JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Sjefen for dei utbomba byane

Overalt der den russiske toppoffiseren Aleksandr Dvornikov har vore, har han etterlate seg ruinar. Det ser ut til å skje i Aust-Ukraina òg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aleksandr Dvornikov fotografert i Rostov-na-Donu i januar 2021. Sidan april 2022 har han øvstkommanderande for krigen mot Ukraina.

Foto: Vasily Deryugin / Kommersant / AP / NTB

5478
20220603
5478
20220603

I april utnemnde Vladimir Putin ein ny øvstkommanderande for Ukraina-krigen. 60 år gamle Aleksandr Dvornikov fekk i oppdrag å berga eit felttog som til då hadde vore ein fiasko. Putin forstod kva han gjorde: Han sette mannen som var kjend som «Slaktaren frå Syria», i spissen for det russiske åtaket på Ukraina.

Dei siste vekene har me sett korleis Dvornikov har endra krigen. I fylket Luhansk i Ukraina var det for eit par månader sidan ein by som heitte Popasna. Fram til slutten av april hadde dei russiske invasjonsstyrkane ikkje klart å ta byen, som opphaveleg hadde 60.000 innbyggarar. Mellom husa i Popasna stod dei ukrainske forsvararane, klare til å møte dei russiske soldatane.

Det som då skjedde, var at general Dvornikov gav ordre om å henta fram det tunge artilleriet. Hus i Popasna blei jamna med jorda. 8. mai, rett før den russiske hæren skulle paradera på Den raude plassen i Moskva, rykte Dvornikovs soldatar inn i byen. Det vil seia at dei rykte inn i det som mange stader var ein ruinhaug, der det korkje var vatn eller elektrisitet, og der knapt nokon bygningar stod att.

Militære ekspertar som fylgjer krigen på nært hald, merka seg noko anna med operasjonen mot Popasna. Dei som utkjempa krigen på bakken, høyrde for ein stor del til den såkalla Wagner-gruppa og til dei tsjetsjenske avdelingane under kommando av Putin-støttespelaren Ramzan Kadyrov.

Systematisk dreping

Åtaket mot Popasna fylgde den same operasjonsmåten som ein hadde sett i Syria. I 2015 peikte president Putin ut Aleksandr Dvornikov til å leia den russiske operasjonen der. Regimet til Bashar al-Assad hadde då stått føre undergangen i lang tid, og knapt nokon ville ha sett pengane sine inn på at Assad-regimet overlevde eit eller to år til. Dvornikov sytte for at alle desse spådomane slo feil.

Måten han gjorde det på, var å bryta ned motstandsviljen til alle dei han definerte som fiendar. Byane som var tekne over av opprørsstyrkar, vart systematisk bomba. Sjølv vanlege bustadområde blei øydelagde. Infrastruktur, men òg sjukehus blei øydelagde. Byen Aleppo, der det har budd menneske i kanskje 7000 år, blei mange stader til ein ruinhaug med meir enn 30.000 drepne.

I Syria hadde Dvornikov god bruk for Wagner-gruppa. Mykje er uklart kring denne private armeen på om lag 8000 mann, men ein trur at han blir styrt av den russiske høgreekstremisten Dmitrij Utkin og av ein viss Jevgenij Prigozjin. Sistnemnde sat ni år i fengsel på slutten av sovjettida på grunn av organisert kriminalitet.

I dag er Prigozjin ein av dei Putin stoler mest på. Wagner-gruppa blir sett inn der ein treng soldatar som ikkje tek omsyn til krigens lover eller menneskerettar. Mange av dei menneskerettsbrota som alt er utførte i Ukraina, har stempelet til Wagner-gruppa på seg.

Kjennarar av det russiske forsvaret meiner at Dvornikov har vore kanskje den sterkaste talsmannen for å nytta Wagner-gruppa i Ukraina. Når ein skal bryta ned motstandskrafta i den ukrainske sivilbefolkninga, har Wagner-gruppa gjennom brutaliteten sin synt seg eineståande.

Skotne ned

I kor stor grad Dvornikov til sjuande og sist vil lukkast, står igjen å sjå. Eit stort problem for den russiske militære leiinga er at krigen i Ukraina har lite til felles med dei to vellukka krigane i Tsjetsjenia og Syria. Den viktigaste skilnaden er at Russland aldri har klart å skaffa seg fullt luftherredøme over Ukraina. Moderne, vestlege antiluftvåpen ser ut til å gjera flyoperasjonar til risikable føretak. Til dømes blei den kjente russiske generalen Kanamat Botasjev skoten ned i eit Su-25 jagarfly rett ved Popasna i slutten av mai.

Det er fleire interessante aspekt ved denne hendinga: For det fyrste var den 63 år gamle Botasjev pensjonert frå den russiske armeen for heile ni år sidan. Det er ikkje noko teikn på styrke at ein må henta inn kamppilotar som har feira 60-årsdagen for fleire år sidan. For det andre blir det spekulert i at også Botasjev hadde late seg verva til Wagner-gruppa. At denne halvprivate gruppa har fly til rådvelde, har ikkje vore kjent før.

Om Botasjev hadde den eine eller den andre distinksjonen på uniforma si, er han ein av fleire titals pilotar som er skotne ned av det ukrainske luftvernet. Om lag 20 Sukhoi-jagarfly er øydelagde, ved sida av mange russiske kamphelikopter. Det russiske flyvåpenet har mange fleire fly og pilotar dei kan henta inn, men dei kjenner tapa tydeleg.

Skal ein setja fram ein spådom for dei neste månadene, blir det at Dvornikov prøver å halda fram slik han har byrja. Den eine ukrainske byen etter den andre blir utsletta. Fyrst når det er gjort, sender Dvornikov inn soldatane sine. Dette vil halda fram så lenge den russiske hæren er i stand til å flytta fram artilleriet sitt.

Ukrainarane er på si side i ferd med å få artilleri frå Vesten som har lengre rekkjevidde enn det russiske. Men det vil ta kanskje fleire månader før dei ukrainske soldatane er i stand til å bruka dei mest avanserte vestlege våpena. Om den vestlege hjelpa ikkje kjem fort nok inn, eller det tar for lang tid å få våpena ut i dei ukrainske avdelingane, blir delar av Aust-Ukraina forvandla til øydelagde krigsområde.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er ikkje noko teikn på styrke at ein må henta inn kamppilotar som har feira 60-årsdagen for fleire år sidan.

Fleire artiklar

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis