Navalnyj har ei lekse å lære verda
Den russiske opposisjonsleiaren Aleksej Navalnyj syner kva mot tyder.
Den russiske opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj då han stod for retten i Moskva 20. februar i år.
Foto: Alexander Zemlianichenko / AP / NTB
Kommentar
redaksjonen@dagogtid.no
Da Aleksej Navalnyj sette seg på eit fly til Moskva 17. januar, gjorde han livet sitt til ein metafor. Han visste det, kona hans visste det, og alle dei andre i flyet visste det.
Det gjorde òg dei millionane av menneske som hadde sett dokumentarvideoane hans, som hadde sett dei slagferdige intervjua han gav på flyet, som seinare har slutta seg til demonstrasjonar i hans namn. Det gjorde dei russiske leiarane òg, inkludert landets diktator og president, Vladimir Putin. Slik, fortalde Navalny til dei alle, er det mot ser ut.
Drapsforsøk
Navalnyj er Russlands viktigaste opposisjonsleiar, og han flaug heim frå Berlin etter fleire veker på sjukehus der, etter det andre eller kan hende det tredje drapsforsøket på han. Han hadde overlevd fordi ein tysk frivillig organisasjon hadde sendt eit fly til Omsk for å hente han ut frå Russland, ettersom nervegifta novitsjok som var brukt for å forgifte han, ikkje alltid drep straks, og det russiske sjukehuset hadde gått med på å late han dra, truleg overtydd om at han aldri ville vende attende.
For å gjere det klart: Ein av legane som behandla han for forgifting, har seinare døydd under merkelege omstende, og ein talsperson for sjukehuset som nekta å knyte Navalnyjs sjukdom til forgifting, er forfremja til regional helseminister.
Uventa nok kom Navalnyj seg. Ikkje berre kom han seg, men framstod frisk nok til å vere frontfigur, enda ein gong, i ein av videoane som har gjort han og researchgruppa hans vidgjetne. Han har ofte gått til åtak på medlemer av den russiske eliten, nøsta opp dei sinnrike korrupsjonsnetta deira, gjort narr av pengane og smaken deira.
I januar gjekk han laus på sjølvaste Putin og avslørte i detalj diktatorens luksuriøse palass ved Svartehavet: ein innandørs ishockeybane, ein vasspipebar, omfattande vingardar, eit «vass-diskotek» og eit kløktig maktmisbruk som finansierer det heile.
Den to timar lange avsløringa vart sleppt samstundes med at Navalnyj flaug attende til Russland og vart arrestert. Videoen sirkulerte medan han sat som tiltala i ei «rettssak» som var så latterleg at han gjorde høglydt narr av domaren og bad henne studere meir juss.
Videoen er framleis i omløp, medan Navalnyj nettopp har avslutta ein sveltestreik som lenge truga med å ta livet av han. Når dette vert skrive, har videoen 116 millionar sjåarar.
«Ekstremistisk»
Det er ikkje noko hemmeleg kring forgiftinga, den falske rettssaka eller den beiske fengslinga av Navalnyj. Til liks med dei mange freistnadene på å drepe han går desse hendingane ope føre seg. Medan dei utspelar seg, prøver dei offentlege påklagarane i Russland å kriminalisere organisasjonane han leier.
Grunngjevinga er at undersøkjande reportasjar og forsvar for borgarrettar er «ekstremistiske». Putins openberre freistnad på å øydeleggje ein politisk opponent har ein viss logikk: Om Navalnyj syner landsmennene sine korleis dei kan vise mot, ønskjer Putin å vise dei at mot er nyttelaust.
Denne typen åtferd er ikkje noko nytt: Ein liknande skamlaus logikk låg bak Putins invasjon av nabolandet Ukraina i 2014, den seinare annekteringa av Krim-halvøya og framhaldet av ein lågskalakrig som framleis ulmar i Aust-Ukraina. Desse aggressive militære tiltaka kom etter ein serie prodemokratiske antikorrupsjonsdemonstrasjonar som fekk den diktatoriske prorussiske presidenten, Viktor Janukovitsj, til å flykte frå Ukraina.
Svaret frå Putin var delvis gamaldags nasjonalisme – ukrainarane hadde skipla visjonen hans om eit nytt russisk imperium – og delvis innanrikspolitikk. Det skulle vise ikkje berre ukrainarane, men òg russarane at demokrati leier til vald, at demonstrasjonar mot korrupsjon vil bli knuste, og, framfor alt, at mot ikkje nyttar.
Uavhengige medium
Faktisk er det slik at så snart du skjønar denne logikken, så snart du forstår at Putins viktigaste drivkraft er omsynet til hans eiga overleving, vert mange av dei elles uforklarlege handlingane hans begripelege. Dei bidreg òg til å forklare kvifor han langsamt er i ferd med å avvikle det som er att av uavhengige medium i Russland, inkludert avgjerda hans om å gjere det uråd for journalistane i Radio Free Europe / Radio Liberty (RFE/RL) å fungere lenger i landet.
Denne nyhendetenesta, støtta med amerikanske pengar, men redaksjonelt uavhengig av regjeringa i USA, har operert frå Moskva i 30 år, heilt sidan Boris Jeltsin inviterte reporterane deira til å følgje samanbrotet til Sovjetunionen; snart kan den russiske avdelinga deira igjen vere tvinga til å kringkaste frå utlandet.
Jamie Fly, leiaren for RFE/RL, som nyleg vart gjeninnsett i jobben etter at Trump-regjeringa gav han sparken, fortalde meg at dette skjer nett når journalistane der får fleire russiske lyttarar. Reporterar frå RFE/RL var til stades under demonstrasjonane i Kviterussland sist sumar, dei var med Navalnyj på flyet attende til Moskva, og dei har dekt kvart einaste aspekt ved rettssaka og fengslinga av han.
Inntil nyleg var Putin diplomatisk nok til å late RFE/RL i fred. Når alt kjem til alt, tolererer den amerikanske regjeringa at mykje strengare kontrollerte russiske statsmedium, inkludert kanalen RT (Russia Today), er til stades i USA, men no kan ikkje Putin tolerere verkeleg journalistikk i det heile teke.
Ukraina
Behovet for å verne regimet kan òg forklare kvifor Russland gjennomførte den svære styrkeoppbygginga ved grensa til Ukraina for kort tid sidan. Storparten av styrkane er no trekte attende etter det russarane kallar ein manøver. Det var likevel ein styrkedemonstrasjon som gjorde inntrykk: russiske tanks og utskytingsrampar for rakettar, plasserte på jernbanevogner eller i vegkanten, sirkulerte på internettet. To store krigsskip og ei mengd andre fartøy var òg komne til området.
Ifølgje Janes Defence Weekly var det den største «uvarsla utplasseringa» av russiske troppar sidan den tidlegare invasjonen i Ukraina. Russiske fjernsynskommentatorar, avantgarden i propagandaen frå Kreml, forfekta den utgamle ideen om at Ukraina førebudde krig, tilskunda av «angelsaksarane». «Vesten bur seg på ikkje mindre enn krig med oss», heitte det på statleg russisk TV.
Putin heldt sjølv ein medviten illevarslande tale for eit par veker sidan der han erklærte at «dei som organiserer provokasjonar som trugar dei grunnleggjande tryggingsinteressene våre, vil angre på gjerningane sine meir enn dei har angra noko på lenge». Truleg gjaldt dette utan omsyn til om «provokasjonane» var verkelege eller ikkje.
Strategi
Russland-ekspertar på begge sider av Atlanteren, for ikkje å snakke om ekspertar i sjølve Russland, er usamde om kva denne militære oppbygginga, som framleis gjeld på Krimhalvøya, eigentleg inneber. Mange meiner at Putin ganske enkelt spelar eit spel for å vise ukrainarane og alle andre at han kan gjennomføre ein blodig invasjon om han vil.
Nokre trur at han meiner alvor og ønskjer å fullføre jobben han starta i 2014, og okkupere mykje av sørlege og austlege Ukraina. Om dette kan høyrast aldri så vilt og dumdristig ut, så kan Putin ha strategiske grunnar til å ta denne typen risiko: Vegar og vassforsyningar til Krim ville verte sikra, Ukraina kunne miste mykje av kystlina og hamnene sine, og Russland ville dominere Svartehavet.
Om vi reknar med at Putin kunne få kontroll – og ukrainarane ville yte sterk motstand, også i form av langvarig geriljakrig – kunne han omskape Ukraina til enda eit ustabilt, omstridt og lovlaust område, fullstendig avhengig av russiske troppar. Om lag som «folkerepublikken Donetsk» som styrer ei lita stripe av Aust-Ukraina. Karta over Novorossiya, den nye staten Russland kunne skjere ut av søraustre Ukraina, som vart offentleggjorde i 2014, ligg truleg framleis her og der i Kreml, klare til bruk.
Ei anna forklaring er at Putin enno ikkje veit kva han vil, eller at han vil bestemme seg etter kvart som ting skjer. Dersom Navalnyj døyr og russarar lagar massedemonstrasjonar – ein spontan demonstrasjon oppstod i Moskva for eit par veker sidan – kan Putin trenge ein krig for å avleie dei.
Dersom Navalnyj døyr og den amerikanske reaksjonen er kraftigare enn han hadde venta, kan Putin ønskje seg ein krig i Ukraina for å vise russarane kor lite han bryr seg om kva USA meiner. Alternativt kan han rett og slett ønskje å teste president Biden, utan omsyn til kva som skjer med Navalnyj.
Medan Bill Clinton, George W. Bush, Barack Obama og Donald Trump alle trudde dei ville kome betre overeins med den russiske leiarskapen enn forgjengaren, er Biden den første presidenten sidan den kalde krigen som ikkje går inn i embetet med planar om å «rette opp att» tilhøvet til Russland. Biden har alt kalla Putin for «mordar». Putin, som er svært kjenslevar overfor det heimlege publikummet sitt, kan ønske å sjå i kva grad Biden verkeleg aktar å reagere.
USA
Biden og folka hans har enno ikkje sagt klart frå om kva dei vil svare med. Om USA skulle ha ein plan om skaffe Ukraina defensive våpen, har ikkje Biden kunngjort det. Han har heller ikkje varsla om planlagde motaksjonar, anna enn fleire sanksjonar, mot russisk desinformasjon i USA og Europa, russiske cyberåtak eller russisk bruk av gift, drap og sabotasje, ikkje berre heime i Russland, men også i Storbritannia, Tsjekkia og Tyskland, blant andre land.
Om Biden har tenkt å svare med same mynt på lengre sikt, eller kan hende ved å blokkere fullføringa av ei av Russlands viktigaste investeringar – Nord Stream 2-gassleidninga som går under Austersjøen – har han heller ikkje sagt noko om det.
Fram til no er Navalnyj den einaste personen som har ein klar strategi for å handtere Putin. Han skildra den i eit handskrive notat han sende til Jevgenija Albats, ein russisk journalist og nær ven. «Alt kjem til å gå bra», fortalde han henne. «Og om det ikkje gjer det, kan vi trøyste oss med å ha levd eit rettskaffe liv.»
Navalnyj har alt synt landsmennene sine at det er mogleg å leve eit rettskaffe liv i eit uheiderleg politisk system. Det er ein invitasjon til andre om å følgje etter. Diktatur overlever fordi dei fleste menneske ikkje er viljuge til å betale så høg ein pris.
Anne Applebaum er fast medarbeidar i The Atlantic, ho er knytt til SNF Agora Institute ved Johns Hopkins University og forfattar av Twilight of Democracy: The Seductive Lure of Authoritarianism (omsett til norsk: Demokratiets svanesang. Politikk som svikter og vennskap som tar slutt, 2021.)
Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om Navalnyj syner landsmennene sine korleis dei kan vise mot, ønskjer Putin å vise dei at mot er nyttelaust.
Navalnyj har alt synt landsmennene sine at det er mogleg å leve eit rettskaffe liv i eit uheiderleg politisk system.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.