JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Syndflod: 70 år med kyrkjeleg misbruk

Den franske katolske kyrkja må få ei dramatisk omvelting.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pave Francis og franske biskopar har ei stille stund for å minnast dei 330.000 offera for geistelege predatorar i den katolske kyrkja i Frankrike.

Foto: Vatikanet / NTB

6445
20211008
6445
20211008

Sjølv pave Frans mangla mest ord då han tysdag 5. oktober skulle reagere på rapporten frå CIASE, den uavhengige kommisjonen for gransking av seksuelt misbruk i den franske kyrkja. «Dette er ein skammens dag», klarte han å seie, også han sjokkert. Og han lova ikkje berre bøn, men bot.

I 2018 vedtok det franske bispemøtet i lag med ordensansvarlege for alle nonner og munkar å setje ned ein uavhengig kommisjon for å granske seksuelt misbruk i kyrkja. Leiar vart juristen Jean-Marc Sauvé, ein høgt respektert mann med plettfri vandel i alle saker. Han har sidan 2006 vore visepresident i Conseil d’Etat, som er rådgjevar for regjering og parlament i lovsaker, dei kan avvise lover og gjere endringsframlegg om naudsynt. Sauvé er òg leiar for komiteen som godkjenner franske dommarar, og generaladvokat i dei europeiske domstolane.

Framståande fagfolk

Utvalet fekk framståande fagfolk: psykologar, psykiatrar, medisinarar, demografar, sosiologar, sosialantropologar, juristar, spesialistar i gransking av munnlege vitnemål og i arkivstudiar, forutan statistikarar. Berre eit par teologar var med. Attåt kom ein sekretær- og assistentstab og fullt samarbeid frå Nasjonalinstituttet for helse og medisinsk forsking.

Mengder av møte med alle partar, intervju, spørjeskjemaundersøkingar og analysar av arbeidsmiljø er gjennomførte. Det er gjort hundrevis av studiar i allslags offentlege og private arkiv – hemmelege nye og gamle rapportar er frigjevne. Kyrkja dekkjer kostnadene, kring tre milliardar euro.

Bispemøtet sikra seg mot at den endelege rapporten skulle gravleggjast i kyrkjelege katakombar, ved å vedta at overgrep skal etterforskast av det sivile rettsapparatet. Rapporten kom tysdag 5. oktober som ein tsunami med sjokkbylgjer: Mellom 2900 og 3200 prestar gjennom 70 år vert karakteriserte som «predatorar», og dette omgrepet er no det offisielt brukte om dei kyrkjelege overgriparane.

Reine valdtekter

Her handlar det ikkje om klaps på rumpa til korgutane. Ein svært stor del er reine valdtekter, ofte langvarig gjentekne, med påføring av fysiske og psykiske skadar som har øydelagt mange liv, irekna eit stort tal sjølvmord.

Av geistlege utøvarar lever og verkar enno oppunder 2,8 prosent. Desse og ordensbrør og -systrer har stått for 216.000 registrerte overgrep. Legg ein til handlingane til tilsette eller friviljuge lekfolk, såleis lærarar, kantorar, helsearbeidarar, speidarleiarar og andre, er det samla talet 330.000 offer. Dommar Sauvé sa med sorg i røysta i eit TV-intervju: «Når ein tenkjer på at mange av predatorane har vunne over 150–160 offer og meir…»

«Dette er fortid», meinte Ewa Bovind, prosjektleiar i arbeidet mot seksuelt misbruk i den norske katolske kyrkja, på Dagsrevyen 5. oktober. Men det er beintfram feil. 56 prosent av sakene er frå tida mellom 1950 og 1970. Men av dei resterande er talet konstant gjennom 50 år: 22 prosent i 1970–1990 og 22 prosent i 1990–2020. Berre nolevande er medrekna.

Ikkje nok med det: Som kommentar til rapporten kunne erkebispen av Strasbourg, Luc Ravel, fortelje at måndag til tysdag fekk han meldingar frå fire personar om nylege overgrep. Han meinte fleire var i kjømda. Dommar Sauvé er då òg heilt tydeleg: Desse praksisane lever i full utfalding den dag i dag. Vitnemål frå offer i alle aldrar utgjer eit vedlegg til rapporten. Ein ser her kor mangearta, brutalt og øydeleggjande misbruket har vore.

Få kjende offer

Berre 4 prosent av alle mindreårige offer er kjende av kyrkja. Sjølv om borna har gått til foreldra med det, vart det sjeldan meir ut av saka. Det vert forklåra med den makta presten tradisjonelt har hatt, og at mange har vore avhengige av kyrkja på ulike vis.

Autoritetar som kunne agert, har ikkje lagt vekt på opplevingane til offera, men vore meir opptekne av at prestar braut sølibatslovnaden. Ikkje sjeldan hevda dei at borna baud seg fram, synte lyst. Det handlar om 80 prosent gutar og 20 prosent jenter, mot 75 prosent jenter og 25 prosent gutar elles i samfunnet. Elles går om lag 50 prosent av misbruket i Frankrike føre seg i familiane. I kyrkja finn overgrepa stad på skular, sommarleirar, i helseinstitusjonar og kyrkjeliv.

Rapporten gjer framlegg om å minske makta til prestane. Rapporten avviser at det hjelper å oppheve sølibatet. Ekspertane finn at predatorane truleg ikkje er særs interesserte i vaksne kvinner eller menn; utøvinga av makt over verjelause er ei forlokkande drivkraft. Sauvé sjølv trur utøvarane har gjort medvitne val. Dette krev utreinskingar og heilt andre sikringstiltak enn ein før tenkte.

Reims-bispen og leiaren for bispemøtet, Eric de Moulins-Beaufort, sa, smått desperat, onsdag at kyrkja må gje oppreising til offera – men kyrkja er jo pengelens. Så han oppmoda til medansvar frå alle katolikkar som vil vere med på å bøte litt på skaden – gje det du kan, var appellen.

Framlegget vekte stor harme. Det vart samanlikna med å krevje at vanlege muslimar skulle bøte for terroren frå IS-islamistane. Mange krev no i staden at der det finst eignelutar hjå overgriparane, og der kyrkja kan omsetje eigedommar, må slike verdiar samlast for å skrape saman erstatningssummar.

Folkekrav

Det er lite trøyst i at det relativt sett er færre overgriparar i den franske kyrkja enn somme andre stader, no når rapporten bortimot har svimeslege det offentlege Frankrike. Vel er staten sekulær, likevel gjennomtrengjer kyrkja på fleire vis dagleglivet til storparten av franskmennene.

Kristen moral er framleis rekna som eit av fundamenta for samfunnet. Ein fransk katolsk ven av meg trur: «No kjem vel ikkje eingong dei siste 5 prosent truande i kyrkja.» Ein annan skriv at «skal kyrkja overleve dette, må dei gjennom den revolusjonen dei skulle hatt for hundre år sidan!».

Endå eit sett intellektuelle og autoritetar er utskjemde for franskmenn. Dei store kyrkjelege personlegdommane dei har kjent – i Paris erkebispar som Lustiger og Vingt-Trois, såleis – løfta aldri ein finger for å hjelpe.

Vatikanet lovar å skrive inn pedofiliforbod i kanonisk rett. Men folkekravet kan ikkje staggast: Kyrkja får ikkje ordne opp internt; politi og domstolar må i sving, slik det er lova.

Bjørn Kvalsvik Nicolaisen

Bjørn Kvalsvik Nicolaisen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Skal kyrkja overleva dette, må dei gjennom den revolusjonen dei skulle hatt for hundre år sidan.»

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis