JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

11776
20241004

FPÖ

Det høgrepopulistiske Fridomspartiet (FPÖ) er klårt største parti i Austerrike, med 29 prosent av røystene.

Partiet har ein samarbeidsavtale med Putins parti Sameint Russland.

Partileiar Herbert Kickl vil stanse sanksjonane mot Russland. Det kan få konsekvensar på EU-nivå.

Kommentar

redaksjonen@dagogtid.no

Partileiaren i Fridomspartiet (FPÖ), som vart størst i søndagens parlamentsval i Austerrike, går ikkje for å vere spesielt karismatisk. Men bak ei litt revisoraktig framtoning er Herbert Kickl ein røynd retorikar. Han starta den politiske karrieren sin som taleskrivar for Jörg Haider på 2000-talet. Her utmynta han enkle og effektive formuleringar. Saman klarte dei å dominere ordskiftet.

Mentoren Haiders politiske karriere enda brått med ei bilulukke i 2008. Etterfølgjaren held fram. No som før speler han på tvitydige utsegner, dels med røter i nazistisk retorikk. Kickl seier han vil bli «folkekanslar» i «Festung Österreich». Det første er eit omgrep assosiert med Hitler, medan «Festung Europa» var eit omgrep nazistane nytta i militærpropagandaen mot dei allierte. No er det Austerrike som skal vernast, mot asylsøkarar og krigen lenger aust.

Fokuset på innvandring er det same som før, men partiet har også fått ei ny valkampsak: Ukraina-krigen. Kickl åtvarar mot ein «Endsiegmentalität» andsynes Russland og vil stagge «blodtørsten» til meir vestvende politiske konkurrentar. Også tanken om endeleg siger kjem frå nazistisk propaganda. No vert han nytta med motsett forteikn.

Denne retorikken har fungert. Men det inneber ikkje nødvendigvis at veljarane er like ytterleggåande som Kickl. Mange er tidlegare sosialdemokratar eller skuffa høgreveljarar. Under EU-valet i juni røysta nær halvparten av alle arbeidarar på Fridomspartiet.

Den typiske FPÖ-veljaren bur på bygda og har lågare utdanning. Dei har vendt seg bort frå styringspartia. Konservative Folkepartiet og sosialdemokratane fekk høvesvis berre 26 og 21 prosent. Førstnemnde vert straffa av veljarar som er misnøgde med at dei er mellom dei som relativt sett tek imot flest asylsøkarar i EU. Ikkje minst er mange uroa for at den sitjande høgreregjeringa skal trekke landet inn i konflikten lenger aust. Då kan ein akseptere Fridomspartiet, sjølv om kanslaren kallar partileiaren ein fare for austerriksk tryggleik.

«Austerrike er kanskje eit alpeland, men Wien ligg nærmare den ukrainske grensa enn den sveitsiske.»

Nesten er nok

For pragmatiske, det er austerrikarane. Dette skjøna eg då eg skulle pakke ut frå hybelen min i Wien. Eg er vand med pertentlege skandinavar og sette i gang med å vaske alle overflater grundig, men så bykste utleigaren min inn døra og forklarte meg at dette var heilt overflødig. Det held å gjere hybelen «besenrein», å sope over golvet, sa han og rekte meg ein piassavakost: «Nestemann kjem uansett til å skitne han til idet han trør inn døra. Gjer det du treng, ikkje det du må.»

Denne haldninga, la oss kalle henne piassavapragmatisme, er typisk for det austerrikske lynnet. Det viktigaste er sluttresultatet, ikkje føremålet. Ein kan sope vekk det grøvste. Resten er ikkje så viktig, skiten kjem att uansett. I staden ser austerrikarane ironisk på tilværet, fyller opp ølglaset og seier schau ma’mal – det er ikkje så farleg, vi får no sjå.

Midt imellom

Piassavapragmatismen gjeld på makronivå òg. Det moderne Austerrike vart til som følgje av eit kompromiss: I 1945 vart landet delt mellom dei allierte, nett som Tyskland. Men ulikt naboen i nord vart Vestmaktene samde med Sovjetunionen om at landet kunne samlast att. Føresetnaden var at landet grunnlovsfeste at det skulle vere nøytralt og halde seg utanfor den kalde krigen.

Det var ei tilpassing ein levde godt med: Landet låg vest for Jarnteppet, men hadde vel så mykje historie og kultur til felles med landa bortanfor muren. Austerrike vart Vestens bruhovud inn i Austen. Wien vart vertsby for Dei sameinte nasjonane og staden der Khrusjtsjov og Kennedy kunne møtast på like fot i keisarslottet Schönbrunn. Frå byåsen Kahlenberg kunne bankfunksjonærar skode inn mot kollektivlandbruka på det slovakiske slettelandet.

Denne mellomposisjonen, den militære nøytraliteten, er eit av prinsippa nær sagt alle austerrikarar kan einast om i dag. Korleis ein skal tolke han, derimot, er ei anna sak.

BRUDEVALSEN: Austerrike har hatt eit godt forhold til Russland i mange år. Putin var æresgjest i bryllaupet til FPÖs dåverande utanriksminister, Karin Kneissl, i 2018.

Foto via Wikimedia Commons

Krig på dørterskelen

Nett dette spørsmålet har vore ein viktig del av valkampen til Fridomspartiet. Partileiaren kallar seg fredsaktivist. Dette kan verke som ein malplassert merkelapp på ein som har lova å «normalisere» forholdet til aggressorstaten Russland, men i Austerrike kan sjølv nøytralitet fungere som retorisk ammunisjon.

Kickl skuldar regjeringa for å trekke landet nærmare krigen. Slikt går heim i ei befolkning der halvparten meiner krigen må løysast ved å tvinge Kreml og Kyiv til forhandlingsbordet. Fridomspartiet har lova å kjempe mot «krigsdrivarar i EU» og å hindre at Nato «kjem inn bakdøra». Då hjelper det lite at den avtroppande regjeringa har late vere å gi Ukraina støtte i form av våpen – til stor irritasjon for europeiske naboland.

Heilt ugrunna er frykta ikkje. Det er ikkje berre freden som ser annleis ut i Austerrike. Også krigen er mykje nærmare. Austerrike er kanskje eit alpeland, men Wien ligg nærmare den ukrainske grensa enn den sveitsiske. Det går tog frå sentralstasjonen til Kyiv kvar dag. I retur har det kome tusenvis av ukrainske flyktningar.

Nærleiken kan bidra til å forklare at Austerrike aldri gjekk gjennom det same militærpolitiske stemningsskiftet som svenskane og finnane: I februar synte ei meiningsmåling at 78 prosent ville halde på nøytraliteten. At ein alt er omkransa av Nato-land og dermed ikkje må prioritere pengar til forsvar, tel neppe negativt heller.

Venar i aust

No er ikkje den prorussiske haldninga til Fridomspartiet heilt unik. Sjølv om det politiske etablissementet skodar meir vestover enn før, har dei ei lang historie med velvilje andsynes Russland. Austerrike var det første vestlege landet som byrja importere gass frå Sovjetunionen. Då muren fall, gjekk både austerrikske og russiske investorar tungt inn i marknaden i dei respektive landa, og framleis – to år etter Putins storskalainvasjon – er det berre eitt land i verda med større russiske investeringar enn Austerrike.

Eliten i dei to landa knytte band i den austerriksk-russiske venskapsforeininga, og politikarar og næringstoppar lét seg gjerne fotografere med Putin i skiheis eller over ein øl. Avdanka ministrar og kanslarar hadde éin ting til felles uavhengig av partifarge – det venta gjerne eit styreverv i eit statseigd russisk selskap etter dei hadde gått av.

Forholdet heldt seg også etter Russland okkuperte Krym. I 2018 valde den dåverande regjeringa å fornye gassavtalen. «Vi var ei Russland-venleg regjering», uttalte tidlegare kanslar Sebastian Kurz i vår. Framleis kjem 80 prosent av den austerrikske gassforsyninga frå Russland. Eg har kokt mykje pasta for Putin på gasskomfyren min i Wien.

For dei gamle styringspartia var samarbeidet først og fremst økonomisk. Fridomspartiet vil derimot også samarbeide politisk. Dei har hatt ein venskapsavtale med Putins parti Sameint Russland sidan 2016. Førre regjering sprakk då den dåverande FPÖ-leiaren vart filma idet han – godt påsegla – drøfta korleis han kunne få selt den største avisa i landet til russiske interessentar. Også avsløringa om at den russiske organisasjonen Tsargrad har drøfta korleis dei kan gi ein FPÖ-politikar «Schmattes» – wienerdialekt for drikkepengar – for å fremje prorussisk politikk i parlamentet, er urovekkande.

Overvaking og straff

Det er også situasjonen som har utvikla seg i Wien dei siste par åra. Hovudstaden er blitt eit sentrum for russisk spionasje, slik han også var under den kalde krigen. Der andre land har utvist ei mengd russiske diplomatar fordi dei driv fordekt spionasjeverksemd, har austerrikske styresmakter nølt. Det har Kreml merka seg: Etter kvart som diplomatar har vorte utviste frå nabolanda, har ein berre utferda nye diplomatpass til Austerrike i staden.

I skrivande stund har Russland like mange diplomatar i Wien som Kina, India, Indonesia og Brasil – med halvparten av folkesetnaden i verda – til saman. Derfrå kan dei reise fritt over landegrenser med diplomatisk immunitet.

Dette er bakgrunnen for at den tsjekkiske utanriksministeren i april foreslo å ta frå russiske diplomatar retten til å reise fritt gjennom Schengen. Det kjem neppe til å stoppe problemet. Ekspertar reknar med at det totalt finst rundt 7000 spionar i Wien, og dei finn ein truleg i alle samfunnslag. Lekne dokument frå den russiske ambassaden syner at Kreml sender spionar til Wien under dekke av å vere journalistar og studentar.

Brev frå byggetaten

Spionasjen er ikkje berre avgrensa til personell heller. I ein søvnig forstad aust i Wien, bak meterhøge piggtrådgjerde, ligg ei åttekanta blokk. Offisielt skal bygningen vere sete for russiske SN-diplomatar. Men då ein brysam journalist byrja sjå på satellittfoto av bygningen, synte det seg at russarane hadde bygd ut eit omfattande nettverk av overvakingsantenner på taket. Dei var retta mot kvart sitt naboland.

Også her nølte det austerrikske utanriksdepartementet med å ta tak. I staden nytta ein det kraftigaste verkemiddelet som ein har i internasjonal politikk – eit brev frå den lokale byggetaten med pålegg om å demontere antennene. Grunnen var ikkje at bygningen vart nytta til ulovleg spionasje, men at antennene var monterte utan løyve frå kommunen.

Grunnen til at styresmaktene er passive, er enkel: Austerriksk lov forbyr berre spionasje som råkar den austerrikske staten. Det gjer det fritt fram å spionere på tredjeland, og dei er det mange av i ein diplomatby som Wien. Sjølv om parlamentet har varsla at dei vil skjerpe lova, lukkast dei ikkje med dette før valet.

Det er ikkje sikkert dette var tilfeldig: Ei slik lov ville nemleg gjort det ulovleg også for andre land å drive spionasje. Det kunne blitt utriveleg å måtte arrestere amerikanarar, iranarar og kinesarar i tillegg. Ikkje minst er den austerrikske etterretningstenesta altfor svak til å handtere problemet.

Tryggleik og trugslar

Nett dette bringar oss tilbake til Kickl. Sist gong Fridomspartiet sat i regjering, var han innanriksminister og sjef for tryggingstenestene. Desse var ministeren lite nøgd med, visstnok fordi dei hadde undersøkt hopehavet mellom leiande partifolk og høgreekstreme miljø. I 2018 gjennomførte statsadvokaten, som ligg under innanriksministeren, ein væpna razzia mot etterretningstenesta. Deretter suspenderte Kickl etterretningssjefen, og organisasjonen gjekk meir eller mindre i oppløysing.

Seinare har det synt seg at utanriksdepartementet, som også vart leia av Fridomspartiet, jobba for å byggje opp ei alternativ tryggingsteneste. Krinsen rundt Kickl skal ha diskutert om etterretningsoffiseren Egisto Ott kunne vere aktuell for ein leiarposisjon der. I dag er Ott mistenkt for å ha drive russisk spionasje. Saka bidrog til at Austerrike vart stengd ute frå å samarbeide med andre europeiske tryggingstenester. Dei frykta ein trojansk hest der viktig etterretningsinformasjon kunne ende i Kreml. Det gjorde dei rett i.

Saka har fått tidlegare etterretningsfolk til å åtvare kraftig mot Kickl. Så langt har dei andre partia nekta å samarbeide med han, noko dei gjentok etter valet. Men dei politiske alternativa er sprikande, og det vil bli krevjande å einast om eit alternativ. Då er det kanskje like greitt at austerrikarane ikkje er heilt ukjende med å setje pragmatikk over prinsipp, sope det grøvste under teppet og la det stå til. Schau ma’mal!

Sigurd A. Bækkelund
er historikar og har vore praktikant ved ambassaden i Wien.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis