Lærdom i praksis
Når ein meir praktisk skule skal gå frå papir til røyndom, er det noko alle skal tene på.
Det er vel nærast opplese og vedteke no – i det minste på papiret: Alle stortingsparti meiner vi skal gjere utdanninga i norske grunnskular meir praktisk. Ein ikkje uviktig del står likevel att: Korleis – og ikkje minst kvifor – skal vi gjere det?
Her skil partia i større grad veg. Der Høgre i si fagfornying snakka mykje om rekruttering til yrkesfag og næringsliv, skriv Arbeidarpartiet i sitt partiprogram: «Praktisk-estetiske fag har en verdi i seg selv og må sikres en større plass i alle barns skolehverdag. I teorifag er det også viktig å ta i bruk flere praktiske tilnærmingsmåter for å lære fagstoff.»
Dette er ei god formulering. Men får ho sjå dagens lys gjennom eit klasseromsvindauge med det fyrste? I framlegget til statsbudsjett lovar regjeringa meir vidareutdanning av lærarar i praktiske og estetiske fag (definert som gym, kunst og handverk, musikk, mat og helse), men eg finn elles få konkrete tiltak retta mot grunnskulen.
Praksis kostar pengar
SVs alternative budsjett går lenger: Her er det forstått at å skape ei «meir praktisk og variert undervisning» kostar pengar, og det er mellom anna løyvt midlar til utvikling, eit kompetansesenter og læremiddel (rentekompensasjonsordning).
Lat oss håpe at desse tiltaka finn vegen inn i den verkelege skuleverda – for å skape ein meir praktisk skule som er god for alle born, ja, eg meiner ikkje berre dei som har problem med å sitte stille på ein stol bak ein pult med ein skjerm, eg meiner ein skule som lèt alle elevar utvikle seg og finne potensialet i sine praktiske sider, rett og slett fordi dei er menneske.
Ja, for så grunnleggande er det, og så enkelt burde det på mange måtar vere: Vi menneske brukar både hovudet og kroppen til å vere fungerande, bidragande, skapande menneske, og då må grunnutdanninga legge til rette for det.
Like viktig som Ibsen
I delar av den teoretiske danningsreisa har vi skjøna dette for lenge sidan: Norsk skuleverk lèt ikkje ungdommar lese Ibsen fyrst og fremst fordi dei skal verte litteraturvitarar eller idéhistorikarar. Vi syner dei dokkeheimen og bukkerittet fordi dei er små brikker i kven vi er i Noreg, og fordi det, gjort riktig, kan gje dei gode opplevingar og utvide den kulturelle horisonten deira.
På same måte skal vi ikkje lære born å sy forklede, spikke smørjeknivar eller kople databrikker fordi dei skal verte syarar, finsnikkarar eller elektrikarar, men fordi dette er akkurat like viktig kunnskap som forfattarskapet til Henrik Ibsen.
Ikkje enkle løysingar
Kor digitale vi enn vert, kjem vi ikkje unna at vi treng praktisk forståing på mange nivå nesten kvar einaste dag i løpet av livet, og mykje tyder på at forståinga ikkje er på stigande kurs.
Eit lite, men talande døme er kor mange færre elevar som kan knyte skolissene sine når dei kjem på skulen no, versus då seksårsreforma vart innført for snart 25 år sidan. Det skal ikkje skulen få ansvar for – det er ikkje dei som kjøper borrelåssko til borna sine fordi det er enklare. Men det gjer ikkje det taktile elementet ved utdanning mindre viktig, snarare tvert om. Dersom samfunnet gjev oss enkle løysingar, er det ikkje gjeve at den genetiske utviklinga kroppen er skapt for, klarer omstillinga like lett.
Stavangerprosjektet var ein tverrfagleg studie ved Universitetet i Stavanger som i perioden frå 2005 til 2017 følgde utviklinga til over 1000 born. Eit av dei tydelegaste funna dei gjorde, var samanhengen mellom motorisk utvikling og matematikknivå. God motorikk heng saman med gode matematiske kunnskapar hjå born heilt ned til to år, faktisk.
«Vi tror at bevegelse er grunnlag for mange utviklingsområder. Vi kan se på bevegelse som det som binder alle ulike læringsområder sammen. Hvordan vi bruker kroppen, påvirker hvordan vi lærer», sa professor Thomas Moser til Fysioterapeuten.no.
Språk i praksis
Ja, kanskje gjer det endåtil noko med språket vårt? Førre veke var eg på turné i Sogn og Fjordane med eit foredrag som i stor grad tek føre seg verdien av praktisk arbeid. Her trefte eg mange lærarar som kom med hjartesukk om mengda med refleksjon i skulen i dag. Dei meinte at ein god del av det kunne ha vore erstatta med produksjon. Men eg trefte òg bønder som jamleg tek imot skuleborn på garden sin. Dei fortalde at borna no lèt seg forundre over «kor stor tomt de har». Ord som jorde, eng, bø eller mark er ikkje i ordforrådet – langt mindre skilnadene på dei.
Om vi ser stort på det: Kvifor har vi menneske vorte såpass lure som vi trass alt er? Jau, fordi kroppen vår har utvikla eit evolusjonært radarpar. Hovudet og hendene har saman spelt kvarandre betre og betre. Når hovudet har kome på noko nytt, har hendene sett det ut i handling, og når hendene har prøvd noko nytt, har hovudet tolka konsekvensane. Slik har vi lært, og slik må vi halde fram med å lære, både dei av oss som skal verte statsminister, sykkelreparatør, sakshandsamar eller slaktar, og alle oss andre.
Så er det mogleg å hevde at problemstillinga eg presenterte i starten av denne kommentaren, er oppkonstruert. At skulen er meir praktisk retta for alle og for sin eigen del, vil forhåpentlegvis føre til at fleire byrjar på eit yrkesfagleg utdanningsprogram, rett og slett fordi fleire vil oppdage at dei har praktiske evner som endåtil er spanande og utfordrande å bruke.
Men om vi gjer yrkesvalet til sjølve målet med skuleverket, risikerer vi å miste massevis av praktiske hender undervegs. Det har vi rett og slett ikkje råd til.
Siri Helle
Siri Helle er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

God motorikk heng saman med gode matematiske kunnskapar hjå born heilt ned til to år.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.