JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

President i naud

Zelenskyj fekk ein varm velkomst i Oslo og ein kjølig mottaking i Washington.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Volodymyr Zelenskyj og statsminister Jonas Gahr Støre i Oslo 13. desember.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

5707
20231215
5707
20231215

Då Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj landa i Oslo onsdag, kom han til vener. Støtta frå Noreg og dei nordiske landa ser ut til å vera botnsolid. Norden har ingen problem med å forstå at om Russland vinn krigen mot Ukraina, vil tryggleiken til heile Nord-Europa koma i spel. Difor vil Volodymyr Zelenskyj alltid vera velkommen til oss.

Sur stemning

Kontrasten var tydeleg til det Zelenskyj opplevde då han rett i førevegen var i Washington DC. Der var stemninga sur, ikkje minst i det republikanskdominerte Representanthuset. Typisk var det at den nye fleirtalsleiaren der ikkje ynskte å bli fotografert saman med Zelenskyj etter møtet mellom dei to.

Mike Johnson, som for kort tid sidan blei vald til leiar av Representanthuset, sa til Zelenskyj at han i og for seg gjerne såg at Ukraina fekk meir hjelp til å slå dei russiske invasjonsstyrkane tilbake. Men samstundes som Ukraina blir invadert frå aust, blir USA invadert av immigrantar frå sør. Ein kunne ikkje senda pengar for å sikra den ukrainske grensa mot Russland så lenge ein ikkje sikra den amerikanske grensa mot Mexico, argumenterte Johnson.

Uklart om støtte

Korleis det går med den amerikanske støtta til Ukraina, er i skrivande stund ikkje klart. Om politikarane i Washington lytta til Jonas Gahr Støre og høyrde korleis den norske militære og sivile støtta til Ukraina blir trappa opp, ikkje ned, er meir enn uklart. Noreg er i absolutte tal den fjerde største gjevaren til Ukraina, noko som er imponerande i seg sjølv. Men om den amerikanske hjelpa sviktar, vil det vera fatalt for den ukrainske fridomskampen. Mest sannsynleg går den amerikanske kongressen ut i juleferie i dag utan at noka ny støttepakke er vedteken.

For dei ukrainske soldatane kan resultatet bli at dei utpå nyåret slepp opp for våpen og ammunisjon. Vladimir Putin kan nytta høvet til å ta endå nokre kvadratkilometer av grannelandet. Mange fleire sivile ukrainarar vil døy i russiske luftåtak gjennom vinteren.

Ungarn set ned foten

Dei siste få vekene er det blitt kjent at EU arbeider med ei støttepakke til 50 milliardar euro, omlag den same summen som president Biden har bede Kongressen gje til ukrainarane. Så syner det seg at Ungarn set ned foten, både for hjelpepakka og for eit framtidig ukrainsk medlemsskap i unionen. Om regimet til Viktor Orbán heilt medvete går Kremls ærend, eller om ungararane berre freistar å pressa EU for meir pengar til seg sjølve, er det ingen som kan seia heilt sikkert. Resultatet er det same, nemleg at Ukraina kan bli ståande utan våpen og pengar etter nyttår.

Mens ein kranglar i Vesten, er Putin og folka hans godt fornøgde. I byrjinga av invasjonen i Ukraina i fjor vår blei Putin rett nok overraska over den sterke vestlege støtta til Ukraina. Men USA og EU-landa ville nok etter ei tid gå trøytte, hevda talsmenn for Putin-regimet. Rådville, dekadente politikarar ville enda i evige små kranglar med kvarandre, blei det hevda. Så kunne Russland berre henta inn vinsten i form av halve eller heile Ukraina.

Eit skippertak

Faktisk ser det ut til at Putin kan koma til å få i alle fall delvis rett. Vestlege politikarar var i stand til å ta eit skippertak for Ukraina, men verkeleg å ta inn over seg at verda etter 24. februar 2022 er ein grunnleggjande heilt annan stad enn det ho var før den datoen, har vore verre.

Ille nok har det vore å erkjenna at den russiske aggresjonen ikkje går over, men vil halda fram i mange år. Endå vanskelegare har det vore å forstå at det på global basis er smidd ein de facto-allianse mot den vestlege verda. Fyrst og fremst handlar det om det tette tilhøvet som tre statar har bygd opp seg imellom, nemleg Russland, Kina og Iran. Ikkje sjeldan har trioen fylgje av ein fjerde stat, Nord-Korea. På slep har desse tre eller fire landa ei rad med statar i det såkalla globale sør. Den fremste av desse er – paradoksalt nok – Nato-landet Tyrkia. Så kjem land som India, Brasil og Sør-Afrika, som frå tid til anna går saman med Russland og Kina, men som andre gonger kan stå på vestleg side om det høver dei slik.

Støtte frå Kina

Når Vesten trudde at ein fort ville ta knekken på Russland ved å innføra ein økonomisk boikott etter invasjonen i Ukraina i fjor, gjorde ein opp rekning utan vert. Den verten som har halde den russiske økonomien oppe, heiter Kina. Dei andre store landa i det globale sør, spesielt India og Brasil, skal også ha litt av «æra». Iran er for sin del i ferd med å byggja ein heil dronefabrikk i Russland. Sjølvsagt handlar den russiske suksessen for ein stor del om eit Putin-regime som systematisk gjennom fleire år la planar for å kutta dei økonomiske banda til Vesten. Men utan støtta frå Kina, og frå Iran, India og Brasil, er det vanskeleg å sjå at Putin-regimet hadde eksistert i dag. Om Putin-regimet hadde falle etter at det hadde ført Russland inn i ei økonomisk blindgate, ville også krigen i Ukraina ha vore slutt.

Kranglar i vest

Dette er altså den røyndomen me står oppe i: Russland er i stand til å halda fram krigen takka vera sterk støtte frå den økonomiske kjempa Kina, saman med store land i det globale sør. Samstundes kranglar vestlege politikarar om ulike kjepphestar, nett slik Putin har sett føre seg.

Det ligg i sjølve sakas natur at det tek lengre tid å endra politikken i eit demokrati enn i eit diktatur. Difor kan det enno ta år før heile Vesten – inkludert den amerikanske kongressen og alle EU-landa – har teke inn over seg at den nest sterkaste økonomien har gått saman med den mest aggressive militærmakta i verda i ein allianse som er retta mot oss.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis