JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Skal Vesten – og Noreg – konfrontera eller arbeida saman med Kina? Løysinga ser ut til å vera båe delar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

6225
20240913
6225
20240913

Denne veka blei det markert at Noreg, som eit av dei fyrste landa i Vesten, anerkjende Folkerepublikken Kina i 1954. Statsminister Jonas Gahr Støre har vore i Beijing, i spissen for ein stor norsk delegasjon.

Det mest handgripelege som kom ut av vitjinga, ser ut til å vera ein avtale der Noreg og Kina skal arbeida saman om det grøne skiftet. Det inneber – så langt det er mogleg å forstå – at dei to landa skal arbeida i lag for å laga betre batteri, solcellepanel og vindmøller. Om ein ser bort frå at Kina produserer meir enn ein tredel av alt CO2 som blir sleppt ut i atmosfæren frå menneskeleg verksemd, er samarbeid om fornybar energi alltid ein god ting.

Ingen frihandelsavtale

Ikkje uventa gjorde den norske statsministeren det klart at ein norsk-kinesisk frihandelsavtale, som det er blitt forhandla om i mange år, definitivt er lagd i grava. Denne avgjerda frå norsk side speglar det som har vorte den dominerande haldninga i den vestlege verda dei siste par–tre åra: Kina utfordrar den eksisterande verdsordninga.

Difor skal samarbeidet med Kina trappast ned, sjølv om ein kan halda fram på nokre avgrensa område som til dømes miljøteknologi. Alt som kan styrkja Kinas militære slagkraft, skal ein halda seg borte frå, anten det gjeld våpenteknologi, avanserte mikrochipar eller KI. Framfor alt er det viktig å sørgja for at Vesten ikkje er avhengig av Kina når det gjeld strategiske varer som telekommunikasjonar eller sjeldne jordartar som trengst i ei mengd avanserte industriprodukt.

Kinas nye verd

At Kina utfordrar den vestlege verda og særskilt USA, er ikkje ein påstand som ein må gå til vestleg propaganda for å få stadfesta. Det er noko som kinesiske talsmenn og -kvinner seier, uoppmoda, kvar einaste dag. Høyrer ein på det som blir sagt i Beijing, har alle dei økonomiske, politiske og militære initiativa som er lanserte frå Kina dei siste åra, som fellesnemnar at dei skal skapa ei ny verdsordning.

I denne nye verda er Kina den viktigaste polen, eller i det minste den viktigaste polen ved sida av USA. Aust-Asia, det økonomiske tyngdepunktet i verda, skal vera dominert av Kina, og USA skal ikkje lenger ha noko å seia der. Kina vil byggja ut eit nært tilhøve med alle land som knyter seg opp til den kinesiske økonomien. Den kinesiske valutaen yuan, ikkje amerikanske dollar, vil vera fellesvalutaen for den kinesiskdominerte økonomiske sona.

Om ein skulle ynskje å sjå korleis eit Kina-dominert Asia eller kanskje eit Kina-dominert Eurasia vil sjå ut, kan ein studera den kinesiske støtta til Russlands krig i Ukraina. Kina seier at dei er imot all innblanding i dei indre forholda i andre land. Likevel støttar Beijing den russiske åtakskrigen mot Ukraina. Årsaka finn ein i eit anna kinesisk prinsipp: Ei stormakt har rett til å hindra land ikring seg i å gjera noko som strir mot interessene til stormakta.

Ukraina gjekk imot interessene til stormakta Russland ved å leggja seg for nær opp til EU og Nato. På same måte har sjølvsagt Kina rett til å gripa inn mot land i Asia om dei gjer noko som strir mot interessene til Kina. I rettferds namn må det leggjast til at USA hadde akkurat den same politikken om ein går nokre tiår attende.

No er det 21 år sidan Irak blei invadert for å oppretthalda Pax Americana. Det ser ikkje ut til at USA legg planar for nye invasjonar i framtida. Og i motsetnad til den vestlege verda – med alle dei manglar me har – kjem ikkje menneskerettar til å spela noka rolle i den kinesiskdominerte verda. I Japan, Sør-Korea og Filippinane har dei all grunn til å ottast for demokratiet om dei hamnar i den kinesiskdominerte maktsfæren.

Kvelartak

I liten skala har Kina alt realisert framtidsvisjonen sin ved å kvela demokratiet i Hongkong og knekkja dei nasjonale rørslene i Tibet og Xinjiang. Partisjef Xi Jinping har gjort det klart at Kina om naudsynt vil erobra Taiwan med militær makt. Dessutan har Beijing ambisjon om å leggja heile Sør-Kina-havet under seg, heilt inn til fjøresteinane på Filippinane.

Langtbortelandet Noreg fekk smaka på korleis den kinesiske verdsordninga artar seg då Nobelkomiteen i 2010 gav fredsprisen til demokratiaktivisten Liu Xiaobo. Berre ved å underteikna ei såkalla norsk-kinesisk felleserklæring blei Noreg teke inn i varmen igjen. Denne erklæringa var så audmjukande for Noreg at ein må attende til dei mørkaste stundene under unionstida med Sverige på 1800-talet for å finna maken.

Så om Kina var eit lite eller mellomstort land på line med Myanmar eller Venezuela, hadde isolasjon og boikott vore eit bra verkemiddel. Men Kina er ikkje Myanmar. Vesten hjelpte Kina med å bli ei økonomisk supermakt på 1990-talet. Når ånda fyrst er sleppt ut av lampa, kan ingen ting i verda få ho tilbake att.

Eit utal historikarar og statsvitarar har peika på at ein står oppe i eit heilt klassisk scenario der den oppstigande supermakta, i dette høvet Kina, utfordrar den eksisterande supermakta, USA. I 1914 enda det med krig mellom Tyskland og Storbritannia. Det var sjølvsagt ikkje skota i Sarajevo den 28. juni 1914 som utløyste den fyrste verdskrigen, det var den tyske kjensla av at britane ville stansa Tyskland på vegen til å bli den dominerande makta på det europeiske kontinentet. Resultata av katastrofen frå 1914 til 1945 kjenner me alle.

Fleire hundre millionar

Kina har dei siste åra mangedobla talet på atomvåpen og bygd opp ein krigsmarine som har fleire fartøy enn den amerikanske. Ein kinesisk-amerikansk krig, anten han kjem i 2026 eller i 2036, vil verta mykje meir katastrofal enn den fyrste og andre verdskrigen, med mogleg tap av fleire hundre millionar menneskeliv.

Dei fleste utanrikspolitiske tenkjarane i Vesten har dette i bakhovudet. Når USA og Europa no utformar politikken overfor Kina, blir det passa på at me ikkje gjev meir fart til den kinesiske styrkeoppbygginga. Men me skal heller ikkje trengja Kina inn i eit hjørne der Beijing finn ut at dei har meir å tapa på fred enn på krig.

Ingen seier at dette blir enkelt. Utforminga av politikken overfor Kina vil bli eit problem for alle vestlege samfunn i åra som kjem.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis