Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.

Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB

3486
20241206
3486
20241206

Kommentar

Ei ung georgisk kvinne står i den harde spruten frå ein vasskanon. Ho har eit klissvått georgisk flagg rundt skuldra og held armane heva over hovudet medan ho viser fingeren mot opprørspolitiet inne i borggarden.

«Eg har aldri sett spesialpolitiet så brutale som no», skreiv ein forkjempar frå Menneskerettshuset i Tbilisi til meg på e-post etter demonstrasjonen sist laurdag. Dei banka opp fredelege demonstrantar. Advokatar rapporterte om at meir enn 300 vart arresterte i protestane den siste veka. Fleire av dei hadde kjevebrot og hjerneristing. Årsaka til demonstrasjonane er misnøya med at regjeringa i Georgia har stogga forhandingane om EU-medlemskap.

Fyrste gong eg såg spesialstyrkane i Tbilisi, var i april 2009. Folk hadde samla seg til ein demonstrasjon framfor parlamentet, der eg hamna samen med systera mi midt i påskeferien. Det verka roleg, men det låg ei spenning i lufta. Fyrst oppe i ei sidegate såg vi spesialstyrkane i borggarden. Hundretals velutstyrte politimenn ventande, klare til åtak. No venta dei ikkje.

Videoane frå åtaka viste politiet som jakta journalistar og storma inn på apotek og metrostasjonar på jakt etter demonstrantar på veg heim. Det minte meg om scener frå då eg var på Maidan i hjarta av Kyiv for elleve år sidan. Som der starta protestane spontant etter at regjeringa sa dei ville stogge integreringa med EU. Som i Ukraina hadde ikkje demonstrantane i Georgia nokon leiar.

Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane stor tiltru til politikarane. Bilete frå Tbilisi synte at folk her òg delte mat og utstyr samt oppretta SOS-grupper for juridisk hjelp. Etter at styresmaktene svara med vald, slutta fleire folk seg til protestane. Dei ville verne om rettane sine.

Politiets brutale framferd fyrte opp enkelte demonstrantar som heiv flasker og fyrverkeri mot parlamentsbygningen. Men fleire tusen brukte retten til å ytre seg på fredeleg vis. Dei såg mot Europa, ikkje Russland.

Til no har tre ambassadørar gått av i protest. Dei baltiske landa har innført innreiseforbod for sentrale georgiske politikarar. Det er ikkje nok i seg sjølv til å få Georgisk draum til å snu. Førre veke erklærte EU- parlamentet at dei ikkje anerkjente oktobervalet som fritt og rettferdig. Det vart rapportert om juks og press mot veljarar.

Men like effektiv vart propagandaen i forkant. Mantraet var at berre styringspartiet kunne sikre landet mot krig. At Georgisk draum i etterkant av valet gjekk ut og erklærte at dei ville fryse forhandlingane med EU i fire år, vart sett på som eit brot med tidlegare lovnader.

I løpet av våren 2024 tok styresmaktene fleire steg i autoritær retning i landet som før hadde vore ei trygg hamn for regimekritikarar frå andre land. Trass store protestar heile våren banka dei gjennom lova som minte om den russiske lova om utanlandske agentar. Like etter vedtek dei ei anti-LHBT-lov. Saman med ein systematisk svertekampanje tente lovene til å svekke opposisjonen og andre kritiske røyster.

Men folk held fram med å strøyme ut i gatene. Fleire og fleire sluttar seg til protestane: bankfolk, universitetsfolk og businessfolk. Nokre brannmenn helte for nokre dagar sidan ut vatnet dei skulle bruke til å spyle demonstrantane med. Kanskje tyder det på at bilete av den unge kvinna i vasspruten har meir kraft enn propagandaen?

Ane Tusvik Bonde er statsvitar og seniorrådgivar i Amnesty Norge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis