Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kor farleg er den nye Globus-III-radaren i Vardø?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Risikoen for atomkrig er mykje større no enn under den kalde krigen, meiner oberstløytnant Tormod Heier.

Foto: Forsvaret

5292
20170707
5292
20170707

VARDØRADAREN

ottar@dagogtid.no

Vert det konflikt mellom stormaktene USA og Russland, kan Vardø-radaren verta eit opplagt og tidleg bombemål.

Oberstløytnant Tormod Heier ved Forsvarets høgskole har uttalt at Russland ser på Vardø som eit mål med høg verd, og at Vardø i ei krise vil vera ein av dei første plassane som kjem til å verta sprengde.

I juni brukte The New York Times stor spalteplass på historia om den vesle norske øya i Finnmark der USA held eit auge med Russland.

I New York Times hevdar oberstløytnant Heier at det som er mest alarmerande for russarane, er at rolla til Vardø på alvorleg vis underminerer Moskvas minst omdiskuterte krav til stormaktstatus – kjernevåpenarsenalet og evna til å koma med eit gjengjeldingsåtak frå ubåtflåten i Arktis. Han meiner at den nye kalde krigen er meir trugande enn den gamle. Det er av di Russland er så mykje svakare, og dermed langt farlegare og meir uføreseieleg. Heier meiner at risikoen for atomkrig er mykje større no enn under den kalde krigen.

The New York Times viser til at Putin har plassert rakettforsvaret på toppen av ei lang liste av klagemål mot USA. På ein pressekonferanse i juni sa den russiske presidenten at det amerikanske programmet «øydelegg den strategiske balansen i verda».

MÅL FOR ATOMVÅPEN

Her i landet har det vore så godt som stille om den nye Globus-radaren. Stort sett er det NRK Finnmark som har fortalt om det som skjer i den austlegaste byen i landet og i Vest-Europa. Ingen av stortingspolitikarane frå Finnmark kjende til at det skulle byggjast ein ny amerikansk, militær radar i Vardø, før media fortalde det i fjor vår.

I tider som var litt mindre prega av kald krig – i år 2000 – fortalde den russiske generalen Leonid Ivasjon på Dagsrevyen at Russland hadde programmert taktiske atomvåpen som skulle gå til åtak på Vardø-radaren.

Nyleg åtvara den russiske ambassadøren i Noreg, Teimuraz Ramishvili, om at ein ikkje skal vere naive om Russlands evne til å svara på bygginga av radaren. Og til NRK gav han uttrykk for at det ikkje ville vera noko fredfylt Arktis meir.

SKAL OVERVAKA

I fjor fortalde etterretningssjef Morten Haga Lunde at Globus-systemet skulle få ein ny radar. Han slo fast at oppgåvene til det moderniserte og oppgraderte Globus-systemet vil vera som tidlegare.

– Det vil følgja og kategorisera objekt i rommet, overvaka det nasjonale interesseområdet vårt i nord og gjennomføra innsamling til nasjonal bruk innan forsking og utvikling, la Haga Lunde til.

Dei to radarsystema like utanfor bykjernen i Vardø skal operera saman og gje auka kapasitet. Frå Vardø er det fri sikt mot Kola-halvøya og eit russisk territorium med marinebasar og militære soner.

Men både russiske generalar og mange nordmenn har avvist teorien om at det er romskrot Vardø-radaren skal følgja med på. Russiske generalar trur at den nye Globus III-radaren er ein del av Pentagons forsøk på å utvikla eit globalt rakettforsvarssystem; radaren kan verta eit førstemål for eit åtak ved ein konflikt, skriv The New York Times.

VIL PRIORITERA ARKTIS

Samstundes har Russland gjeve uttrykk for at dei vil styrkja og prioritera den militære og økonomiske rolla si i Arktis. President Vladimir Putin har lova å gjera Russland til ein dominerande partnar i spelet om det høge nord når klimaendringar opnar for nye skipsfartsruter frå Asia til Europa, nye gass- og oljeprosjekt vert aktualiserte og dette området vert ein ny arena for stormaktsrivalisering.

Til The New York Times viser Katarzyna Zysk – førsteamanuensis ved Institutt for forsvarsstudier i Oslo – til at grunnfjellet for dei russiske arktiske ambisjonane er Russlands kjernevåpen og marine strategiar. Der står Borei-utbåtane sentralt. Det er snakk om ein ny generasjon våpen som kan bera minst tolv ballistiske rakettar som er utstyrte med fleire atomstridshovud. Russland har planar om å byggja minst åtte slike ubåtar, som vert ein del av den russiske nordflåten.

FRYKTAR KONFRONTASJON

USA har hevda at målet med rakettforsvaret er å verna seg mot rakettar frå statar som Iran og Nord-Korea. Men sidan Russland er langt veikare enn USA når det gjeld konvensjonelle våpen, ser russarane på det amerikanske forsøket på å utvikla eit rakettskjold som eit direkte trugsmål mot det eine feltet som Russland framleis kan konkurrera på: kjernefysisk avskrekking.

Professor og radarekspert Theodore Postol ved Massachusetts Institute of Technology er blant dei som har vore kritiske til etableringa av Vardø-radaren. Han meiner at tidspunktet å etablera Globus-III-radaren på er uheldig. Han har òg uttalt at det vert sett på som eit svært alvorleg døme på USAs vonde hensikter overfor Russland. Då planane vart klare i fjor, gav han uttrykk for at det berre er eit spørsmål om tid før opprustinga fører til ein eller annan konfrontasjon mellom Russland og Kina og USA og Nato.

Den amerikanske professoren fryktar at USA med hjelp av radarsystemet og andre militære anlegg skal kunna skyta ned atomrakettar frå Russland over Nordpolen, og at Russlands atomvåpen skal verta sett ut av spel. Den russiske frykta handlar om at USA kan gå til åtak på Russland utan at Russland kan svara med motåtak.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Radaren kan verta

eit førstemål for

eit åtak ved ein konflikt».

The New York Times

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis