Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kregda kjem!

Poliovaksinen er det få som tvilar på. Kva er då problemet med meslingvaksinen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

2801
20180112
2801
20180112

– Du hadde kregda då du var lita, fortel bestemor meg.

– Meslingar, meiner du?

– Den gongen heitte det kregda, seier ho.

Augebryna mine trekkjer seg mot kvarandre.

– Det kan ikkje stemme, eg er jo vaksinert! seier eg. Eg sit bak laptopen i romjula og les om meslingar. Det er nesten så Mac-skjermen får utslett.

– Eg veit eg slapp unna med éin vasskopp då syster mi var full av dei, men eg har vel aldri hatt meslingar? spør eg igjen.

– Jau, det meiner eg du hadde. Du får spørje mor di, seier ho, tek med seg juleposten sin og går.

Eg vender andletet attende mot skjermen. «Flere hundre svensker kan være meslingsmittet», står det. NTB er først ute, men straks har dei fleste i dagspressa bilete av meslingutslett i avisa. Det får meg til å tenkje på Theodor Kittelsens Pesta-teikningar av den vesle, skumle hekseaktige skapnaden som skulle vere svartedauden personifisert. Då vi såg film om svartedauden det første året på ungdomsskulen, var eg redd lenge etterpå.

For meslingar er den farlegaste av barnesjukdommane. Han er så smittefarleg at minimum 95 prosent av befolkninga vere immune før alle er verna, seier immunolog og professor Anne Spurkland ved Universitetet i Oslo til forskning.no. Før vaksinen kom, fekk så mange som 99 prosent sjukdommen, og i Noreg har 74 kommunar enno for få fullvaksinerte ungdommar. Viruset kan gje immunforsvaret minnesvikt i opp til tre år etter sjukdommen, og føre til hjerneskade og død. I dag døyr 134.000 menneske i verda av viruset årleg, ifølgje WHO. Dei fleste av dei er barn. Kva er det då som gjer at denne sjukdommen blomstrar opp att i rike land, og ikkje poliomyelitt, til dømes?

Eg hadde «minimeslingar» då eg var lita, ein reaksjon på at MMR-vaksinen fungerte. Meslingutslettet gjev ikkje like fæle assosiasjonar som polio. Då eg besøkte ein skule for funksjonshemma og funksjonsfriske i India i 2014, sat fleire av elevane i rullestol eller nytta krykkjer på grunn av lammingar. Andre utslettsjukdommar, som vasskoppar, er ikkje så farlege. Då er autisme skumlare. Og det første som dukkar opp når du søkjer opp «vaccine» i Google, er setninga «vaccines cause autism».

Faktum er at vaksinen er det lækjemiddelet i verda som har færrast biverknader, og autisme er ikkje ein av dei. Og for dei 500 menneska i Noreg med immunsviktsjukdommar er både vaksinen og meslingviruset dødeleg. Vi treng flokkimmunitet. Vi treng obligatorisk vaksinasjon av alle som jobbar på helsefeltet. Kanskje skulle eg òg teikne eit skrekkfilmaktig lite barn med hud øydelagd av utslett, motoriske skadar som følgje av hjerneskade og rigor mortis som følgje av død, og kalle det kregda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg veit eg slapp unna med éin vasskopp, men eg har då vel aldri hatt meslingar?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB

Ordskifte
Thomas Mo Willig

Fotball og laksediplomati

Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn
Atle Grønn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Ein kosmetisk klinikk i Miami i USA reklamerer for såkalla BBL-behandling, der filler blir injisert i rumpa.

Foto: Ellis Rua / AP / NTB

HelseSamfunn

Ein bransje full av skrukkar

2025 blir eit rekordår – også for fiksing av fjes. Noreg er eit av få land i verda der styresmaktene ikkje bryr seg med kven som injiserer kva.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis