Stram, strammare, Vedum
Det siste staten kan gjera i år eller neste år, er å nytta meir pengar. Spørsmålet er om Trygve Slagsvold Vedum maktar å forklara kvifor.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum og regjeringa samla seg på Klækken hotell utanfor Hønefoss måndag denne veka.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
KOMMENTAR
jon@dagogtid.no
Måndag denne veka samla regjeringa seg på Klækken hotell utanfor Hønefoss. Statsrådane skulle koma med sine ynske og krav andsynes statsministeren, finansministeren og ikkje minst finansråden. Men fyrst var finansminister Trygve Slagsvold Vedum i Politisk kvarter på NRK. Ei nær samla oslopresse håna finansministeren for det han sa eller ikkje sa der.
Erik Stephansen, politisk redaktør i Nettavisen, som har gått inn for ein makspris på straum på 30 øre per kWh, var kan henda hardast. Tittelen sa mykje: «Floskelmaskinen Vedum er snart regjeringens svakeste kort». Ingressen var om mogleg endå hardare. «Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet faller som en stein på meningsmålingene. Om du hørte Politisk kvarter på NRK i dag, så skjønner du hvorfor.»
Det som irriterte Stephansen, var at Vedum ikkje vil svara klart ja og nei på spørsmål, og spørsmåla var kva Vedum ville gjera med energiprisane og alt det andre han hadde lovd å gjera noko med før han vart finansminister. Sanninga var enkelt og greitt at Vedum ikkje hadde éi einaste ekstrakrone å gje utover dei som Støre har sagt skal gå til Forsvaret og flyktningane frå Ukraina.
Ny kvardag
Samstundes som Vedum var på NRK, sende byråkratane i Finansdepartementet ut ei pressemelding med statistikk og prognosar. I den meldinga stod det som Vedum sleit med å seia i Politisk kvarter. Tittelen var, som Stephansens, talande: «En ny hverdag for Norge». Vedum hadde fått desse orda lagde i munnen av presseavdelinga:
«De siste par årene har vært tøffe for mange, og for noen er den økonomiske hverdagen fortsatt krevende. Når det går veldig godt i norsk økonomi, må vi holde igjen på pengebruken i statsbudsjettet. Hvis ikke, kan vi få en overoppheting av norsk økonomi. Det vil føre til enda høyere inflasjon med behov for enda høyere rente. Det ville økt utgiftene til folk og bedrifter i hele landet, og det må vi unngå.»
Kva tyder «en ny hverdag»? Det er kode for at Noreg no må byrja å oppføra seg som andre nordeuropeiske land når vi lagar statsbudsjett. Vi må halda att på offentleg pengebruk, og vi må læra oss å prioritera. Problemet er berre at brorparten av den norske folkesetnaden ikkje hugsar det som ein eller annan byråkrat kallar «hverdag».
Gro
Då Gro Harlem Brundtland tok over som statsminister i 1986, tok ho over noko som eit stykke på veg hadde vore kaos i 20 år. Alle regjeringar frå Borten til Nordli til Willoch hadde nytta for mykje pengar, og midt oppi det heile fann vi oljen. Brundtland stramma inn den årlege offentlege pengebruken med 3–4 prosent av BNP – nær verdsrekord i innstramming. Ho nasjonaliserte bankane, og ho reformerte velferdssystemet. Og med hjelp frå Jan P. Syse og Eivind Reiten vart straumprisen sleppt fri.
Det heile toppa seg i 1992. Då vart toppskattane i Noreg sette ned og rentefrådraget om ikkje fjerna, så sterkt reduserte. Finansrådane i Finansdepartementet hadde vunne. Svein Gjedrem omorganiserte finansmarknaden medan han var i Finansdepartementet, og tok over styringa av renta då han vart direktør for Noregs Bank. Etterfylgjaren som finansråd, Tore Eriksen, laga Oljefondet og skapte handlingsregelen. Vi fekk eit finans- og pengepolitisk system som var botnsolid, og som kan henda, eller kan henda ikkje, også verkar i 2022 og 2023.
Flaks
Men vi hadde også flaks. For samstundes som Brundtland og byråkratane hennar gjorde sitt, reformerte Deng Xiaoping Kina, eit Kina som George Bush junior, som takk for at Kina vart med i kampen mot terror, sleppte inn i Verdas handelsorganisasjon, WTO, i 2001.
Kina gjorde to ting som Noreg naut særs godt av. Kinesarane laga varer mykje billigare enn andre, noko som gjorde at inflasjonen forsvann verda over, og kinesarane etterspurde olje og råvarer, som permanent lyfta oljeprisen høgre opp.
Noreg leverte råvarene, Kina leverte ferdigvarene. Ikkje noko vestleg land, sett vekk frå Australia, som også er ein råvareleverandør, har hatt det betre økonomisk dei siste 30 åra enn Noreg.
Vedums oppgåve er å fortelja at den tida er over. Men han møter mykje motstand, både internt, frå andre statsrådar, og eksternt, frå opposisjonen.
Stoltenberg
Det største problemet han møter, sett vekk frå eigne lovnader frå før han vart finansminister, er å forklara skilnaden på utanriksøkonomi og innanriksøkonomi. Jens Stoltenbergs kanskje mest elegante og pedagogiske formulering var denne: «Det kommer ikke sykepleiere opp av borehullene i Nordsjøen.» No er formuleringa meir sann enn kanskje nokon gong før i norsk oljehistorie.
Men den sanninga vil stadig fleire ignorera: «Det er forferdelig for verden, men isolert sett for den norske økonomien er dette vinn-vinn», sa klimaminister Espen Barth Eide til Dagens Næringsliv førre veke. Korleis vil han nytta dei nye pengane? «Krigen i Ukraina og gasskrisen i Europa gir Norge enorme petroleumsinntekter. De bør gå til grønn omstilling.»
Dagen etter, i same avis, var tidlegare klimaminister Sveinung Rotevatn samd med Eide om den grøne satsinga, men han ville noko meir, som Dagens Næringsliv summerte opp slik i tittel og ingress: «Sveinung Rotevatn (V) vil bruke gigantiske energiinntekter på ekstraordinære skattekutt: Energikrise og krigen i Ukraina gir gigantiske olje- og gassinntekter for Norge. Nå ber Venstre regjeringen dele ut ekstraordinære skattekutt allerede i vår.»
Privat konsum
Problemet er berre at dei «gigantiske» ekstrainntektene kjem i utlandet, for det er utlendingar som kjøper oljen og gassen, og ikkje nordmenn. I pressemeldinga til Finansdepartementet frå måndag var det ein tabell som fortalde om stoda i norsk økonomi. Tabellen synte særs tydeleg at norsk økonomi går uvanleg godt. I 2021 kom sysselsettinga, arbeidsdeltakinga, opp på eit nivå vi ikkje har sett sidan 2008, før finanskrisa. I år reknar Finansdepartementet at arbeidsdeltakinga vil auka med nye 2,5 prosent. Enkelt sagt: Langt færre treng trygdeinntekter, langt fleire kjem til å betala mykje meir i skatt. Men fyrst og fremst kjem nesten alle til å kjøpa seg mange nye ting og tenester.
Dette attspeglar seg i privat konsum. Finansdepartementet kom ikkje med ein lønsprognose i pressemeldinga, men dei kom med eit overslag over privat konsum som tyder på at dei ser for seg ein rekordhøg lønsvekst. Byråkratane reknar med at det private konsumet kjem til å auka med 10,4 prosent i 2022. Alt dette auka konsument fører som nemnt også til høgre skatteinntekter, både gjennom fleire i arbeid og gjennom meirverdiavgift. Likevel skal det offentlege konsumet opp med berre 0,1 prosent. Statsbudsjettet som Vedum la fram i haust, var faktisk stramt.
Finanskrise?
Ein slik auke i privat konsum kan ikkje vara ved. Sist vi såg liknande tal for privat konsum, var under Kåre Willoch. Det enda med ei av til då verdas største finanskriser og nasjonalisering av bankvesenet. Det er ikkje ein kvardag vi vil attende til.
Men dei to kanskje mest oppsiktsvekkjande tala var samla BNP for heile Noreg, og BNP på fastlandet, der nordmenn bur. I 2021 tikka samla BNP inn på 4144 milliardar. BNP på fastlandet vart på 3265 milliardar. Sokkelen stod altså for nær 880 milliardar i verdiskaping.
Produksjonen på sokkelen, trur Finansdepartementet, kjem til å gå opp med 1,9 prosent i år, og med heile 6,1 prosent neste år. Dette vil gje Noreg ein stor ekstra bytevinst mot utlandet. Det vi sel, er mykje meir verdt enn det vi kjøper. Det er denne vinsten Espen Barth Eide vil nytta på den grøne vendinga her heime og som Sveinung Rotevatn i tillegg vil nytta på skattelette.
Men det går ikkje. Får Eide og Rotevatn viljen sin, får vi stor inflasjon og ei storstilt nedlegging av norsk konkurranseutsett næringsliv, særleg eksportindustrien. Men det ser få ut til å bry seg om.
Tysdag denne veka laga NTB denne tittelen: «SV åpner for kompensasjon for dyr bensin og diesel» SV ville gje bileigarar meir pengar over statsbudsjettet, for, ja, at dei skulle få betre råd, og det altså i eit år då Finansdepartementet trur at det private konsumet skal opp med over 10 prosent, noko som igjen kjem til å føra til ein drastisk auke i CO2-utsleppa frå fastlandet, ein auke som SV seier dei er sterkt mot.
Fleirtalet rår
Men kompensasjonen ser ut til å koma, til alle bileigarar. Eit breitt fleirtal på Stortinget er for ein drivstoffkompensasjon, og eit like breitt fleirtal ser no ut til å vera for å gje næringslivet straumstøtte på lik line med private hushald og bønder. Det vil auka det private konsumet endå meir og taka endå meir pengar ut av Oljefondet.
Ja, det kan vera at vi bør gje støtte til dei som fraktar mat, for slik å hindra matvareinflasjon, som råkar dei som har minst pengar frå før. Men om drivstoffprisen vert permanent høgre, må vi som nasjon berre læra oss å leva med det, slik vi også gjorde etter oljekrisa i 1973.
Vi kan vera heilt trygge på at byråkratane i Finansdepartementet er mot både drivstoffkompensasjon til bileigarar og straumstøtte til næringslivet, som automatisk vil føra til høgre løningar. Auken i drivstoffprisane er på eit vis gudesend, sett frå Finansdepartementet. Meir enn halvparten av drivstoffprisane hamnar i statskassa. Kvar ekstrakrone til diesel dreg inn kjøpekraft.
Dei auka drivstoffprisane reduserer dessutan ikkje konkurransekrafta til norsk næringsliv, for alle dei næringslivet konkurrerer med, opplever den same auken. Det same kan vi seia om straumprisane. Sett vekk frå den kraftkrevjande industrien, som konkurrerer på ein global marknad og har lange fastpriskontraktar med låg straumpris, konkurrer norsk næringsliv stort sett berre mot næringsliv i EU og i Storbritannia. Dei har opplevd og opplever ein endå større auke i straumprisane enn norsk konkurranseutsett næringsliv.
Skilnaden
Men det er ein vesentleg skilnad på straumprisar og drivstoffprisar, og det er den skilnaden Vedum heilt sikkert fekk hjelp av finansråden til å forklara på Klækken hotell denne veka. Fastlands-Noreg produserte i 2021 157 TWh (eller 157 milliardar kWh) i straum. Berre 17 av desse gjekk til eksport, resten var konsumerte her heime. 90 prosent av kraftproduksjonen skjedde i selskap som er offentleg kontrollerte og eigde.
Ja, regjeringa har laga ein nokså raus straumpakke til hushalda, men likevel dreg staten og kommunane inn mykje meir pengar frå straumselskapa og kundane deira enn dei deler ut, i det minste førebels. Dette er ei innstramming som gjev eit tilskott til lægre oppheting av norsk økonomi. Straumpengane sirkulerer internt i Noreg.
Det gjer ikkje olje- og gasspengane. Noreg produserer 2500 TWh i olje og gass, nesten alt går til eksport. Ja, staten tener litt på dei norske avgiftene på olje og gass, men det bleiknar heilt mot det den same staten tener på eksporten. Men overskotet på handelsbalansen som olje og gass fører til, er berre éin ting: fordringar og krav mot utlandet. Vi kan berre nytta oljepengane til import av varer, tenester og delvis, men ikkje heilt, arbeidarar.
Vedum som elev
Dette har Vedum heilt sikkert lært no: Di meir oljepengar vi nyttar, di meir må vi importera frå utlandet, og di færre tilsette kan vi ha i konkurranseutsett næringsliv. Om vi nyttar ekstrapengane som Ukraina-krigen gjev, må det per definisjon verte mindre grøn satsing i Noreg, som både Eide og Rotevatn seier dei er for.
Og får nordmenn skattelette og drivstoffkompensasjon, går det private konsumet endå meir opp, noko som fører til auka inflasjon og auka renter, som igjen gjev endå mindre rom for grøn satsing.
Unge Vedum
Trygve Slagsvold Vedum vart fødd i 1978. Han hadde kanskje ikkje eit medvite tilhøve til samfunnsøkonomi som barn på 1980-talet. Men om han spør foreldra sine om korleis dei opplevde inflasjonen, jappetida og bankkrisa, får han sikkert eit tydeleg svar: «Finansministrane nytta altfor mykje pengar. Det må ikkje du gjera.»
Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi må halda att på offentleg pengebruk, og vi må læra oss å prioritera.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.