Libanon, eller halde fram på ein veg med meir konfrontasjon.

For å sikre seg gass på libanesisk sokkel gjekk Hizbollah i 2022 med på å framforhandle ei delelinjeavtale med Israel. Etter Hamas-åtaket på Israel 7. oktober sa Iran at dei ikkje stod bak og heller ikkje ville blande seg, men at dei fristilte støttespelarane sine. Den 8. oktober valde Hizbollah å gå til åtak mot Israel, og det neste året vart rundt 2000 åtak retta mot Israel frå Libanon (med rundt 8000 i retur frå Israel).

Etter 16. september har Israel retta massive åtak mot våpendepot og Hizbollah-kommandantar i Libanon. To israelske åtak i Beirut vart retta mot palestinarar – Hamas-leiaren i Libanon og tre leiarar i PFLP, den palestinske sosialistiske rørsla som slåst med Assad og Hizbollah, mot Hamas og andre islamistar i Syria.

Krona på verket til Israel var eit åtak mot ein underjordisk bunker i eit bustadfelt i Sør-Beirut. Der fekk Israel has på Nasrallah, eit knippe andre militære kommandantar i rørsla og ein sentral iransk kommandant. Det var ein innertiar. Ifølge franske og indiske nyhendekanalar skal Israels kjelde til tid og stad for det strengt hemmelege møtet til Nasrallah vere ein iransk moldvarp.

I den libanesiske «motstandsrørsla» er det truleg i ferd med å breie seg ei kjensle av intern kollaps og av at israelske tentaklar rekk inn i alle krinklar og krokar. Like etter likvideringa av Nasrallah sette Israel i verk bakkeinvasjonen Seder Hadash – «Ny orden». Operasjonen er farleg for Israel fordi den desentraliserte rørsla til Hizbollah er godt førebudd på nett dette. Samstundes erklærte Israel at ingen stader i Midtausten er skjulte for israelske augo: «Vi ser alt!»

Svaret frå Teheran kom raskt. 181 ballistiske missil som visst nok ikkje var synlege for Israel, regna over militære mål i sentrale delar av Israel. I motsetnad til Irans åtak på Israel i april, der Iran informerte «alle» 72 timar på førehand og nytta 350 missil og dronar som alle var synlege på radar, var åtaket no av ein annan karakter.

Iran skal for fyrste gong ha nytta iranskproduserte hypersoniske ballistiske missil som er svært kompliserte å fange opp på radar. Iran skal berre ha informert Russland om åtaket. Truleg var det amerikanarane som åtvara Israel. Bodskapen til Iran er at Israel ser langt ifrå alt.

Iran erklærte at åtaket var eit svar på Israels likvidering av Hamas-leiaren Haniyeh i Teheran og av Hizbollah-leiaren Nasrallah. Åtaket kom nett då Israel hadde sett i verk bakkeoperasjonen, som ikkje kan avsluttast utan vidare. Føremålet med det iranske åtaket er primært avskrekking. Den iranske presidenten, Pezeshkian, som den siste veka har prata med fredens tunge i FN og invitert til alskens samtalar, var eintydig: «Ikkje gå til krig mot Iran!»

Det er uklart om Arrow, luftvernsystemet til israelarane, har fungert optimalt, men åtaket hadde truleg høg militær presisjon, og ingen israelarar vart drepne. Israel vart samstundes råka av eit terroråtak i Jaffa. Åtak på heimebane, bakkeinvasjon i Libanon og dei mest massive luftåtaka mot Israel nokosinne skjer før krigen på Gaza er avslutta. Også i Israel vert det rapportert om ei aukande kjensle av farleg mangel på kontroll.

Amerikanarane har denne gongen ikkje bede Israel om å late vere å svare på Irans åtak, men har i staden signalisert at Israel er i sin fulle rett til det. Det Biden har bede om, er at Israel ikkje går til åtak på det iranske atomvåpenprogrammet. Det er estimert at det no vil ta Iran berre éi til to veker å ferdigstille ei atombombe, om det skulle dra seg til.

I det større bildet er det som no skjer, at israelske styrkar reduserer libanesiske Hizbollahs overdimensjonerte militære kapasitetar, på vegner av seg sjølv og mange andre. Samstundes reduserer Israel også Irans mest effektive indirekte våpen mot Israel i tilfelle ein framtidig krig mellom Israel og Iran.

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran i staden kniven direkte mot Israel. Iran byter ut Hizbollah med sin eigen, skarpare kniv, og tek oss dermed inn i den farlegaste fasen i Midtaustens moderne historie.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis