KrF og spørsmålet om livets rett
KrF står lenger og lenger unna både tidsånda og andre politiske parti i abortsaka. No snur tidlegare motstandarar av abortloven og bed partiet endre standpunkt.
Abortloven, loven om sjølvestemt abort, vart vedteken av Stortinget i 1975. På plakaten til Folkeaksjonen mot selvbestemt abort står det: «610.000 sa nei», men det er 47 år sidan.
Foto: Vidar Knai / NTB /
Sjølvbestemt abort
Inneber at kvar enkelt kvinne sjølv bestemmer om ho vil ta abort, fram til utgangen av tolvte veke i svangerskapet.
Abort etter veke 12 og fram til veke 18 må verte godkjent av ei nemnd og kan berre innvilgast på visse vilkår. Vilkåra kan vere omsyn til helsa og livssituasjonen til kvinna, at det er stor fare for alvorleg skade på barnet, eller at kvinna har vorte gravid som mindreårig eller etter seksuelle overgrep.
Etter veke 18 i svangerskapet skal det svært tungtvegande grunnar til for å få innvilga abort, og det vert ikkje innvilga dersom det er truleg at fosteret er levedyktig.
Kjelde: Norsk helseinformatikk

Politikk
eva@dagogtid.no
KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland går no ut og bed KrF gje opp motstanden mot dagens lov om sjølvbestemt abort fram til tolvte svangerskapsveke og i staden konsentrere seg om å kjempe mot ei utviding av abortgrensa.
Utspelet er på eitt vis overraskande. Då Bjuland i 2019 vart vald til nestleiar i ungdomsorganisasjonen, var han etter eiga utsegn «veldig opptatt» av at KrF framleis skulle seie tydeleg nei til sjølvbestemt abort. «Hvis fosteret er et liv, så rokker selvbestemt abort ved menneskeverdet», sa han til Vårt Land då.
Samstundes er det han seier no, heilt i tråd med det ungdomsorganisasjonen har stått for tidlegare, då programmet deira sa at «den som må ha det siste ordet, likevel er kvinna».
Sett i lys av dei politiske realitetane, er utspelet heller ikkje overraskande. Arbeidarpartiet, SV, Miljøpartiet Dei Grøne, Venstre og Raudt har alle gått inn for å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til veke 18 eller veke 22, og i sommar vart det sett ned eit offentleg utval som no vurderer alternativ til dei omdiskuterte abortnemndene som i dag må godkjenne abortar etter tolvte svangerskapsveke. Det kan verte ei vanskeleg øving for KrF å argumentere truverdig for å verne om dagens lov og grensa på tolv veker, når partiet sjølv går inn for å vrake den same loven. For ikkje å snakke om kor mykje lenger unna partiet no er å få gjennomslag for å fjerne retten til sjølvbestemt abort.
Åleine att
Medan haldninga til abort i samfunnet og i andre politiske parti har vore i gradvis endring, har ikkje abortstandpunktet til KrF rikka seg sidan 1970-talet. Den gong var abortsaka både samlande og mobiliserande for partiet og gav valresultat på både 11,9 og 9,7 prosent.
Då KrF i 1978 røysta imot å innføre sjølvbestemt abort, stod partiet òg saman med dei andre borgarlege partia, Høgre, Sp og Venstre, og loven vart vedteken med berre éi røysts overvekt i Lagtinget og med presidentens dobbeltrøyst i Odelstinget.
KrF la til grunn at det ufødde livet heilt frå befruktninga av er eit sjølvstendig individ som har krav på rettsvern frå samfunnet, og at det såleis ikkje kan vere ei privatsak å ta ei avgjerd om abort. Men medan partiet meinte abort berre kunne aksepterast dersom det var fare for mors liv, eller fare for alvorleg og varig fysisk eller psykisk sjukdom hjå mor ved å fullføre svangerskapet, meinte Høgre og Sp at abort også kunne forsvarast ut frå sosiale omsyn, ved arvefeil hjå foreldra eller fare for arvefeil eller skade på fosteret.
I 1979, året etter lovvedtaket, byrja Høgre å røre seg endå lenger vekk frå KrF, då enkelte i partiet snudde og gjekk inn for sjølvbestemt abort. Tre år seinare la den reine Høgre-regjeringa til Kåre Willoch sjølv fram ei stortingsmelding som verna om retten til sjølvbestemt abort.
Frå og med valet 2001 har heller ikkje Senterpartiet vore imot sjølvbestemt abort, og KrF er i dag einaste parti på Stortinget som vil erstatte dagens abortlov.
Samlesak og kranglesak
Alt tidleg på 1980-talet byrja abortsaka òg å skape usemje internt i KrF. Fleire melde seg ut i 1981, etter eit landsmøtevedtak frå Tønsberg, som slo fast at KrF ikkje kunne gå med i ei regjering som ikkje gjekk inn for å oppheve retten til sjølvbestemt abort.
Og i 1989 føreslo tidlegare KrFU-leiar og dåverande sentralstyremedlem Kristin Aase at partiet burde leggje vekk motstanden mot sjølvbestemt abort og heller jobbe for å samle brei støtte til andre tiltak for å få ned aborttala. Aase møtte det ho omtalar som «full blokkering» og «ingen rom for diskusjon». Dagfinn Høybråten meinte ho burde ekskluderast, og dåverande partileiar Kjell Magne Bondevik gjekk med på å hindre at ho vart innstilt til nye sentrale verv. Ho trekte seg sidan frå partiet.
Ifølgje Aase fekk ho derimot òg mykje støtte internt, og det var mange som meinte det same som ho.
– Eg fekk støtte frå mange, og det er fleire som i ettertid har angra på at dei ikkje gjekk ut offentleg. Men eg åtvara jo også andre den gongen og sa at det ikkje var lurt å gjere dersom dei kunne tenkje seg ei framtid i partiet, seier Aase til Dag og Tid.
Sidan er det ikkje mange i KrF som har flagga eit liknande syn offentleg. Nokre av dei som har gjort det, er Gunstein Instefjord og Berit Aalborg, som var KrFU-leiarar på slutten av 1980-talet og på byrjinga av 1990-talet, og seinare tids KrFU-leiarar som Emil André Erstad, Ida Lindtveit Røse og Martine Tønnessen.
Då dåverande KrF-nestleiar Olaug Bollestad i 2014 vart sitert i Vårt Land på at ho ønskte ei ny og pragmatisk haldning til abort, var det òg fleire i partiet som gav henne støtte, men dei understreka samstundes at programmet til KrF – med mål om å erstatte dagens abortlov med ein lov som sikrar fosteret livsvern – stod ved lag. I 2019 sa Bollestad til Aftenposten at ho ikkje ville ta initiativ til å endre KrFs abortsyn.
Aase trur det har vorte fleirtal for dagens abortlov i partiet – i alle fall før det opprivande retningsvalet og alle utmeldingane frå partiet hausten 2018 og våren 2019.
Tidlegare Vårt Land-redaktør Helge Simonnes trur òg at partiet eigentleg har slått seg til ro med sjølvbestemt abort.
– Det har ikkje vorte slått fast offentleg, men det har gradvis vorte standpunktet som gjeld, seier han.
Ingen omkamp
I røynda har KrF akseptert dagens abortlov heilt sidan 1983, då partiet gjekk vekk frå det omtalte Tønsberg-vedtaket og inn i Willoch-regjeringa – ei regjering som var for sjølvbestemt abort.
Partiet har sidan jobba for reservasjonsrett for legar som ikkje vil utføre abort, for å fjerne 2c – paragrafen i abortloven som opnar for abort også etter tolvte svangerskapsveke dersom det er stor fare for at barnet kan få alvorleg sjukdom – og mot såkalla fosterreduksjon, som vil seie abort av eitt eller fleire foster i eit fleirlingsvangerskap. Av desse kampsakene er det berre den siste som direkte har rokka ved reglane om sjølvbestemt abort fram til tolvte svangerskapsveke.
Tidlegare partileiar Knut Arild Hareide seier spørsmålet om sjølvbestemt abort har vore relativt lite diskutert i partiet.
– Vi har halde oss til den politiske realiteten. Det er som Nato-saka for SV. SV-arar kan gå inn i ei regjering som er for Nato, fordi dei veit at dei uansett ikkje har støtte til å gjere noko med saka, seier han.
Han legg til at Bollestads forsøk på å løfte spørsmålet om sjølvbestemt abort i 2014, ikkje kom overraskande på han, og at han òg hadde forståing for initiativet.
Hareide leidde KrF i nær åtte år frå 2011.
– I denne tida la vi ikkje fram noko forslag i Stortinget om omkamp om sjølvbestemt abort, og det er jo talande, seier han.
Symbolmarkeringar
Med jamne mellomrom legg KrF fram forslag om å grunnlovsfeste retten til liv frå befruktning til naturleg død, men forslaga får ikkje støtte frå andre parti. Den til no siste avvisinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen til eit slikt forslaget er frå mai 2019 og på berre åtte setningar.
Simonnes kallar forslaga reine symbolmarkeringar.
– Det er ei slags øving i å syne at abortsaka er ei stor sak for KrF. Ho har jo vore det, men det går ikkje å seie at ho er det no. Partiet står ikkje på barrikadane mot sjølvbestemt abort lenger. Det er ikkje noko KrF kjempar mot, seier han.
KrF kan ikkje seiast å ha hatt stor suksess med den restriktive lina i andre abortspørsmål heller. Rett nok fekk Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad stramma inn reglane for fosterreduksjon av friske foster, eller fjerna høve for sjølvbestemt tvillingabort, då partiet gjekk inn i regjering med Høgre, Venstre og Frp i januar 2019. Som ei følgje skal alle søknader om fosterreduksjon no handsamast av dei same abortnemndene som tek stilling til abortsøknader etter tolvte veke.
Men spørsmålet om fosterreduksjon handla om særs få tilfelle i utgangspunktet, og ifølgje Aftenposten hadde lovendringa etter eitt år ikkje ført til færre tvillingabortar. Den langt meir vidtrekkande paragraf 2c, som dessutan også var viktigare for KrF, fekk partiet ikkje gjort noko med.
No er dessutan reglane om fosterreduksjon til vurdering igjen, av det same abortutvalet som skal sjå på alternativ til abortnemndene, og som dermed kan føreslå ei utviding av grensa for sjølvbestemt abort.
– Når det gjeld politikken som har vorte ført i Noreg, er abortsaka for KrF ei forteljing om tapte slag. Det er ingen tvil om at KrF er i klart mindretal, og at utviklinga går i motsett retning av det partiet står for, oppsummerer Vebjørn Selbekk, som er sjefredaktør i avisa Dagen.
– Mest å tape
I kva grad oppmodinga frå KrFU-leiaren no får følgjer i KrF, står att å sjå. Bjuland seier han har fått ulike tilbakemeldingar så langt, og vedgår at partiet er delt i saka.
Simonnes trur på si side at mange i KrF no tek til å innsjå at abortloven trengst, og at dei må bruke kreftene på å kjempe for ei tolvvekersgrense i staden for ei innstramming.
– Partiet har fått smake følgjene av å få gjennom ei lita innstramming i samband med regjeringsdanninga i 2019, og sett kor vanskeleg det terrenget er. Plutseleg står dei i ein situasjon der dei må kjempe for det dei har vore imot prinsipielt. I tillegg trur eg det som har skjedd i USA sidan Trump byrja å bruke abortsaka politisk i 2015, har sett ein støkk i KrF, ikkje minst etter kaoset som har oppstått etter den nye avgjerda til høgsterett i USA. Det syner at alle land treng ein abortlov, seier han.
Selbekk er blant dei som meiner KrF, som for tida ligg godt under sperregrensa, har meir å tape enn å vinne på å gje opp motstanden mot sjølvbestemt abort.
– At abortsaka har vore ei tapssak for partiet, betyr ikkje at ein må gje opp overtydinga si. Når ein meiner at eit menneskeliv startar ved befruktninga, er det verdt å kjempe for uansett korleis lovverket ser ut. For mange på grunnfjellet i partiet er det ufødde livets verdi og menneskeverd ei svært viktig sak. Er det slik at dei må røyste på eit parti som er for sjølvbestemt abort uansett, trur eg mange like gjerne kan røyste noko anna enn KrF. Det er ikkje slik at dei nødvendigvis er så entusiastiske overfor KrF generelt, meiner at partiet har ein så genial økonomisk politikk, eller er så fantastisk på andre måtar, seier han.
– Målet står ved lag
Bjuland meiner KrF ikkje har noko godt alternativ til dagens abortlov, og han seier han heller ikkje ser noko samfunn der det å stramme inn abortloven har vore vellukka.
– For meg handlar dette fyrst og fremst om at eg opplever KrF som utydeleg i abortspørsmålet no. Vi seier vi ønskjer ein ny lov som sikrar fosteret rettsvern, men vi kan ikkje seie korleis den loven skal sjå ut. Med slike diffuse standpunkt lèt vi det vere opp til meiningsmotstandarane våre å definere kva vi meiner, og vi gjer det heller ikkje lett å navigere for veljarane, seier han.
Han understrekar at han ikkje vil gje opp kampen mot paragraf 2c, og at han framleis ikkje er for abort.
– Men vi er heller ikkje for eit abortforbod. Vi vil ha ned aborttala, det målet står ved lag. Eg trur likevel det må skje med andre verkemiddel enn å fjerne sjølvbestemminga. Abortar kjem til å skje uansett om vi likar det eller ikkje, men eg erkjenner at det må regulerast på ein måte, og no har dagens lov om sjølvbestemt abort lege der i 50 år, seier han.
– Du er ikkje redd de skal støyte frå dykk veljarar om de skiftar standpunkt no?
– Kampen for det ufødde liv står ved lag, og standpunktet mitt betyr ikkje noka stor endring frå dagens praksis, så det burde ikkje få store utfall, men eg har forståing for at saka er vanskeleg, seier Bjuland.
Kjelder:
Kristelig Folkeparti. Mellom tro og makt, redigert av Olav Garvik
Tru og makt. Kristeleg Folkepartis historie 1933–2008, av Kåre Olav Solhjell
Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk, av Emil André Erstad
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Abortsaka for KrF er ei forteljing om tapte slag.
Vebjørn Selbekk, sjefredaktør i Dagen
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?