«Prosjektet» til Arbeidarpartiet
Der Høgre meiner at staten bør understøtte privat verksemd, der meiner Ap at staten bør fungere som private verksemder gjer.
Tre store krefter omformar no staten vår. Det er den internasjonale marknadsøkonomien, som regjeringa no har lagt oss vidt open for, dinest nedgraderinga og deklasseringa av middelklassens kompetanse, lønsnivå og påverknadskraft, og endeleg samankoplinga av privat og offentleg verksemd på ein slik måte at staten kjem til å regulere all verksemd i landet, direkte eller indirekte, og i nært samarbeid med private aktørar.
Ein slik modell er dramatisk annleis enn kva vi er vane med, altså at der er samarbeid mellom stat, arbeidsgjevar og arbeidsseljar. I om lag 100 år har vi levd nokolunde lukkeleg med denne balanseringa mellom kreftene. Men arbeidstakarane vert makteslause dersom det vert fullt samvirke mellom staten, næringslivet, arbeidstakarorganisasjonane, og at alt vert sett under styring av marknadskreftene.
«Den korporative stat»
Kva er dette som Ap-representantar, ikkje minst partisekretæren, no sidan regjeringsskiftet har tala om som «vårt prosjekt»? Etter mi tru er det kort og godt ein overgang til dette som internasjonale forskarar i statsvitskap, arbeidsliv og velferd kallar «den korporative stat».
Korporativ høyrest tilforlateleg ut, vi har jo Coop og andre samarbeidsformer. Men korporativisme var ein modell som i særleg grad vart utvikla i Sør-Europa, finst der framleis og nådde sitt negative botnpunkt med Mussolini. Korporativismen treng ikkje gå dit, noko mange land har synt. Og «pluralistisk korporativisme» er gjerne framheva som noko vi driv på med i Norden.
Både Ap og Sp har sine sterke samarbeidspartnarar: LO især for Ap, men NHO er aldri borte frå rådgjevinga, Sp har Bondelaget, men også heile landbrukssamvirket, Tine, Nortura med fleire. Dette vert offisielt kalla for «korporative kanalar». Dette har vi rekna med var med på å stabilisere norsk samfunnsliv; statsmakta visste kva som gjekk føre seg i industriell produksjon og matvareproduksjon.
Må godta vilkåra
Kva om energiproduksjonen og energiprisane gjer at heile vår evne til påverknad vert fjerna? At alt berre vert automatikk, og vi ikkje har meir vi skulle ha sagt over våre arbeidsplassar og våre livsvilkår?
Den utviklinga har vi sett i alle yrke som vert drivne av middelklassemenneske. Høgre utdanning og forsking, grunnutdanning, medisin med pleie og omsorg, jamvel no i den seinare tida i kraftkrevjande industri, er ute av kontroll, og forhandlingar fører ingen veg. Arbeidstakarane lyt finne seg i dei vilkåra som vert sette opp for dei.
Dette gjeld like ned i fødestovene i helseføretaka. Korleis det skal gjerast, er ikkje godt å forstå. Men det er ikkje meininga vi skal forstå. Det er meininga vi skal lyde ordre.
Dette er det då særs mange mellom helsepersonellet som ikkje kan vere med på. No kjem der 2,5 milliardar i tillegg til helseføretaka – musepiss i havet, må ein kalle dette, sidan behovet er ovdigert mykje større. Men samstundes skal det likevel kuttast oppunder 500 stillingar i helseføretaka. Og så skal ein heller slå saman deltidsstillingar til heile stillingar. Grunn? Der er ikkje nok helsepersonell å få tak i. Logikken i denne samanstillinga av tilhøve er uskjønleg for dei fleste: ein kvittar seg med det helsepersonellet ein har, av di det er for få av dei.
Umyndiggjering
Tilsvarande logikk vert gjennomført i universitets- og høgskulesektoren, i kommunale verksemder, i svært mange samanhengar. Om vi hugsar at all lønsdanning mellom arbeidstakarar i Noreg skal fylgje Frontfagets lønsutvikling, så må vi spørje oss kva som skal skje dersom overeinskomstane mellom NHO og LO om slik lønsdanning vert forstyrra ved omlegging i det såkalla grøne skiftet. Såkalla grøn industri er efemerisk, ofte kortliva, vekslande og har ujamn lukke.
Å tenkje seg at den gedigne kompetansen i oljeindustrien skal kunne flyttast over til såkalla grøn industri, er umogleg. Altså vil fleire grøne energibaserte verksemder måtte forlite seg på arbeidarar med låg løn, og bortsett frå ekspertane, kan hende låg kompetanse. På same viset ein ser for seg å invitere ufaglærte lærarar inn i skulen, og omformulere oppgåvene på tvers av formell kompetanse for helsepersonell.
Slik vert middelklassen umyndiggjord. Gradvis har fleire og fleire fått mindre og mindre påverknadskraft i si daglege yrkesutøving. Tydelegvis ei ønskt utvikling, å dømme etter alle fråsegner frå regjeringa.
Sidan 1960-talet har ein god del forskarar og tenkjarar åtvara mot denne utviklinga: Samfunnet vert reføydalisert, den frie rolla til den einskilde borgaren og det frie ordet vert regulert av korporativt samrøre mellom stat og private verksemder – staten omdannar seg gradvis til ei form for kartell der all statleg verksemd vert tenkt og utnytta som om staten fungerer som verksemd(er) i marknaden, og alle mål vert vurderte etter resultatoppnåing og inntening.
Nyanseskilnad
No er vi der. Etter 30 år frå energilova og med ei lang rekkje justeringar der Stortinget meir og meir har gjeve frå seg makta til direktorat, stiftingar, føretak, A/S, automatisk verkande internasjonale traktatar, automatisk utrekna budsjett ut frå resultatoppnåing i føretak og andre institusjonar og kva det er for andre finurlege organ, så står vi straks like overfor den situasjonen at Stortinget ikkje har anna enn moralismen igjen å krangle om.
Då er vi ved det korporative samfunnet, der også George Orwells nytale og dobbeltale slår til, for mangt av dette kan ikkje vedgåast, men må kallast ved heilt andre, ofte motsette, nemningar av slik røyndomen faktisk er. Vi mistar språket og medborgarskapen, tilliks med den daglege kontrollen med vårt arbeid, vårt pensjonisttilvære, våre sjukdomar og alle tilstandar der vi treng noko anna enn at «fellesskapen» plukkar til seg pengane våre for å investere i prosjekt vi ikkje anar stort om.
Der Høgre meiner at staten bør understøtte privat verksemd, der meiner Ap at staten bør fungere som private verksemder gjer. Det er berre ein nyanseskilnad. Vi er på veg dit vi ikkje har stort vi skal ha sagt.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.