JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Kunnskapsministeren vil ha meir leik og mindre skjerm. Neste steg bør vere å gjere læraryrket meir attraktivt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5676
20240823
5676
20240823

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Har du vore nær eit sosialt medium den siste veka, har du sett dei, små, spente og med sekken på. Landets seksåringar på veg til første skuledag har blitt fotograferte, og bilete publiserte av stolte foreldre og besteforeldre. Dei kjem til ein skule som er i gang med ei storstilt utskifting av idear og verkemiddel.

Annleisåret

Rett før sommaren kom sluttrapporten frå forskarane ved OsloMet som har evaluert seksårsreforma. Mykje av innhaldet var kjent frå før. Då seksåringane vart tatt inn i skulen, var det etter eit politisk kompromiss mellom høgre- og venstresida. Seksåringane skulle få eit annleisår der det beste frå skulepedagogikken skulle gå opp i ei høgare eining med det beste frå barnehagane. Tidlegare skulestart skulle gi sosial utjamning.

«Gode lærarar er heilt avgjerande for læring. Men korleis får ein tak i dei?»

Barna som ikkje gjekk i barnehage, dei som gjerne har det forskarar omtaler som svak sosioøkonomisk bakgrunn, og som oftare enn andre får utfordringar i skuleløpet, vart no slusa inn i utdanningsinstitusjonane på eit tidlegare tidspunkt. Dei skulle få ein mjuk start med god plass til leik, både den frie typen og den som ein skal lære av. Det mangla verken visjonar eller ambisjonar den gongen.

Men så forsvann leiken. I sluttrapporten finn ein følgjande forklaring: Kunnskapsløftet vart innført – Bondevik II-regjeringas svar på Pisa-sjokket i 2001, då norske 15-åringar presterte relativt svakt i den internasjonale samanliknande kunnskapstesten. I evalueringsrapporten kan ein lese at «rent formelt innebar Kunnskapsløftet ikke store endringer for de yngste elevene, men det er grunn til å tro at oppmerksomheten om mer ’skolsk’ læring også hadde konsekvenser for de yngste». Leiken forsvann iallfall. Skulekvardagen vart fylt av testar. I kjølvatnet av Pisa-sjokket fekk leikeskulen eit omdømmeproblem.

Stadig fleire timar

Mykje har hendt sidan. Elevane får meir undervisning. I doktorgradsavhandlinga si viser skuleforskaren Elise Farstad Djupedal at norske barn etter 1990 har fått lagt til så mange ekstra timar at det svarar til eit heilt skuleår.

Målt frå 1990-nivå har ein altså ikkje berre fått eit nytt skuleår, men to. Og Pisa-testresultata blir jo ikkje betre. Men i den siste publiserte undersøkinga kan ein lese at forskjellen aukar mellom elevar med svak sosioøkonomisk bakgrunn og dei andre. Skulen blir meir klassedelt.

Papirboka tilbake

Denne veka gjorde kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun eit skulestartintervju med VG. Her sa ho at «vi skal passe på at leken får enda større plass». I tillegg snakka Nordtun varmt om telefonforbod, mindre skjermbruk og om trykte lærebøker.

Før sommaren løyvde Stortinget 300 millionar ekstra til lærebøker på papir. Alt dette er musikk i øyra til tusentals av opprørte foreldre som finn saman i Facebook-grupper med namn som «Opprop for mindre skjermbruk i barneskulen». Der kan ein dagleg lese grelle eksempel på manglande elementært nettvett i skulen, om korleis mange skular har ignorert barnas digitale tryggleik, og om korleis konsentrasjonen til barna, ein av dei aller viktigaste føresetnadene for læring, blir påverka av dei flimrande skjermane i klasseromma.

Nordtun har ein plan. Spørsmålet er om planen vil gi det ønskte resultatet. Lærebøker er ei stor investering for skulane. Når ein kjøper dei, er tidshorisonten lang. I ein rapport som vart laga på oppdrag for Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) i fjor, kjem det fram at skuleleiarar i mange tilfelle har det for travelt når dei skal velje bøker. Ein av fem svarte til dømes at dei ikkje har tid til å bruke Utdanningsdirektoratets ressursar for innkjøp av læremiddel.

I ein debatt på Arendalsveka sist veke peika Arne Vestbø, generalsekretær i NFFO, på at debatten om kva som er god kvalitet for læremiddel, nesten er umogleg å få auge på. I same debatt fortalde leiaren i Elevorganisasjonen, Madelen Kloster, om korleis klassen ho gjekk i på vidaregåande, vart involvert då skulen skulle kjøpe nye lærebøker. Då Kloster snakka, gjekk det eit tydeleg sukk gjennom salen. For det er jo dette ein jaktar på – godt samspel mellom elevar og lærarar og eit høgt engasjement.

Lærarane forsvinn

Og då er vi inne på eit felt som Nordtun snarast mogleg bør vende ministerblikket sitt mot, ettersom ho tydelegvis har bestemt seg for å rydde opp. For alle som har gått på skule, veit at ein hugsar læraren betre enn læreboka. Ein god lærar kan få til god undervisning med læringsbrett, med bøker og med kongler og pinnar.

Gode lærarar er heilt avgjerande for læring. Men korleis får ein tak i dei? Skulen manglar lærarar. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå manglar så mange som 17.187 lærarar. Mange nyutdanna lærarar forsvinn frå skulen etter kort tid. Grunnane er fleire, mange rapporterer om for stort ansvar, for mange oppgåver og for lite tid til å gjere dei. Søknadstala til lærarstudiet har gått ned dei siste fem åra.

Følg pengane

Regjeringa skal drive kampanje for å auke søkjartala. Mitt tips er å styre unna fikse slagord om den viktige jobben lærarane gjer for samfunnet. Det er viktigare å gi skulane rammevilkår som gjer det mogleg for lærarane å gjere ein god nok jobb utan å bli utbrende, og ressursar slik at elevar som treng særleg oppfølging, får det.

I tillegg har ein jo det velkjende lokkemiddelet løn. Sist gong lærarane streika for betre lønsvilkår, sette regjeringa ein stoppar for streiken med tvungen lønsnemnd. Skulen treng meir pengar, ikkje fleire slagord.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.

Fleire artiklar

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Christiane Jordheim Larsen
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Christiane Jordheim Larsen
Det går mykje kjøt gjennom anlegga til Nortura i desse dagar. Men kva veit dei eigentleg om kvaliteten på det?

Det går mykje kjøt gjennom anlegga til Nortura i desse dagar. Men kva veit dei eigentleg om kvaliteten på det?

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Slaktetid

Så er det offisielt: Kvalitetssjekken på slakteria er ikkje anna enn eit volummål.

Skodespelarane er plasserte i ein kvit kube.

Skodespelarane er plasserte i ein kvit kube.

Foto: Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Den vanskelege, men nødvendige venskapen

I vårt sted byr på fint samspel i ein rik og lågmælt tekst, som kunne tent på å bli kutta litt.

Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).

Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).

Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater

TeaterMeldingar
KristinAalen

Når Kielland stig ned frå sokkelen

Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei fødd. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscena.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis