Konkurransen som forsvann
Den varsla bota mot daglegvarebransjen er så stor av di bransjen er så stor, seier økonomiprofessor Tore Nilssen.
Konkurransetilsynet meiner at Coop, Rema 1000 og Norgesgruppen driv med prissamarbeid.
Foto: Lise Åserud / NTB
Samtalen
Tore Nilssen
professor i samfunnsøkonomi
Aktuelt
Konkurransetilsynet prøver å gje dei tre store matkjedene 21 milliardar i bot.

jon@dagogtid.no
Denne veke varsla Konkurransetilsynet at dei vil gje dei tre store i daglegvarebransjen, Norgesgruppen, Coop og Rema 1000, ei bot på 21 milliardar for ulovleg prissamarbeid. Gjennom ei ny bransjenorm i 2010 oppretta kjedene den såkalla prisjegerordninga, som har gjeve dei tre konkurrentane tilgang til butikkane til kvarandre for å sjekka prisar. Konkurransetilsynet sa då at dette var lovleg. Men i 2018 gjennomførte Konkurransetilsynet ein razzia hjå dei tre og har truleg konkludert med at ordninga har vore nytta til eit slags prissamarbeid.
Tore Nilssen er professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo og har leidd eit offentleg utval om prisdiskriminering i daglegvarebransjen.
– Kva er gale med matkonkurransen i Noreg? Importvernet, leverandørane eller kjedene?
– I botnen ligg landbrukspolitikken. Har vi lov til å diskutera eller gjera noko med importvernet? Nei. Det ligg fast. Og gjeve at vi har dette vernet, må vi få resten av bransjen til å fungera best mogleg. Vi står att med leverandørane og kjedene. Vi snakkar om Noregs største bransje i omsetning, og vi har i praksis berre tre matvarekjeder. Det er ein veldig konsentrasjon i ein veldig stor bransje. Og det igjen gjer behovet for å finna gode løysingar endå større.
– Kvifor fekk vi denne konsentrasjonen?
– Det var av di nokon fann ut at dei kunne droppa grossistleddet, kjøpa mange butikkar og verta sin eigen grossist. Det var sånn Rimi-Hagen vart rik. Her lyt det strekast under at dette har kome folk til gode. Daglegvarene vart billigare enn før. I tillegg har det kome ei differensiering. Vi har fått store butikkar som Meny, som sel litt dyrare varer, men har stort utval, og Kiwi, som har billigare varer, men mindre utval. Ein del peiker dessutan på at Noreg har dobbelt så mange daglegvarebutikkar som Sverige, som har dobbelt så mange menneske.
– Men vi har òg relativt få leverandørar?
– Ja, vi har sjølvsagt landbrukssamvirka, men dei heng saman med importvernet. Men av dei andre merkjer spesielt Orkla seg ut. For ein del år sidan selde dei seg ut av det meste som ikkje hadde med daglegvareproduksjon å gjera, og byrja å kjøpa opp andre produsentar. Dei meinte at måten å tena pengar på var å verta store på mat og selja i breidd. Kjedene, på si side, kjøper inn produktkategoriar. Når dei får nesten alt hjå éin leverandør, vert det billigare enn å kjøpa mykje ulikt hjå mange små leverandørar. Desse går då ofte konkurs eller vert kjøpte opp av Orkla.
– Vi endar i ein konsentrasjon som skader forbrukarane?
– Nja. Det er ikkje sant at det er best for forbrukarane at vi har mange små leverandørar og butikkjeder. Men det finst nok ein meir optimal konsentrasjon enn vi har i Noreg. Det er lurt med kjeder, men det hadde nok vore betre med sju–åtte kjeder i staden for tre. Men kjedene har i sin tur svara på marknadsmakta til Orkla. Dei har byrja å kjøpa opp produsentar. Dei leverer til dømes ofte eigne brød. Rema 1000 eig nokså mange produsentar. Dei har vorte eit integrert matvarekonsern.
– Men sanninga er at prisane er nokså like, det viser til dømes VGs Matvarebørs. Det er på eit vis praktisk òg?
– No er det ikkje sånn at folk liker å gå rundt og leita etter prisar. Dette veit butikkeigarane. Når folk ikkje sjekkar, har dei ingen grunn til setja ned prisen. At prisane er like, er berre greitt om det er same låge prisen. Matbørsen i VG fungerte, i det minste før, eg har ikkje sjekka i det siste, slik at det som var med der, alltid var den lægst prisa vara i butikken. Den myslien som VG hadde i handlekorga, var alltid den billigaste. Kjedene tilpassa seg. Men for resten av varene var ikkje børsen eit effektivt overvakingsverkty.
– Men denne bota Konkurransetilsynet vil gje, er vanvitig stor. Finst det ein sjanse for at dei kan få aksept for noko slikt?
– Ho er så stor av di bransjen er så stor. Dei gav i si tid Telenor eit gebyr på nesten 1 milliard for monopolmisbruk. Gebyret vart rett nok litt lægre etter kvart, men Konkurransetilsynet gjev gebyr opp mot taket på 10 prosent av omsetninga om dei meiner skaden har vore tilsvarande stor.
– Men om bota vert ståande på 21 milliardar, må vel vi forbrukarar betala ho gjennom høgre prisar?
– Det trur eg ikkje. Hadde kjedene hatt høve til å henta ut 21 milliardar ekstra, hadde dei alt nytta høvet.
– Vi veit ikkje så mykje om kvifor Konkurransetilsynet prøver å gje denne bota. Kva trur du ligg bak?
– Det vert litt spekulasjonar frå mi side, men det kan til dømes ha med lite prissensitive varer som brød å gjera. Det er mogleg at nokre direktørar har sendt ut e-post der dei har bede dei som arbeider med prisjegerordninga, om å seia frå dersom ei kjede har sett opp prisen på brød, for slik å sjølve kunne setja opp prisen. Har det vore ein medviten bruk av prisjegersamarbeidet til å setja opp prisar, kan det vera mot ordninga og lovverket.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er lurt med kjeder, men det hadde nok vore betre med sju–åtte i staden for tre.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.