JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Saka om oberst K.

Ei av Natos verste feilbombingar i Afghanistan førte til drap på titals sivile. No har menneskerettsdomstolen i Strasbourg avvist klagen om manglande tysk etterforsking av obersten som gav ordre om bombinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oberst Georg Klein fotografert på den tyske forlegningen i Kunduz 6. september 2009, tre dagar etter bombinga, som han gav ordre til,  av to tankbilar og meir enn hundre personar.

Foto: Anja Niedringhaus / AP / NTB

11106
20210305

Bakgrunn

Eit flyåtak mot to kapra tankbilar i Afghanistan i 2009 kosta ifølgje Nato 142 menneskeliv – mange av dei sivile.

Den tyske obersten Georg Klein hadde bede om flybombing fordi han trudde at tankbilane skulle nyttast i eit åtak, og at personane rundt bilane var talibankrigarar. I staden var det flest sivile.

Åtaket er rekna som eit av Natos verste feilbombingar i Afghanistan.

Den tyske riksadvokaten meinte i 2010 at obersten ikkje handla i strid med korkje tysk straffelov eller folkeretten.

Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg avviste 16. februar i år hovudpunktet i anken mot den tyske staten.

Kommentar

astri.suhrke@cmi.no

Den europeiske menneskerettsdomstolen avsa 16. februar dom i saka om oberst K, som den tyske obersten Georg Klein vart kalla i rettsdokumenta. Det var eit ekko frå ein tidlegare fase i krigen i Afghanistan, skreiv ein kommentator i Tyskland, der dommen vekte merksemd.

Ekkoet nådde òg andre Nato-land som framleis er engasjerte i Afghanistan og har kryssa av i kalenderen på 1. mai 2021 – dagen då dei siste amerikanske styrkane skal ut av landet, ifølgje avtalen USA og Taliban underteikna for eit år sidan.

Kapra tankbilar

Seint på kvelden 3. september 2009 fekk oberst K melding om at Taliban hadde kapra to tankbilar og køyrt dei fast i eit elveleie. Staden låg rundt sju kilometer frå basen hans i provinsen Kunduz nord i Afghanistan, der den tyske kontingenten i Natos ISAF-styrke heldt til. Litt seinare fekk han telefon frå ein fast informant i nærleiken: Fleire talibanarar har samla seg i elveleiet og tømmer tankbilane for bensin.

Tømmer tankbilane? Kanskje fyller dei tankane med sprengstoff og køyrer inn i basen. Det vert ei enorm sjølvmordsbombe, tenkjer oberst K (ifølgje den seinare forklaringa hans). Han ber informanten om fleire opplysningar. Er alle Taliban? Ja, seier informanten. Ingen sivile. Det stemmer nok, meiner oberst K.

Det er seint på natta, tenkjer han, folk flest søv og næraste landsby er 850 meter unna. Dessutan har tyske patruljar erfart at Taliban har sterkt fotfeste i området. Oberst K kallar på amerikanske F-15-fly for å bomba tankbilane.

Nei, svarar amerikanarane. Vi kan berre senda fly dersom det er trefningar på bakken. Oberst K stadfestar trefningar («troops in contact»). Det er beviseleg feil. Styrkane hans er trygt inne på basen, dei fleste søv (klokka nærmar seg midnatt), men etter utsegna frå obersten sender amerikanarane likevel to F-15-fly. Vel framme ved elveleiet registrerer dei varmesensitive kameraa i flyet at mange menneske har samla seg rundt tankbilane.

Ein av pilotane vil fly ein låg runde over staden for å skremma bort folk før han bombar. Oberst K er usamd. Han er overtydd om at alle er Taliban, og poenget er jo å eliminera fienden, ikkje å skremma dei. Han gjev pilotane ordre om å droppa bombene.

Sivile offer

Rundt hundre menneske vart drepne og nær eit halvt hundre skadde, ifølgje FNs seinare undersøkingar. Eksakte tal er vanskelege å oppdriva sidan både tankbilar og menneske stort sett vart fortærte av flammehavet. Ein tysk patrulje kom ikkje på åstaden før neste føremiddag, nesten tolv timar seinare, sjølv om det berre tok dei eit kvarter å køyra frå basen.

Ifølgje FN var dei aller fleste offera sivile. Dei hadde kome frå landsbyen for å henta bensinen som flaut gratis frå dei havarerte tankbilane. Den seinare tyske etterforskinga stadfesta dette. Leiinga i ISAF gjorde to undersøkingar, men rapportane deira er hemmelegstempla.

Dommen i Strasbourg

Dei som hadde vona på ein skilsetjande dom, vart skuffa. Domstolen i Strasbourg tok berre opp ei prosessuell side av saka vedgåande Tysklands ansvar for dødsfalla. For Tyskland og andre Nato-land var dette prinsipielt viktig – så viktig at fleire land, inkludert Noreg, kom med støttande innlegg i retten. Dei ønskte å slå fast at nasjonale styresmakter har avgrensa ansvar for menneskerettsbrot gjorde av eigne soldatar som deltok i internasjonale militære operasjonar.

Argumentet var todelt: FN, og ikkje einskildstatar, hevda støtteerklæringa der Noreg var med, hadde rettsleg ansvar i denne saka fordi den internasjonale styrken i Afghanistan var etablert med heimel i resolusjon frå Tryggingsrådet. Den tyske staten var altså feil adresse for søksmålet. Vidare var det feil å hevda at den europeiske menneskerettskonvensjonen var gyldig utanfor Europaområdet. Det kunne redusera viljen og evna statane hadde til å delta i militære uteoppdrag. Krigens folkerett, som eksplisitt tillèt soldatar innanfor visse reglar å drepa, var det relevante lovverket. Så langt støtteerklæringa.

Domstolen var delvis samd, men fann at tyske styresmakter i alle fall hadde plikt til å etterforska. Dette hadde dei òg gjort, men utan å ta ut tiltale. Saka avslutta.

Manglande forståing

Men flammehavet i elveleiet i det nordlege Afghanistan den natta – og det tafatte rettslege etterspelet – er i seg sjølv ein knusande dom over det internasjonale engasjementet i Afghanistan. For lokale afghanarar som var direkte råka, vitnar det i første rekkje om mangel på kulturell og lokal forståing.

Abdul Hanan, som mista to små søner i åtaket og var frontmann i saka mot den tyske staten og seinare i Strasbourg, stilte spørsmål. Hugsar ikkje tyskarane at dette skjedde under ramadan, når folk ofte er seint oppe fordi dei ikkje et mellom soloppgang og solnedgang? Nettene er dessutan kjølige, og dei 850 metrane frå landsbyen til elveleiet er ikkje langt å gå når det er gratis bensin å få. Visste ikkje tyskarane at Taliban oftast opererte i små grupper på rundt ti–tolv mann – ikkje i hundretals? Kvifor stolte tyskarane på den truleg godt betalte informanten til obersten? Kvifor spurde dei ikkje folk i landsbyen etterpå om kva som hadde hendt?

Åtaket tangerer også grunnleggjande spørsmål om ISAFs tendens til utstrekt bruk av fly mot geriljasoldatar som opererte tett på lokalbefolkninga. Det gjorde det vanskeleg å overhalda kravet i krigens folkerett om å skilja legitime militære mål og sivilpersonar. Men strategien som la vekt på luftmakt, var driven av ubalansen i makttilhøvet mellom Nato-styrkane og Taliban. I Kunduz denne seine septemberkvelden var det grunnen til at tyskarane ikkje sende ut ein patrulje for å sjekka kva som faktisk føregjekk på bakken berre sju kilometer unna basen. Dette var eit Taliban-område, og ein liten tysk patrulje ville vera sårbar, spesielt i nattemørket.

Det tyske rettsapparatet innrømde ingen feil. Riksadvokatens rapport kom alt i april 2010 og slo ein vernande ring rundt oberst K. Det avgjerande var at obersten sjølv var overtydd om at ingen sivile var til stades. Den subjektive forståinga hans støtta seg vidare på objektive faktorar – nemleg god avstand til næraste landsby, og at det var nattetid.

Om det seinare viste seg at hundre sivile vart drepne, endra ikkje det saka, meinte riksadvokaten. Heller ikkje at obersten feilinformerte amerikanarane for å oppnå flystøtte. Hovudpunktet var forståinga hans av situasjonen på det aktuelle tidspunktet. Dermed opptredde han i fullt samsvar med krigens folkerett. Saka lagd bort.

1. mai-perspektivet

Frå dagens ståstad, og med tidsfristen 1. mai i sikte, vert perspektivet igjen eit anna. Gjentekne hendingar av Kunduz-typen har i åra som har gått, medverka til at det storstilte internasjonale engasjementet i Afghanistan sidan 2001 ikkje har greidd å skapa ei levedyktig regjering. Regjeringssida er framleis totalt avhengig av militær, økonomisk og politisk støtte.

Skrekkscenario om at Taliban vil kunna innta Kabul så snart amerikanarane trekkjer seg ut (raskt følgd av allierte som framleis er på plass), er baserte på overtydande data om grunnleggjande veikskapar hos regjeringa. Det er indikativt at amerikanske kjelder ikkje lenger offentleggjer informasjon om den militære utviklinga på distrikts- eller provinsbasis. Men om berre 2500 amerikanske soldatar står mellom det noverande regimet og Talibans siger, eller kaos, kva er då alternativet?

Ein amerikansk rapport frå eit utval nedsett av Kongressen landa nyleg på Joe Bidens bord. Rapporten tilrådde framleis amerikansk engasjement på det nåverande nivået, eventuelt å utsetja 1. mai-fristen med seks månader for å sjå om Taliban skifter meining når dei ser at USA står fast.

Lærdommen

Eit vedvarande engasjement vil truleg basera seg tungt på amerikansk flystøtte til afghanske styrkar. Verdien av slik støtte var tydeleg blant anna då Taliban seint i fjor gjekk på offensiven i sørlege provinsar. Berre amerikanske fly berga regjeringsstyrkane frå totalt nederlag. Men sjølv om lærdommen frå krigen i Afghanistan er at Taliban ikkje kan nedkjempast med fly, freistar den kortsiktige taktiske effekten.

Afghanske styrkar påkallar no i stigande grad støtte frå eigne fly, med tilsvarande konsekvensar for sivilbefolkninga. Ifølgje FNs siste rapport vart 341 sivile drepne og 352 såra i afghanske flyåtak i 2020, det er ein auke på 126 prosent i forhold til året før. Vedvarande amerikansk engasjement for å halda regjeringssida oppe inneberer derfor vedvarande krig og fleire hendingar som i Kunduz.

For Biden er full amerikansk tilbaketrekking innan 1. mai likevel eit smertefullt val. Presidenten vil neppe risikera at Kabul «fell» på vakta hans. Det vert sagt at han har sterke minne om det audmjukande tapet av Saigon i april 1975, då ei kaotisk evakuering frå taket på den amerikanske ambassaden fanga opp realiteten av amerikansk avmakt.

Biden var den gong ein ung senator, men åra har styrkt skepsisen hans til USA-leidd intervensjon med sikte på statsbygging. Som visepresident under Obama argumenterte han alt i 2009 mot eit breitt engasjement i Afghanistan til fordel for eit snevert fokus på kampen mot internasjonal terrorisme.

USAs tilbaketrekking

Freistnader på å utsetja tidsfristen om tilbaketrekking av amerikanske styrkar kan sjå ut som ei lovande mellomløysing i Washington. Vil Taliban endra meining om dei får nye seks månader til å tenkja seg om? Lite truleg. Dei har trass alt kjempa mot USA i tjue år. På den andre sida: Tid kan gje olbogerom til å forhandla, og kanskje kjem nye attraktive tilbod på bordet. Kanskje vert det opningar for ei interimsregjering der Taliban er med, og der økonomisk bistand og kamp mot ein felles fiende – ISIS og andre militante grupper med internasjonale band – kan verta ein del av avtalen. Optimistiske observatørar nærer håp.

I mellomtida blinkar dommen frå Strasbourg berre eit svakt varselsignal om nasjonalt ansvar for menneskerettsbrot for statar som deltek i militære utanlandsoppdrag. Og oberst Georg Klein er forfremja til general i den tyske hæren.

Astri Suhrke er forskar ved Chr. Michelsens Institutt og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ein av pilotane vil ta ein låg runde over staden for å skremma bort folk før han bombar.
Oberst K er usamd.

For Biden er full amerikansk tilbaketrekking innan 1. mai likevel eit smertefullt val.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis