JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12613
20240426
12613
20240426

Media

christiane@dagogtid.no

1945: Ei mektig soppsky over Hiroshima og Nagasaki. 1972: Ei naken ni år gammal jente i sprang frå napalmbombene i Vietnam. 2015: Ein tre år gammal syrisk gut i raud T-skjorte, skyld i land på ei tyrkisk strand.

Historia er full av ikoniske fotografi som er med på å forme den oppfatninga vi har av viktige hendingar. Historia er også full av fotografi som er oppstilte, manipulerte eller har utsnitt som villeier meir enn dei opplyser.

Kombinasjonen krig, informasjonsrevolusjon og kunstig intelligens (KI) er likevel relativt ny, og har potensial i seg til å utvikle seg til ein svært giftig cocktail. Enkelte spør seg no om fotografiet innan kort tid kan komme til å miste den dokumentariske verdien sin.

Biletet av syriske Alan Kurdi, livlaus på ein tyrkisk strand, har gått verda over, etter at det vart teke i september 2015.

Foto: Nilufer Demir / Ap / NTB

Biletet av Phan Thi Kim Phuc som skrekkslagen spring frå napalmbombar på heimstaden i Vietnam.

Foto: Nick Ut / Associated Press

Presseetisk ideal

Definisjonen av eit dokumentarfotografi vert skildra omtrent slik i Store norske leksikon: Det skildrar røynda med autentiske personar, miljø og hendingar.

Det same idealet, altså, som fotojournalistar held høgt, verda over. Om eit dokumentarfoto ikkje kan vise «heile biletet» i ein situasjon, kan det gje oss viktig innsikt. Om det objektive fotografiet er ein illusjon, får vi like fullt sjå ein bit av sanninga.

Når presse- og krigsfotograf i VG Harald Henden vert tildelt Fritt Ords pris 2024, kan det tolkast som ein hyllest ikkje berre til Henden, men også til dette presseetiske idealet.

«I en urolig tid hvor myndigheter og andre aktører benytter seg av desinformasjon og propaganda, vil Fritt Ord med denne prisen rette oppmerksomheten mot nettopp troverdigheten til krigs- og pressefotografer som jobber på bakken og bidrar med pålitelig informasjon», sa styreleiaren i Fritt Ord, Grete Brochmann, då ho for kort tid sidan kunngjorde prisen.

Merksemda kan vere på sin plass. Eit talande eksempel på det er situasjonen i Gaza.

Ei rekkje bilete signert Harald Henden, mangeårige presse- og krigsfotograf i VG, vert utstilte i VG-bygget i Oslo sentrum. Det fremste biletet er teke i Nord-Irland i 1998.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

Med livet som innsats

Ifølgje den ideelle organisasjonen Committee to Protect Journalists er så langt 97 journalistar og mediefolk (92 palestinarar, to israelarar og tre libanesarar) drepne på Gaza-stripa etter 7. oktober.

Ann-Magrit Austenå, styreleiar i Norsk Pen, seier Israel ikkje vil gje noka form for tryggleiksgaranti for journalistar – om dei i det heile teke kjem seg over grensa til Gaza.

I eit brev til Norsk Pen skriv den israelske ambassadøren til Noreg, Avi Nir-Feldklein, at fleire menneske i Gaza dessverre har to jobbar: «journalist» (i hermeteikn) og Hamas-terrorist.

Uredigert

Medan fotojournalistar i Gaza dokumenterer krigen med livet som innsats, kjem ein straum av film og foto som hevdar å dokumentere lidingane og krigshandlingane i Gaza i sosiale medium. Her er det som kjent ingen redaktør på jobb.

Redaktørar er det derimot fleire av i Pressens hus. I ein verneverdig og høgmoderne bygard i Oslo sentrum spesialiserer pressefolk seg innanfor eit fag i vekst, så vel i Noreg som internasjonalt: kunsten å verifisere.

Den store utfordringa frå desinformasjon og propaganda har ført til at aktørar som Faktisk, NTB, NRK og Institutt for journalistikk (IJ) har samla kreftene i eit felles verifiseringsmiljø. Internasjonalt er til dømes BBC Verify ein leiande aktør, og under paraplyen International Fact-Checking Network (IFCN) kan norske faktasjekkarar utveksle erfaringar med kollegaer i andre land.

Ei rekkje redaktørstyrte medium har stadfesta at dette biletet, delt i sosiale medium, er generert av kunstig intelligens.

Detektivar

«Detetektivarbeid», seier journalist Kajsa Garman Lønrusten om arbeidet ho gjer i Faktisk. I eit ope kontorlandskap prøver ho å spore opp mykje delte bilete, film, lydklipp og meldingar på sosiale medium som X og Telegram. Desinformasjon og propaganda som kan vere sende ut frå andre opne kontorlandskap i såkalla trollfabrikkar, frå styresmakter, organisasjonar og enkeltpersonar som har interesse av å føre folk bak lyset.

Kor mykje desse «detektivane» kan fange opp, er eit ope spørsmål.

Korleis skilje skit og kanel? Ein mykje brukt metode er å geolokalisere og spore film og foto tilbake til den opphavlege kjelda. Når jobben er gjord, vert verifiserte filmar og bilete delte i ein mediebank andre nyhendemedium kan få tilgang til.

Propagandanettverk

Kven står bak denne forsøplinga av ordskiftet? Det er ikkje alltid journalistane kan grave så djupt. Enklare er det å sjå kva agenda avsendarane har. Lønrusten fortel om propagandamaskineri i form av robotiserte profilar som konsekvent deler bestemte bodskapar. Og kontoar som ser ut til å tilhøyre privatpersonar, men som truleg vert styrte frå eit propagandasenter.

Bilete tekne ut av konteksten, er ei form for biletmisbruk Lønrusten ser ein del av. Til dømes har Faktisk undersøkt eit mykje delt bilete som det vart hevda at skulle vise arrestasjonar ved Shifa-sjukehuset på Gaza i mars. Verifiseringa viste derimot at biletet vart delt første gong i februar og var teke ein annan stad i Gaza. Biletet viste altså ikkje den hendinga avsendaren hevda.

– Kva med KI-genererte bilete?

– Det vi har sett litt av, er klipp frå videospel og bruk av CGI (dataanimasjon, red. merk.) som vert oppgjeve å vere ekte. Vi ser innimellom også bilete som mange vil skjøne er KI-skapte, til dømes eit bilete av ein palestinsk gut og ei jødisk jente som har vorte spreidd breitt. Enkelte vil spreie eit slikt bilete som eit symbol, medan andre vil ta det for god fisk.

Kajsa Garman Lønrusten, journalist i Faktisk.

– Er ikkje KI-bilete gode nok til at dei vert brukte enno?

– Dei er i ferd med å verte det. Kvaliteten har utvikla seg mykje dei siste to åra, så at bilete kan vere utvikla av KI, er noko vi har i bakhovudet. Kunstig generert lyd kan også vere skummelt. Detektorane for KI-generert innhald er så som så, og heng alltid litt etter KI-generatorane. Det er ei utfordring. Ei vel så stor utfordring kan vere at folk mistar trua på det som ekte, og trur at også det er KI-generert.

Informasjonskrig

Fotografi tekne ut av sin rette kontekst er noko også Eskil Grendahl Sivertsen, spesialrådgjevar i Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) ser mykje av – knytt til krigen i Ukraina, så vel som i Gaza. Ofte er det vanskeleg å seie kven avsendarane er.

– Biletet er komplekst, og Gaza er eit døme på det. Ein har Israel og Hamas, som deler innhald som skal byggje opp eigen legitimitet og undergrave motparten. I tillegg har begge partar støttespelarar og sympatisørar som gjer det same. Det kan vere alt frå vanlege folk til interessegrupper, organisasjonar og statar som har interesse av å bruke krigen til sine eigne strategiske formål.

Sivertsen peiker på aktørar som Russland, Kina og Iran.

– Russland nyttar høvet til å redusere støtta til Ukraina ved å påstå at vestlege våpen er sende vidare frå Ukraina til Hamas. Her har du ein aktør som deler bilete som skal bevise dette. Kina nyttar høvet til å senke tilliten til USA, og det same gjer Iran. Det kjem også antiislamsk propaganda frå kontoar i India.

Sjølv kommersielle aktørar lagar og deler bilete frå Gaza, påpeiker Sivertsen.

– Kommersielle aktørar deler bilete som click bait for å få fleire følgjarar eller fleire inn på sine nettsider. Alt dette vert sausa saman.

Eskil Grendahl Sivertsen, spesialrådgjevar i Forsvarets forskingsinstitutt (FFI).

– Eg kan ikkje sjå anna enn at bilete og film og eigentleg alt digitalt innhald kjem til å miste den dokumentariske verdien sin.

Eskil Grendahl Sivertsen, FFI

KI-generert satire

– Korleis ser du på den risikoen KI-genererte bilete utgjer? Ser ein vellukka forsøk på å nytte slike bilete med propagandasiktemål?

– Vi byrjar å sjå ein god del bruk av KI-genererte bilete til bruk i propaganda eller påverknad. Det er spådd eit skred av KI-genererte bilete i 2024, men kor stort er eit skred? Ein rapport frå EU frå starten av året såg på heile 2023, og hadde påvist 750 tilfelle av forsøk på påverknad. KI var brukt i 20 av dei. Det er ikkje eit veldig høgt tal, og eg har ikkje grunnlag for å seie at det har auka, men bruken er no veldig synleg. Vi ser mykje bruk av KI-generert innhald om valet i USA, spesielt frå kinesiske aktørar, og vi ser det brukt ved konfliktar, som i Ukraina og særleg i Gaza.

Særleg ser Sivertsen at slike bilete gjerne vert nytta som satire.

– Vi snakkar mykje om kjeldekritikk og verifisering, og det er viktig, men satire har same effekt som memes. Dei er artige, spydige og sarkastiske og resonerer med ei målgruppe som vil kunne styrke standpunkta sine. Men desse bileta kan ikkje eigentleg faktasjekkast.

– Vi vert ikkje lurte, men kan likevel verte påverka av bodskapen?

– Ja, bodskapen vert utforma for å forsterke eksisterande haldningar og omgår kjeldekritikken. Vi spør oss ofte om korleis eit vanleg menneske skal kunne sjå om eit bilete er laga ved hjelp av KI, og svaret kan vere å merke bileta. Her er det eit initiativ på gang i regi av teknologiselskapa. Det er bra, men utfordringa er at vi menneske vert kjenslemessig påverka av inntrykk, sjølv når vi veit at dei er laga av KI. Så kor stor effekt vil ei merkeordning ha?

Eit bilete av eit barn som lir, vil til dømes kunne snakke til hjartet vårt, sjølv om hovudet veit at det er KI-generert.

– Det er eit ope spørsmål kva haldning vi vil ha til slike bilete i framtida, fordi vi kan seie at forteljinga biletet viser, er sann. Biletet kan fortelje kraftfullt om lidingane til barn på Gaza. Så historia kan vere sann, sjølv om biletet er laga på ein datamaskin. Eg er spent på om slike bilete vil komme til å verte aksepterte også i media, så lenge vi meiner historia bileta fortel, er sann. Eller vil vi halde fast på at biletet skal vere eit fotografi.

Kinesiske plakatar

Kinesiske aktørar er i full gang med å spreie splittande innhald fram mot det amerikanske presidentvalet. Analysebyrået Institute for Strategic Dialogue peiker i to artiklar publiserte tidlegare i vår på to nye tendensar: Meir effektiv bruk av falske kontoar som feilaktig gjev seg ut for å tilhøyre Trump-tilhengjarar, og auka bruk av KI-genererte bilete.

Dei KI-genererte bileta liknar meir på reklameplakatar for action-film enn på fotografi. Eit bilete viser til dømes Donald Trump i sverdkamp mot Joe Biden framfor eit amerikansk flagg som går opp i flammer.

Dette biletet er eitt av fleire døme på KI-generert satire produsert av kinesiske interesser, ifølgje analysebyrået Institute for Strategic Dialogue.

Skjermdump

Men kven som helst kan produsere KI-bilete. Til dømes er fleire kunstig genererte bilete av Trump saman med svarte støttespelarar spreidde breitt. Ein av avsendarane, radioverten Mark Kaye, seier til BBC at han aldri har hevda at biletet er autentisk, og at han er historieforteljar – ikkje fotojournalist.

Tap av tillit

Men kva skjer med tilliten til dokumentarfotografiet når det vert servert i ein karusell av bilete, der falskt og sant vert presentert om kvarandre?

Sivertsen viser til ein rapport frå Europol der forventningane er at 90 prosent av alt innhaldet som vert delt på nett og sosiale medium, kjem til å vere KI-generert innan 2026.

– Eg kan ikkje sjå anna enn at bilete og film og eigentleg alt digitalt innhald kjem til å miste den dokumentariske verdien sin, fordi KI-genererte bilete er så bra at vi vert skeptiske til alt vi ser. Det vert spennande å sjå kva dette gjer med samfunnsdebatten, seier han.

– Sett frå eit medieperspektiv kan ein håpe at media får ei viktigare rolle som leverandør av dokumentariske bilete?

– Det håper eg også. Eg ser på pressa som ein magnetisk nordpol i eit kaotisk informasjonsmiljø. Vi treng ein stad å rette kompassa våre mot, elles går vi oss ville. Så ansvaret og betydinga pressa har, vert berre større. Vi er avhengig av å ha kjelder som ikkje har ein agenda, og som ikkje prøver å lure oss. Vi treng flinke folk til å verifisere og presentere informasjon. Så betyr ikkje det at pressa ikkje gjer feil. Men har vi ikkje tillit til pressa, er vi meir tilbøyelege til å oppsøkje informasjon hos kjelder som stadfestar det vi frå før trur er sant.

Dette KI-genererte biletet av Donald Trump vart delt på Instagram av radioverten Mark Kaye før jul i fjor.

Kvalitetssjekk

Førebels leverer anerkjende internasjonale nyhendebyrå dagleg nye bilete frå ruinane på Gaza. Og for nokre veker sidan tilbaud FNs kontor for koordinering av humanitær innsats ein serie fotografi frå Gaza-krigen til aviser som danske Politiken, spanske El Pais og amerikanske The Rolling Stone. Serien er sett saman av bilete palestinske fotojournalistar ikkje vil at verda skal gløyme.

«Det er svært vanskelige arbeidsforhold i Gaza, og det gjør selvsagt at det er meget utfordrende å rapportere derfra. Men det er ikke til hinder for at bilder som formidles, underlegges de samme redaksjonelle vurderingene som alt annet visuelt innhold», skriv fungerande nyhenderedaktør i NTB, Christina Dorthellinger Nygaard, på e-post til Dag og Tid.

Nygaard opplyser at få byrå har eigne fast tilsette som er sende inn i Gaza, men baserer seg på lokale frilansarar og stringerar, som dei kjenner godt og fører munnleg og skriftleg dialog med.

Palestinske Abu Maamar held den avlidne fem år gamle niesa si i armane på Nasser sjukehus på Gaza-stripa. Fotografiet vart heidra med «2024 World Press Photo of the Year»-prisen.

Foto: Mohammed Salem / Reuters / NTB

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis