JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

PARIS: Frankrike er i uvisse om framtida etter regjeringskrise.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

4227
20241206
4227
20241206

Kommentar

Jupiter, namnet på den høgste guden i romersk mytologi, er for lengst utnamnet på den franske presidenten Emmanuel Macron. Det guddomlege kaoset som er skapt sidan i sommar, kan visst ingen vanleg dødeleg fransk politikar, heller ikkje Macron, lett finne løysingar på.

Statsminister Michel Barnier vart onsdagskvelden 4. desember kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal i nasjonalforsamlinga, 331 røyster av 577. Prosessen hadde fleire særmerkte sider. Sidan nyvalet i juni–juli er det i parlamentet forma tre hovudfraksjonar.

Den verkelege vinnaren i valet var ytre høgre-partiet Nasjonal samling, med ymse smågrupper av ulik bonitet ikring seg, og desse har stått fast som fjell på krava sine heile tida. Dei vi brukte å samanlikne med «høgrefolk» og «sosialistar», har tvert om levd med kiv og strid internt i grupperingane sine, har i liten grad ønskt ansvar og har jamt over avvist alt samarbeid seg imellom.

Vitlaus pengebruk

Barnier var ein velrøynd forhandlar i EU og høgt respektert for den eigenskapen. Slike røynsler har ikkje strokke til dei tre månadene han har leia ei regjering. Han strekte seg truleg altfor langt for å få med Nasjonal samling (Rassemblement National, RN), især gjennom samtalar med gruppeleiaren Marine Le Pen og partileiaren Jordan Bardella.

Barnier måtte difor budsjettere med 13 milliardar meir – og då måtte det skjerast i sosiale utgifter.

Då mistillitsforslaget omsider kom frå ei venstreside som for fyrste gong klarte å samle seg om noko som helst, viste det seg at takken Barnier hausta, var at RN støtta framlegget. I botn og grunn grunngav partigruppa dette med sosiale nedskjeringar og vitlaus auke i pengebruken, ein pengebruk dei sjølve hadde sett fram krav om.

Gruppeleiaren i partiet Dei ukuelege, Mathilde Panot, var så raudglødande revolusjonær at talemåtar frå 1789 atter dukka opp. Jamvel partileiar Jean-Luc Mélenchon krympa seg, men var med på grovarbeidet for at Marine Le Pen skal få det som ho vil, kaste presidenten og sjølv flytte inn i presidentpalasset etter nytt val.

Grunnlova hindrar nyval før eitt år er gått etter det førre. Anarkistar og mørkebrune likeså tykkjest vere samde om å lage kaos for å fjerne gudar. Jamvel drosjesjåføren som køyrde meg til hotellet onsdag, vitna høglydt for meg om at no hadde han konvertert frå Dei ukuelege til Nasjonal samling, så noko vert gjort.

Dei som er att av gamle PS, sosialistpartiet, valde å ikkje akseptere invitasjonar frå sentrum–høgre-partia, liberalarar og vanlege trauste høgrefolk, som no utgjer ei tredje gruppering, til samarbeid om kompromiss. PS finn det gunstigare med ei polarisering. Dei druknar nok snarare i kaoset.

No er der ikkje OL eller andre meisterskap som kan gje Macron utsetting. Tvert om. Donald Trump har sjølv freidig invitert seg til gjenopninga av Notre-Dame laurdag 7. november. Macron utan statsministeren ved sida vil då ta seg ekstra dårleg ut.

Statleg underskot

Ulikt i USA stoggar ikkje utbetalingar, og statskontor stengjer ikkje, om budsjettet ikkje er på plass seinast 31. desember. Truleg vil ein då repetere 2024-budsjettet. Problema vert i så fall likevel mangfaldige. Ingenting er då gjort med det gedigne underskotet staten har; spørsmålet er om ein har meir kreditt å gå på, og EU lyt snart innføre sanksjonar.

Samarbeidet med Nato og EU vil lide især på grunn av den militære posisjonen Frankrike har. Militærvesenet må gjennomføre dei planane som er lagde, og får difor ein manko på 3,3 milliardar euro – og både Dei ukuelege og RN er lukkelege dersom støtta til Ukraina heretter vert minimal. Ei rekkje område vil kome i tilsvarande problem, som alle investeringane for å motverke påverknaden Kina har skaffa seg overfor tidlegare franske koloniar i Afrika.

Emmanuel Macron gjorde seg populær dels på grunn av boka Revolution i 2016. Han prøvde i liten grad å halde dei løfta han der kom med. Så tenkte han då heller ikkje over – han skreiv i alle høve ikkje om – at både i gudeheimen og i historia har revolusjonen alltid ete sine born.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis