JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Ei fangeutveksling og andre ting som ikkje er til å le av

Talet på offisielt «sakna» ukrainske soldatar
overstig 15.000.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brann herjar i Kyiv etter russisk rakettåtak mot ei bustadblokk 2. januar i år.

Foto: Yevhen Kotenko / Reuters / NTB

9914
20240112
9914
20240112

I byrjinga av januar vart det kjent i landsbyen Solovjovka at meinig Jurij Jakovenko, som budde i denne landsbyen, var død. Familien til den avlidne bar mørke klede i sorga. Ei grav vart graven på kyrkjegarden. Naboar og vener budde seg på å ta imot gravferdsbilen med kroppen til den døde morgonen etter.

Men det vart ikkje noka gravferd. Slektningane kjende ikkje att liket som Jurij Jakovenko. Det var ein annan person. Vener og slektningar kvikna til. Somme ymta om at han var i live. Trass alt kan «sakna» tyde at han var teken til fange.

I dei første januardagane utveksla Russland og Ukraina krigsfangar for første gong på seks månader. Til Ukraina kom 230 attende – militære og sivile. Blant dei var det 48 militære som var rekna som «forsvunne i kamp».

Utvekslinga gledde slektningane og venene til dei som vart sette fri. Men det vart tyngre for dei som framleis lyt vente på sine, anten dei er krigsfangar eller «sakna». Talet på offisielt «sakna» ukrainske soldatar overstig 15.000 personar. Det er om lag 6000 fangar i Russland. Dei fleste av desse fangane er identifiserte, det vil seie at dei ikkje er med på lista over sakna personar.

Den opne grava på kyrkjegarden i landsbyen Solovjovka er ikkje graven forgjeves. Nokon vil bli gravlagd der, vonleg ein person som døydde ein naturleg død etter eit langt og fruktbart liv.

Blant dei militære som kom attende frå fangenskap tidleg i januar, var Galina Fedysjyn, ein kvinneleg marinesoldat og sjukepleiar. Ho var med på forsvaret av Mariupol og sat nesten to år i fangenskap. Marinesoldaten Mykola Gritsenjak forsvara Mariupol saman med henne. Han vart òg teken til fange, men dei fekk til å utveksle han mykje tidlegare, i september 2022. Så snart Galina Fedysjyn var komen attende til Ukraina frå fangenskapet, fridde Mykola til henne, og ho sa ja til å bli kona hans.

Ettersom krigen stadig rasar, kan denne historia enno ikkje kallast ei historie med ein lukkeleg slutt. Mange militære som er sleppte fri frå fangenskap, strevar med å dra attende til fronten. Vi kan telje historier med lukkeleg slutt når krigen er over. Men ingen veit når han sluttar, og kven av deltakarane som lever, slik at dei får oppleve den augeblinken.

Russland tvingar Ukraina til å spele russisk rulett. Heile landet blir bombardert med rakettar og kamikaze-dronar kvar natt. Kva tenkjer folk på når dei går til sengs? Dei veit at denne natta kjem nokon til å døy, somme vil bli skadde, huset til nokon kjem til å bli øydelagt. Om morgonen ser dei eller les dei nyhenda for å sjå kven som var uheldig siste natta. Berre dei uheldige vil ikkje lenger sjå eller lese nyhenda.

Lenge var ukrainarane overraska over å sjå dronevideoar som viste skadde eller kringsette russiske soldatar som tok livet av seg sjølve. Dei bles seg i filler med granatar eller skaut seg med maskinpistol. «Kvifor overgjev dei seg ikkje?» spurde folk.

Eitt svar på dette spørsmålet kom frå ein soldat som vart teken til fange i førre veke i nærleiken av landsbyen Robotyne i Donbas: «Skal de ikkje stappe polyuretanskum (i munnen på oss)?» spurde han vettskremd.

Det viser seg at russiske offiserar skaper redsle i russiske soldatar med forteljingar om ein frykteleg og pinefull død i ukrainsk fangenskap. I lommene til den same gruppa av russiske krigsfangar, tekne nær Robotyne, var det flygeblad som åtvara mot å overgje seg.

«Soldat! Om du ønskjer å leve, grav ei skyttargrav og slåst! Utanfor skyttargrava er det berre død eller ukrainsk fangenskap! I ukrainsk fangenskap er døden det beste som ventar deg! Om du ikkje blir drepen straks, ventar det deg umenneskeleg tortur: knekte ribbein, utstukne auge, kastrering, valdtekt, punkterte lunger, svolt, avkutta fingrar, dødelege slag, avkutta øyre.»

Nokre av desse grufulle torturmetodane blir faktisk brukte av det russiske militæret på ukrainske krigsfangar. Difor er dei russiske soldatane overtydde om at dette òg ventar dei om dei hamnar i ukrainsk fangenskap.

No har temperaturen i Ukraina falle til minus 20 grader celsius. Å sitje i ei skyttargrav ved så låge temperaturar kan vere dødeleg. Ukrainske soldatar kjem til sjukehus med forfrosne fingrar og tær. Det er freistande å tenne bål på skjulestaden, men røyken vil straks trekkje til seg merksemda til fienden.

Å sovne i slik kulde er òg dødeleg. I kulda er det viktig å vere i rørsle. Dette kan vere ein av grunnane til at russiske soldatar går til åtak stadig oftare. Det kan vere at kuldedøden verkar verre for dei enn å døy av ei kule. Eller dei meiner kan hende at om dei skal døy, er det betre å døy «heroisk», i kamp, slik at familien kan kalle sonen ein «helt».

Stadige åtak frå dei russiske styrkane tvingar det ukrainske militæret til å vere kampklare heile tida, og til å slå tilbake. Men berre dei som ikkje er skadde, kan vere i rørsle heile tida. Det er vanskeleg å berge dei skadde i tjue minus. Dei militære legane har mykje mindre tid på seg enn i den varme årstida.

Av og til gjev dei rett og slett opp fordi det er uråd å evakuere dei skadde frå kampsona raskt nok. Med kvit snø som bakgrunn er køyretøya dei blir frakta bort med, svært synlege, sjølv om natta, og dei blir omgåande mål for russisk artilleri og russiske dronar. Stundom blir dei øydelagde på veg til fronten.

Sanitetssoldaten Alina Mykhailova, enka etter den legendariske frivillige soldaten med kallenamnet «Da Vinci», som døydde sist vår, kan fortelje mykje om dette. Men ho vil ikkje fortelje. Ho er nøydd til å slåst «på to frontar». Den andre fronten, som tek det ho har att av energi, kjem sist, og kallast «komedieprogram på ukrainsk fjernsyn og YouTube».

Ein fersk episode av komedieprogrammet «Alcomics» vekte ein storm av harme da standup-komikaren Victoria Taran, som skriv tekstane sine sjølv, serverte ein av dei smaklause vitsane sine: «Kva blir kvinner med pengar kalla? Enker!»

«Du er møkk og ròtenskap som fortener å bli nekta ein plass i samfunnet. Du kan dra til helvete med orsakinga di! I dag spytta du i fjeset på tusenvis av ukrainske enker, tusenvis av farlause born, tusenvis av mødrer», erklærte Mykhailova.

I video-orsakinga si lova Victoria Taran å vere meir varsam når ho skriv tekstane sine. Samstundes var det nokre andre standup-komikarar som tok henne i forsvar.

Dette er den andre skandalen som omfattar tvilsame vitsar dei to seinaste vekene. Den første var meir høgrøysta, og var knytt til det mest kjende komedieprogrammet i landet, Kvartal 95, som president Zelenskyj starta og dessutan var hovudprodusent for. Kvartal 95 blir kringkasta på fjernsyn og har ein svær tilskodarmasse.

I den siste episoden hadde Kvartal 95 ein sketsj der komikarane gjorde narr av ei oppdikta flyktningkvinne frå den okkuperte byen Skadovsk. Ho freistar snakke ukrainsk, men får det ikkje heilt til. Innbyggjarane i Skadovsk, også den ukrainske borgarmeisteren i denne feriebyen ved Svartehavet, vart krenkte av sketsjen. Dei gav kraftig uttrykk for kva dei meinte om sketsjen – på godt ukrainsk. Til slutt laga ho som spela rolla som flyktning, ei video-orsaking. Men denne orsakinga høyrdest ut som ein parodi på å seie seg lei for noko, og helte enda meir bensin på bålet.

Desse skandalane har sett i gang ein debatt om humor i krig. Overraskande nok viser det seg at det er mykje normal, ikkje-vulgær og ikkje-krenkjande humor i landet. Det er høve for nye standup- og andre komikarar til å få vist seg fram. Ukrainarar har byrja dele lenkjer til lite kjende YouTube-kanalar med unge og lovande komikarar. Psykologar og sosiologar har bidrege til diskusjonen med analytiske artiklar.

Når det kjem til stykket, har altså desse to skandalane tvinga det ukrainske samfunnet til å tenkje meir alvorleg over kva ein kan le av og ikkje kan le av under krigen.

Eg får enda ein, ikkje særleg god, ettersmak av desse og liknande tilfelle. I Ukraina har kulturen med «video-orsakingar» laga under press blitt akseptabel. Å bli tvinga til å beklage på denne måten er ein straffemetode som er gjord populær av den autoritære leiaren i Tsjetsjenia, Kadyrov. Han skremde representantar for russisk humor som tillét seg å slå vitsar om han eller om Tsjetsjenia, i slik grad at dei tok opp tåredryppande orsakingar på video med lovnader om aldri å gjere noko slikt igjen.

I Russland byrja russarane sjølve, politiet og etterretningstenestene, å bruke denne metoden i kampen mot mindre farlege dissidentar og «villfaren» ungdom. Og no har tradisjonen med «video-orsakingar» nådd Ukraina og har spreidd seg her.

Nyleg la ei ung kvinne ut ein kjenslefull videomonolog på Facebook om korleis politifolk og det militære kontoret for registrering og innskriving henta mannen hennar ut av bilen, midt på vegen i Transkarpatia, medan ho og barnet hennar vart etterlatne aleine i bilen i kulda.

To dagar seinare dukka «video-orsakinga» hennar opp i sosiale medium, der ho sa med eit skremt uttrykk i andletet at ting ikkje hadde gått føre seg akkurat som ho hadde sagt i den første videoen. Sant nok gjorde ho nøyaktig greie for kva som eigentleg hadde skjedd.

I ein kommentar til hendinga sa representantar for det militære kontoret for registrering og innskriving at etter tre timar hadde dei sleppt mannen hennar fri, og gjeve han ei innkalling til det tilsvarande kontoret i heimbyen hans, Dnipro.

I veka som kjem, skal parlamentet diskutere fem lovframlegg om mobilisering. Eitt av framlegga er lagt fram av regjeringa og vil gjere situasjonar som den som er skildra her, umoglege.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Russiske offiserar skaper redsle i russiske ­soldatar med forteljingar om ein frykteleg og pinefull død i ukrainsk fangenskap.

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis