«Ut og stjæle barn»
Russlands deportasjon av born frå det ukrainske krigsteateret rører ved kjernen i krigen.
Demonstrasjon 23. februar i år framfor EU-kommisjonens houdkvarter i Brussel mot barnebortføring frå russiskokkuperte område i Ukraina.
Foto: Olivier Matthys / AP / NTB
Bakgrunn
På oppdrag for Ukraina og 44 statar har Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE) granska den russiske tvangsflyttinga og deportasjon av ukrainske born frå krigsområda i Ukraina.
Cecilie Hellestveit sat i granskingskommisjonen saman med to andre internasjonale ekspertar.
Ekspertgruppa leverte og presenterte rapporten for OSSEs permanente råd i Wien 4. mai.

«Eg kan kjenne att eit krigsbrot når eg ser det». Utsegna frå den tidlegare amerikanske utanriksministeren Madeleine Albright, som sjølv vart tvinga til å flykte frå Nazi-Tysklands herjingar i Aust-Europa, er det lite å seie på. Men enkelte gonger er det meir krunglete.
Borna som har hamna under omsorga til det russiske barneombodet Maria Lvova-Belova, er eitt eksempel. Borna, som Lvova-Belova sjølv reiser rundt og «reddar» med TV-team på slep, utgjer kjerneoffera i saka der Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) har teke ut arrestordre mot den russiske presidenten og barneombodet hans for brot på krigens reglar i samband med krigen i Ukraina.
Mange er på denne ballen no. Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE), som har arbeidd mykje med Ukraina sidan 2014, har på oppdrag frå Ukraina og 44 andre statar produsert ein open rapport av ei uavhengig undersøkingskommisjon (den såkalla «Moskva-mekanismen») om deportasjon av born, med tilrådingar for å få slutt på denne praksisen.
Eg sat i kommisjonen og har saman med to andre internasjonale ekspertar kartlagt fakta og folkerett rundt tvangsflytting og deportasjon av ukrainske born frå krigsteateret til russiskokkuperte område eller Den russiske føderasjonen – i den grad det lèt seg gjere utan medverknad frå Russland. Kommisjonen har vore i Ukraina, men møtte stengde dører i Russland.
Kampen står om born frå dei austlege ukrainske provinsane som no er okkuperte og annekterte av Russland. Det handlar særleg om born utan vaksne til å ta vare på seg. For med president Vladimir Putin i ryggen har det russiske barneombodet ført ein politikk som signaliserer: «Lat småborna komme til meg, for slike høyrer Det russiske imperiet til.»
Det russiske perspektivet er at Russland driv med humanitære operasjonar som går ut på å frelse borna frå krigen. Sett frå Ukraina driv russarane med organisert kidnapping av ukrainske born. Ukrainarane er overtydde om at russarane gjer dette for å spe på si eiga slaviske befolkning, indoktrinere den neste generasjonen ukrainarar, vende dei mot eigen familie og nasjon og gjere dei til russarar og instrument for den russiske krigsmaskinen. Borna er på veg inn i fortapinga.
Då Russland invaderte Ukraina i februar 2022, var rundt 100.000 born i Ukraina på institusjon. Her heldt dei til fordi dei var foreldrelause eller hadde funksjonsnedsetting, eller fordi foreldra ikkje lenger hadde rett til omsorg. Men borna kunne òg vere på institusjon fordi foreldra hadde (forbigåande) dårleg råd eller andre «sosiale utfordringar» i familien. Mange av borna på institusjon hadde foreldre, og institusjonane vart nytta nærmast som kostskular.
Særleg var dette utbreidd i Aust-Ukraina, der «av-institusjonaliseringa» av barnevernet ikkje var kome like langt som i Vest-Ukraina eller i Russland. Ein betydeleg del av helsebudsjettet i Kyiv gjekk til desse institusjonane, som òg hadde mange lokalt tilsette. Å redusere støtta til barneinstitusjonar i aust vart difor til slutt for krevjande for Kyiv, fordi det vart tolka som økonomisk utarming av Aust-Ukraina. Her ligg noko av forklaringa på at barneinstitusjonane i aust var fulle av born då russarane invaderte Ukraina.
Før invasjonen vart det laga evakueringsplanar for å ta desse borna til Vest-Ukraina eller vidare til tredjeland i Europa. Men i fleire provinsar i aust avanserte dei russiske styrkane så raskt at borna vart fanga på feil side av frontlinja. Ingen «grøne korridorar» vart opna for dei. Dermed hamna ei stor gruppe born frå institusjonar midt i krigssona.
Borna vart etter kvart evakuerte av Russland til Krym, eller dei vart tekne til institusjonar i Russland, på god avstand frå krigshandlingane. Kort sagt vart borna evakuerte i tråd med Russlands plikter om å verne sivilbefolkninga mot kamphandlingar. Slik er reglane, sjølv om det er eins eigen hær som er skuld i krigen (!).
Desse borna var òg i selskap med born som drog til Russland saman med foreldra sine, fordi foreldra valde å flykte austover. Ifølge russiske styresmakter dreier det seg om minst 3,7 millionar ukrainarar med rundt 500.000 born. Det finst ikkje offentleg tilgjengelege tal på kor mange av desse som har drege vidare eller returnert til ukrainskkontrollert territorium. Born som er saman med familien sin, er heller ikkje problemet.
Evakuering av born utan anstand var i byrjinga av krigen altså ofte lovleg. Problemet er at Russland ikkje har lov til å verte sitjande med born som tilhøyrer fiendestaten, eller å frakte dei til eige territorium. Om det ikkje er samtykke frå foreldre eller verje, er det nemleg i folkeretten strengt forbode for ein krigførande part å hente born som tilhøyrer fienden, eller ha born som tilhøyrer fienden, hjå seg.
Ved fyrste augekast kan det verke som om det å frakte born ut av eit krigsområde, verne dei mot krigen, ta vare på dei, gje dei mat, hus, medisin og skulegang langt unna der krigen rasar, ikkje kan sidestillast med krigsbrot. Men ved nærare ettersyn bør bildet verte klarare. Det er krevjande å finne analogiar som rører oss i Noreg. Kanskje er det næraste vi kjem, eit mentalt slektskap med tankespinnet der ein valdeleg høgreekstrem kjem i posisjon til å oppdra born av Ap-politikarar. Det er utenkjeleg, langt utover det som kan berast.
Krigens reglar skal sørgje for at ingen av dei krigførande partane mistar framtidige generasjonar – verken til krigen sjølv eller til fienden. Fordi kvar nasjon som er involvert i ein blodig uthalingskrig, vil dyrke fram sterke og eindimensjonale fiendebilde, har borna til fienden absolutt ingenting der å gjere. Små born vert raskt assimilerte og gløymer. Eldre born vil fort få med seg at nøkkelen til overleving er å late seg «omvende». I praksis mistar ein borna sine til fienden.
Talet på born utan vaksne til å ta vare på seg aukar òg raskt i ein krig av den typen Russland har bringa til Ukraina. Mange foreldre er drepne eller har verva seg til å slåst på ukrainsk side. Og drikk du før krigen, er det lite truleg at du drikk mindre når helvetet har slege rot i nabolaget. Okkupasjonsmakta Russland har forbod mot å ta desse borna inn i eiga varetekt, altså fiendens varetekt.
Andre familiar er tvangsskilde av okkupasjonsmakta fordi foreldra er internerte. Borna til internerte («fiendtlege») sivile skal internerast saman med foreldra, eller skal passast på av andre familiemedlemmer. Dei skal ikkje under noko omstende takast inn i fiendens «omsorg». Når desse borna vert tekne til Russland, utgjer det «deportasjon» – strengt forbode under den fjerde Genèvekonvensjonen om vern av krigens offer. Har talar vi om klare krigsbrot.
Cecilie Hellestveit og ekspertgruppa under framlegginga av rapporten for OSSEs permanente råd i Wien 4. mai. Foto: OSSE
Mange ukrainarar har hatt for vane å sende born på sommarleir til Svartehavet og Krym. På seinsommaren 2022 gjorde mange foreldre i område nyleg okkuperte av Russland nett det. Dei ville sende borna til havet for at dei skulle få komme bort frå krigen for nokre veker. I mellomtida flytta fronten seg, og foreldra og borna var plutseleg på kvar si side av fronten. Foreldra var på ukrainskkontrollert side, medan borna var i hendene til den russiske okkupanten.
Den russiske okkupasjonsmakta har ikkje lagt til rette for at desse borna skal tilbakeførast, og det har vorte nærast umogeleg for foreldra å hente borna sine heim. Også her har krigens gang produsert ein situasjon der Russland bryt folkeretten ved å halde på borna.
Det er altså mange ulike måtar ukrainske born har hamna hjå fiendestaten på. I sum opererer ukrainske styresmakter per 10. mai 2023 med talet 19.393 deporterte born i tydinga ukrainske born i russiske hender. Tala kjem frå det ukrainske nasjonale informasjonsbyrået etablert under Genèvekonvensjonane i samråd med den ukrainske påtalemakta.
Heilt sentralt i striden rundt desse borna står Russlands planar for Aust-Ukraina. Borna kjem særleg frå område som Russland har annektert, i strid med folkeretten, og Russland ser på borna som russiske, eller i det minste framtidige russiske. Men det at Russland har «flytta den russiske grensa inn på ukrainsk territorium» har ingen effekt for krigens reglar. I folkerettsleg forstand er alle frå Ukraina framleis for ukrainarar å rekne.
Og det å gjere landområde til sitt eige gjennom å frakte ut fiendens born, indoktrinere dei som «gode russarar» for så å sende dei attende som russarar, er strengt forbode.
Ei hovudgrunngjeving for Putins krig som tok til 24. februar, var å «redde russisktalande» frå det Putin kalla for «folkemordet» på den russiske kulturen i Ukraina. Når omgrepet «folkemord» kjem i spel, vil fokuset oftast dreie seg mot born. Etter kvart som krigen har endra karakter og har vorte ein mobiliseringskrig på russisk side, har òg utsiktene til store offer hjå mange russiske familiar auka på. Og då trengst gode motiv. Borna som har vorte «redda» frå «dei ukrainske nazistane», gjer jobben. Russiske soldatar må førebu seg på store offer i Donbas, no omdøypt til «Russland», for å «redde borna våre». Slik har dei ukrainske borna hamna midt i den russiske krigspropagandaen.
Nokre russiske soldatar har til dømes «redda ut» born dei har funne utan tilsyn. Og då russiske styrkar trekte seg ut frå delar av Kherson hausten 2022, tok dei like godt med seg borna dei fann på institusjonar. Slik praksis bryt med forbodet mot deportasjon, og er klare krigsbrot, sjølv om den enkelte soldaten kan ha ærlege intensjonar.
Sett frå ukrainarane si side var den russiske krigsmakta hemngjerrig fordi ukrainske styrkar hadde pressa dei til å trekke seg attende. Dei stal ukrainske born på vegen for å hemne seg. Desse borna har på denne måten hamna midt i krysselden mellom to svært sterke og krigsdrivande narrativ.
Russland har dei siste åra redusert talet på born på institusjon, med god hjelp frå vestlege sivilsamfunnsorganisasjonar. Mellom anna vart talet på born på institusjon i Russland redusert frå rundt 89.000 i 2015 til rundt 43.000 i 2019. Born har det betre i fosterheim, og det er ein svært god ting for russiske born. Dersom det same systemet vert nytta overfor ukrainske born i Russland, ser situasjonen derimot heilt annleis ut. Då talar vi om krigsbrot.
Den einaste grunnen som gjev ein krigførande nasjon rett til å frakte born som tilhøyrer fienden til eige territorium, er medisinsk evakuering. Då spelar identitet eller nasjonalitet inga rolle. Men desse borna skal tilbakeførast straks behandlinga er over. Om ukrainske borna vert verande i Russland utan medisinsk grunngjeving, og Russland ikkje gjer noko for å ta dei attende til familiane sine, til eige land eller til tredjeland, er det ein situasjon som lett kan sidestillast med deportasjon, og krigsbrot.
Om Russland i staden «naturaliserer» borna, altså sender dei ut i russiske fosterfamiliar, oppdreg dei som «gode russarar» og gjev dei russisk statsborgarskap, kan det vere tale om uoppretteleg skade og alvorlege krigsbrot. Det kan òg vere tale om andre internasjonale brotsverk.
I vinter kom eit nytt element inn i saka. Då skimta vi konturane av ein meir langvarig uthalingskrig eller frosen konflikt mellom Russland og Ukraina. Det er dårleg nytt for desse borna. Når krig mellom statar er over, skal alle krigsfangar, sivile og eventuelle born hjå fienden førast attende til eigen part. Men dette tidspunktet kan la vente på seg ved ein frosen konflikt, og dei siste månadene har utsiktene auka til at Russland vert sitjande med dei ukrainske borna fordi eit slikt tidspunkt ikkje vil kome. Det er kritisk, særleg for dei yngste borna. Dei ukrainske borna i russiske hender treng andre mekanismar for å endre denne situasjonen.
Kva vert så gjort for å bringe denne forbodne praksisen til endes? Den internasjonale straffedomstolen i Haag har skrive ut arrestordre mot det russiske barneombodet Maria Lvova-Belova og den russiske lovgjevaren og presidenten Vladimir Putin for krigsbrota deportasjon og ulovleg overføring av ukrainske born. Undersøkingskommisjonen til FN, leia av den norske dommaren Erik Møse, kom nyleg med ein rapport som indikerer at praksisen er krigsbrot.
Utsikter til straff av enkeltpersonar i Russland med ansvar for denne politikken legg eit klart press på russiske styresmakter for å løyse floken med dei ukrainske borna på ein annan måte. EU-parlamentet, den amerikanske kongressen og det franske senatet har òg teke tak i temaet den siste månaden. Det skortar ikkje på politisk vilje.
Men temaet er krevjande. Borna og lagnaden deira er tett samanvovne med krigsforteljinga hjå begge krigførande partar. Ukraina er alt fullt av internt fordrivne, og det regnar missil over heile landet med jamne mellomrom.
Krigsteateret Ukraina er ikkje ein eigna stad for born utan foreldre. Vi talar også her om born med til dels store behov for omsorg. Dermed vil det vere opp til tredjestatar å trå til for å redde dei frå pågåande krigsbrot.
Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?