Ungdom i kamp for pensjonar
Den nye franske pensjonsordninga gjev omdanning av levekåra for mange.
Kvifor protesterer mengder av ungdom mot pensjonsreforma, side om side med godt vaksne i gatene? Det er kan hende vanskeleg å sjå frå vår kant, men pensjonsreforma vil endre vilkåra i fransk arbeidsliv monaleg, sidan mange særrettar forsvinn.
Sett utanfrå verkar det heile uskjønleg. Det er då ingen skandale at pensjonsalderen går opp med to år, frå 62 til 64? Levealderen aukar, arbeidstilhøva er betra og staten treng inntekter til å betale pensjonar. Det nye systemet er i samsvar med systemet i andre land, i og utanfor EU.
Må arbeide lenger
Mykje av protesten handlar om at dei yngste må arbeide mykje lenger enn foreldra sine. Opptening i 43 år må til for å få topputbetaling. Då lyt ein starte som 21-åring – eller halde på til 67 år eller meir. Men: inga fransk lov utan smetthol; den mest brukte vendinga om franske lovreglar er «ouiii, en principe, mouaais, vous savez…» («jaaa, i prinsippet, meeen du veit…»). Men for full utbetaling er altså innteningstida i dag av dei høgste i Europa: 42 år.
Tidlegare har folk rekna med lokale og bransjemessige særordningar. No skal alt samordnast og vere mest mogleg likt. Mistanken er likevel at atter vil smetthol oppstå. Emmanuel Macron lova å fjerne korrupsjonen, men mange meiner no han helst har godkjent korrupt åtferd. Presidenten lova i 2016 å skape trepartssamarbeid etter skandinavisk mønster; no nektar han plent å drøfte pensjon med fagforeiningane. Desse røynslene skaper djup mistru.
Uoversiktlege avtalar
Offisielt finst 42 ulike pensjonsregime. Desse står for meir enn 1150 ulike avtalar med uoversiktlege, ofte gamle grunngjevingar. Systemet har drag like frå tidleg 1900-tal. Då sette avtalen for jarnvegsarbeidarar frå 1909 ein høg internasjonal standard. I SNCF (det nasjonale jarnvegsverket) er det no topputbetalingar for alle som starta der som 15-åringar, pensjon frå 58 år og nedtrappingsavtalar innan dess. Dessutan rett til gratis togreiser for alle i familien heile livet – og ymse andre rettar.
Tilsvarande gjeld for RATP, transportsystemet for lokaltog, metro og buss i Paris-regionen, med høgre satsar på grunn av høgre levekostnader. Sameleis er det for Electricité de France og andre i energiforsyningsverksemder, rekna slik at dei har vore så «aktive», det vil seie at dei har late seg setje inn i oppgåver der dei har måtta tole å verte flytta dit det var mest bruk for kompetansen deira, at dei får tidlegare pensjon med høg yting.
Aktivitet er eit lykelomgrep med ein særskild definisjon i systemet. Er du «aktiv», er du ein ressurs som kan flyttast på og kan ha sterkt varierande oppgåver. Pensjonsordninga skaper nokre nye motsetnader i skulesystemet, som om der ikkje var nok frå før. Dei gamle barnehage- og barneskulelærarane, utdanna før 1991, har høgre satsar og tidlegare pensjonsalder av di dei hadde så stort ansvar, kunne bli leiarar og måtte godta beordring, ulikt dei som er utdanna etter ny ordning frå 1991 av. Dei sistnemnde må arbeide lenger for same yting. Mange av desse er å finne i gatene no, saman med elevane sine.
Fleire særreglar
Det vrimlar av særreglar: for verksemder med under 50 tilsette, for lang lojalitet i visse industriverksemder, for hamnearbeidarar i den autonome Bordeaux-hamna, for sjøfolk, for notarar, for næringssamskipnader – og så bortetter i det uendelege. Advokatar hevar fleire pensjonar ut frå kva type engasjement dei har hatt, anten det er offentleg, privat eller tenesteyting i rettsvesenet. Det er tidleg pensjon for politifolk (med skilje mellom fem ulike slag politi), militære, brannkonstablar, forstmeistrar med mange fleire.
Mange av dei med ekstra tidleg pensjonering har kunna gå av tidleg og fritt halde på pensjonen i anna arbeid eller som sjølvstendig næringsdrivande. Det same galdt til no for kvinner som har fått fem born før fylte 45 år, sameleis for dei som har hatt stort omsorgsansvar i så og så mange år.
Ein viktig grunn til særordningane er hastig industrioppbygging etter krigen med personellmangel over alt. Det hadde vore enorme mannetap i to verdskrigar forutan krigane i Korea, Vietnam og Algerie. Det er skrive mykje om korleis industri, næringsliv og transportutbygging gav høgt tempo med så lite omsyn for liv og helse at folk vart utslitne og sjuke i ung alder. Difor lova François Mitterand i 1981 å senke pensjonsalderen frå 65 til 60 år – og vann valet.
Auke i utanlandsgjeld
Mitterand-perioden opna tradisjonen for underskot på brutto nasjonalprodukt og jamn auke i utanlandsgjeld. For 2021 var underskotet på 6,5 prosent, det er truleg minst 5 prosent for 2022. Etter EU-reglar skulle Frankrike vore sett under administrasjon. At så ikkje har hendt, kan kome av at Frankrike er sterkaste militærmakta i EU; styrkane er aktivt brukte for å stabilisere tilhøva i Sentral-Afrika. EU-leiinga vonar inderleg at det ikkje vil oppstå nye flyktningflaumar nordover, så ein må hindre fleire krigar.
No er det likevel slutt. EU krev budsjettbalanse. Men det er dyrtid, inflasjonen ligg godt over norsk nivå, alle kostnader stig. Folk kjenner seg skvisa, er urolege for framtida, og krangelen om pensjonar gjer at mange vil skvise presidenten attende. Macron nytta ei unnatakslov mot dei folkevalde, men seier at «massane veg ingenting opp imot lovleg valde folkerepresentantar».
Dette er opplevd som sterkt provoserande. Samtalane om at no trengst ein ny revolusjon, sprengjer seg ut av bistroane og er no å høyre overalt. Ytterfløyene i fransk politikk er dei som får næring frå snakket – om det varar lenge nok framimot presidentvalet i 2027.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.