JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Granatane i møterommet

Byrådsmøtet i Keretsky fekk ein brå slutt da lokalpolitikaren Serhij Batrin kom inn med tre handgranatar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Serhij Batrin kom inn att i møtelokalet til byrådet i Keretsky og detonerte granatane.

9201
20231222

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Frå staden der dei hardaste kampane i den russisk-ukrainske krigen går føre seg i dag, byen Avdijivka, til den transkarpatiske landsbyen Keretsky er det 1300 kilometer. Det er så langt frå fronten det er råd å kome og framleis vere i Ukraina. Men her om dagen eksploderte tre handgranatar der og skadde 26 landsbybuarar, ein av dei døydde av skadane.

Eksplosjonen kom på eit møte i den lokale administrasjonen der budsjettet for 2024 vart diskutert. Leiaren av byrådet, Mykhailo Musjka, hadde levert eit framlegg om ein auke i honoraret sitt og ein bonus til seg sjølv på tampen av året.

Det ser ut til at medan dette vart diskutert, forlét representanten for partiet Folkets tenar, Serhij Batrin, møtet. Han gjekk heim, skreiv eit sjølvmordsbrev, tok med seg tre handgranatar – og vende attende til møtet. Møtet vart filma, og augeblinken da Batrin kom inn att i møtelokalet og detonerte granatane, er dokumentert.

Det første lokale journalistar kom i hug da dei høyrde om eksplosjonen, var at Mykhailo Musjka hadde vore medlem av det prorussiske partiet Opposisjonens plattform – for liv, inntil han vart kasta ut i september 2022.

Han nekta nyleg å flytte monumentet over ein sovjetsoldat i landsbyen og vart hylla for dette på russisk fjernsyn. Han vart òg sett i varetekt for kort tid sidan etter å ha motteke muting, men vart ikkje arrestert, og han heldt fram med å leie landsbyrådet.

Serhij Batrin hadde rykte på seg i landsbyen for å vere idealist og ein forkjempar for rettferd. Han ordna med ein leikeplass for ungar og organiserte oppussing av kyrkjegarden i landsbyen på eige initiativ. Han var ein gong involvert i transportnæringa, men gav det opp.

På dette møtet hadde han fremja sitt eige kandidatur som sekretær for landsbyrådet, men kollegaene hans sette ikkje eingong denne saka på møtekartet. Ein annan, også frå Folkets tenar-partiet, vart vald til sekretær.

Blant offera for granateksplosjonen var ein veteran frå krigen i Donbas, Vasyl Sjtefko, ein annan medlem av landsbyrådet. Sjtefko mista begge beina i ei ulukke for tjue år sidan, og har brukt protesar etter det. Heilt i byrjinga av fullskalakrigen drog han til fronten som frivillig sjåfør, og frakta ammunisjon og granatar til dei mest utsette frontavsnitta.

To handgranatar eksploderte under stolen hans. Om han hadde hatt bein, ville dei truleg blitt sprengde vekk. Men ein av protesane vart riven av og må erstattast når han kjem ut av sjukehuset. Det vil ta ei stund, ettersom det er mange granatsplintar i kroppen hans.

Rett etter eksplosjonen i landsbyrådet var det nokon som la ut eit mem på sosiale medium med eit bilete av ein granat og biletteksten «Ein bonus frå Serhij Batrin». Det verka som memet var ei oppmoding til handling mot autoritetspersonar som freistar auke sine eigne honorar og gje seg sjølve bonusar.

Meldinga som kom opp i lokale chatgrupper i ulike ukrainske regionar, gjekk likevel ikkje viralt. Det såg ut til at nettsikringstenester var kjappe med å vurdere ho som farleg og fjerna memet frå sosiale nettverk. Men enklare mem dukka straks opp med bilete av granatar og inskripsjonen «ein bonus under krigen».

Det er underleg at i kommentarar og artiklar om denne hendinga i Keretsky, var det ingen som hugsa at ei liknande scene er høgdepunktet i fjernsynsserien Folkets tenar. I den scena er det Goloborodko, ein enkel ukrainsk lærar som er lei av korrupsjon og skyt mot medlemer av det ukrainske parlamentet med eit maskingevær. Og ja, Goloborodko vart spela av Zelenskyj.

Granateksplosjonen i byrådet i Keretsky, likna høgdepunktet i fjernsynsserien Folkets tenar, der læraren Goloborodko (spela av Volodymyr Zelenskyj) fyrer laus i parlamentet.

Den 14. desember, i «direkte linje»-samtalen med russiske borgarar, påstod Vladimir Putin at det var borgarkrig i Ukraina. Eksplosjonen av tre granatar i det transkarpatiske landsbyrådet skjedde 15. desember og kunne bli sett på som ei stadfesting av utsegna til Putin.

Likevel var russiske massemedium, også dei mest opne propagandistiske kanalane, måtehaldne i kommentarane sine om tragedien i den transkarpatiske landsbyen, og hinta berre om at i Ukraina var det no mange våpen i omløp blant uregistrerte sivile.

Handelen med våpen som kjem frå fronten, er verkeleg eit stort problem for Ukraina. I nær framtid vil det kome ei rettssak mot ein sokneprest i Den ukrainske ortodokse kyrkja av Moskva-patriarkatet i Kherson. Han er sikta for våpenhandel. Han vart arrestert etter å ha freista selje to missilsystem som kan nyttast til å skyte mot luftmål.

Etter at han var arrestert, viste han fram to stader der han hadde lagra våpena: ei uferdig ny kyrkje i Kherson og kjellaren på ein bygning i fleire høgder. Det synte seg at lageret bestod av granatkastarar, sju tusen patronar for kalasjnikov-rifler, eit maskingevær og handgranatar.

Ifølgje han fann han alle desse våpena i Kherson etter at det russiske militæret hadde trekt seg attende. No vil desse våpena i det minste ikkje bli brukte til å skyte mot ukrainske sivile.

Lyden av skot frå legale jaktvåpen vil snart bli høyrde i Lviv-regionen kring byen Radekhiv, der dei lokale styresmaktene, med løyve frå den regionale militæradministrasjonen i Lviv, kunngjorde at frå 17. desember vil grupper av jegerar byrje avlive ville dyr og streifdyr i skogane rundt byen.

Hovudmåla vil vere ulv, rev, streifhundar og katter. Krigen har tvinga ville dyr til den vestlege delen av Ukraina, og titusenvis av husdyr – katter og hundar – er heimlause. Dei fleste av dei har slått seg til i skogar nær folkesette område. Frykta er at tilfella av rabies vil auke.

Aktivistar for dyrs rettar aksjonerte mot avskytinga, og det enda med at styresmaktene i Radekhiv gjekk med på å fjerne hundar og katter frå lista over dyr som skulle jaktast på.

Jegerane som no er med på å skyte ulvar og revar, bør setje pris på den tida dei får vere ute om natta. Nokre av dei er ikkje så ofte å sjå i gatene på dagtid. Mobiliseringsoffiserar er jo stadig meir aktive, og politikarar gjentek heile tida at Ukraina vil bli nøydd til å gå over til massemobilisering.

I område langt frå fronten ligg det kontrollpostar som tidlegare vart brukte til å sjå etter spionar og stolne våpen. No jaktar dei på folk som kan eigne seg til militærteneste, men som enno ikkje har meldt seg.

Mobilisering har skapt vesentlege problem for transport i byane. Sjåførar i offentleg transport var blant dei første til å bli mobiliserte. Ikkje berre fordi militæret treng sjåførar, men òg fordi ein lett kan finne desse folka på arbeidsplassen deira og skrive dei inn i militæret. Som eit resultat av dette har offentlege transporttenester forfalle mange stader, bussar held ikkje rutetidene, og av og til er det ingen offentleg transport til meir fjerntliggjande byar og landsbyar.

Byen Sumy, nær grensa til Russland, har dette problemet. Folk som bur i Vasylivka-distriktet, klagar over at etter klokka 18 er det umogleg å kome seg derifrå. Den første bussen om morgonen, som eigentleg skal kome klokka halv sju, kjem stundom ikkje i det heile teke.

«No er det svært vanskeleg å syte for transportruter i byen», seier Serhij Jakovenko, leiar for transportavdelinga i byrådet.

«Vi får stadig klagar frå innbyggjarar i Vasylivka, men det er rett og slett uråd å løyse dette problemet nett no. Dei fleste innbyggjarane forstår problemet. Ifølgje avtalen med transportselskapet skulle det vere fem bussar på denne ruta, men berre tre trafikkerer ho, og nokre gonger berre to. Det er ein katastrofal mangel på sjåførar fordi så mange er i militæret. Eigaren av transportselskapet ringjer meg og seier at han vil stanse heile verksemda ettersom det ikkje vil vere nokon til å arbeide dersom dei held fram med å ta mennene hans. Dette er situasjonen for alle (transport)selskap, og det vil berre bli verre i framtida.»

Medan folk i forstadene ventar på bussane sine, har innanriksdepartementet kunngjort auka tryggingstiltak på offentlege stader. Metalldetektorar vil snart bli installerte, ikkje berre ved jernbanestasjonar og kjøpesenter, men i skular òg. Spesialtrena politifolk vil også bli utplasserte på skular.

Sant nok er det ingen ting på lista over tryggingstiltak som handlar om plassering av metalldetektorar i by- og landsbyråd, der budsjetta for neste år blir diskuterte i desse dagar. Ingen snakkar om at det trengst politi på desse møta.

For objektiviteten si skuld må det nemnast at ikkje alle møte i lokale råd endar med avrøystingar om auke i honorar og bonusar til rådsmedlemer. Åtferda til dei fleste representantane vitnar om at dei skjønar at det er krig, ein krig for eksistensen til staten sjølv.

Byrådet i Javoriv, i Lviv-regionen, løyvde nyleg 143 millionar hryvnia (3,5 millionar euro) over bybudsjettet til det ukrainske militæret til kjøp av dronar og anna utstyr.

Nesten heile det ukrainske folket sender pengar til det ukrainske militæret no. Folket skjønar såre vel sitatet som blir tillagt keisar Napoleon: «Den som ikkje matar dei militære styrkane sine, vil mate nokon annan sine.»

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis