Kyiv, Brussel, Budapest – ei forteljing om tre byar
Ei tjukk skodde heng over Kyiv og heile det sentrale Ukraina. Lufta er fuktig og tung, og hindrar sikten. Sjølv på ein god, rett veg må du køyre med låg fart.
Frostrøyk i Kyiv.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Andrej Kurkov
Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.
Har skrive ei romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.
Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Den same tjukke skodda ligg rundt dei nære militære og politiske utsiktene til Ukraina. Medan komande president Donald Trump trugar Hamas og krev at dei israelske gissela blir sette fri, erklærer det ukrainske utanriksdepartementet at det ikkje vil godta moglege garantiar frå Nato-allierte, dersom desse garantiane kjem i staden for fullt Nato-medlemskap.
Det må vere innlysande for alle at Nato ikkje seriøst vurderer å invitere Ukraina til den militære og politiske alliansen nett no. Nato ønskjer framleis inga eskalering av konflikten med Russland. Dei håpar på fred gjennom tingingar mellom Zelenskyj og Putin.
Erklæringa frå det ukrainske utanriksdepartementet om å avslå garantiar høyrest ut som eit ultimatum. Men det er ikkje ei utsegn frå president Zelenskyj. Han kan unngå ansvar for erklæringa og byte ut utanriksministeren om det trengst. Medan vi nærmar oss 20. januar og Donald Trumps attervending til Det kvite huset, har alle militære og politiske prosessar i Ukraina gått på full gass.
Erklæringa frå utanriksdepartementet var meint å falle saman i tid med møtet til utanriksministrane i Nato, som gjekk føre seg i Brussel. Der ville ministrane heller diskutere framhaldet av den militære hjelpa til Ukraina enn ukrainsk medlemskap i militæralliansen.
Det dukka opp informasjon i ukrainske medium om at Tyskland er klar til å diskutere delvis Nato-medlemskap for Ukraina. Det vil seie medlemskap for ein del av landet, særleg regionane i Vest-Ukraina, medan Sør- og Aust-Ukraina framleis er kontrollerte av russiske styrkar. Desse militære og politiske rykta vart styrkte av det uventa besøket til Ukraina av den tyske kanslaren Olaf Scholz. Men dei vart ikkje diskuterte av utanriksministrane i Nato under møta deira i Brussel – i det minste ikkje offentleg.
Generalsekretæren i Nato, Mark Rutte, nemnde på den andre sida at Ukrainas veg til Nato-medlemskap krev underteikning av bilaterale tryggingsavtalar med kvart av medlemslanda i militæralliansen – ein lang og problematisk prosess. Det verkar ekstremt lite sannsynleg å få til ein slik avtale med Ungarn så lenge Viktor Orbán er statsminister, eller med Slovakia så lenge Robert Fico leier regjeringa der.
«Det må vere innlysande for alle at Nato ikkje seriøst vurderer å invitere Ukraina til den militære og politiske alliansen nett no.»
Under skodda av politisk uvisse og uro over dei militære evnene til Ukraina trer den feberliknande aktiviteten i Ukrainas heimlege politiske liv tydelegare fram. Ein kolonne av identiske, perfekt nyvaska Mini Cooper-bilar køyrde frå rådhuset i Kyiv. Der har det lenge hange eit banner som krev at Russland set fri ukrainske krigsfangar, særleg soldatane frå Azov-bataljonen, som vart tekne for to år sidan i Mariupol.
Unge menn lente seg ut av bilane med papplater der det stod skrive krav om fridom for krigsfangane. Kvifor valde dei unge aktivistane å demonstrere framom rådhuset i Kyiv? Borgarmeisterkontoret har da ikkje noko med saker som gjeld krigsfangar å gjere? Dessutan veit alle at Russland ikkje ønskjer å sende attende ukrainske krigsfangar.
For å skjøne kva som ligg bak bilprotesten, må vi hugse den langvarige konflikten mellom borgarmeisteren i Kyiv, Vitalij Klitsjko, og kontoret til president Zelenskyj. Den glatte kreativiteten i bilprotesten gjennom sentrum av Kyiv tyder på at han var orkestrert av spesialistar i showbusiness med kontaktar i bilseljarkrinsar. I tillegg var det tydeleg at deltakarane ikkje var redde for å bli stogga av mobiliseringsagentar, som i det siste med fornya iver har stansa bilar med mannlege sjåførar eller passasjerar.
Den tyske kanslaren Olaf Scholz kom på uventa besøk til Ukraina. Her med president Volodymyr Zelenskyj ved flaggmonumentet for dei falne soldatane i Kyiv 2. desember i år.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
I det ukrainske parlamentet har det òg vore ein ny auke i aktivitet. Den kjende ukrainske politikaren Julija Tymosjenko, leiaren av Baktivsjtsjina-partiet (Fedrelandet), har på ny kasta seg inn i det offentlege livet. Medan sosiale nettverk freistar spreie bilete av det nye «kamp»-imaget hennar, har ho kunngjort starten på ein kampanje mot Ukrainas farmasøytiske mafia.
Ho lovar å halde fram med kampen til prisane på medisinar går ned med svært mange prosent. I videomonologane sine samanliknar Tymosjenko prisane i apotek i Polen og Ukraina, og seier at ho vil rapportere til tilhengjarane sine og til heile det ukrainske folket om kvar fase i krigen mot farmasimafiaen.
Prisane på medisinar er verkeleg svært høge i Ukraina, og dei viktigaste kjøparane av medisinar er pålitelege veljarar, for det meste pensjonistar. I prinsippet er dette veljarane til Julija Tymosjenko, som lenge har drøymt om å bli president. Trass i låge tal på meiningsmålingane har ho bestemt seg for å minne ukrainske veljarar om at ho framleis finst – at ho sit i parlamentet og held fram med å forsvare interessene til det ukrainske folket.
Samstundes diskuterer ukrainarane skatteauke og ei pengegåve frå president Zelenskyj – 1000 hryvnia (24 dollar) til «vinterstønad» for kvar ukrainar som er i landet. For å få 1000 hryvnia må du sende inn ein elektronisk søknad frå ein mobiltelefon eller fylle ut ein søknad på eit postkontor.
I 2008 var Julija Tymosjenko statsminister, og ho gav òg 1000 hryvnia til dei borgarane som mista sparepengane sine da Sovjetunionen kollapsa. På den tida svarte 1000 hryvnia til 200 amerikanske dollar. Den prorussiske ukrainske presidenten Viktor Janukovitsj, som flykta til Moskva under Majdan-opprøret, delte òg ut 1000 hryvnia til ukrainarane, i 2012. På den tida svarte 1000 hryvnia til 125 dollar. Desse almissene kan altså nyttast til å spore historia og dynamikken til inflasjonen i Ukraina.
Inflasjonen utviklar seg raskare no, på grunn av krigen som ser ut til å ete pengar i ein forferdeleg fart. Dette forklarer kvifor den ukrainske regjeringa frå 1. desember har auka både bedriftsskatten og den førebelse skatten til militæret frå 1,5 prosent til 5 prosent. Militærskatten må betalast av kvar borgar i Ukraina.
Det er difor nokre ukrainarar oppfattar «tusenlappen frå Zelenskyj» som ein kompensasjon for auken i krigsskatten. Byrjinga av desember er faktisk den beste tida for skatteauke og andre ubehagelege nyskapingar. Folk har valet: anten tenkje på nye problem eller la seg avleie av tankar om den komande høgtida. Sjølv om dei fleste ukrainarar ikkje er i feststemning, er det nesten uråd å ikkje tenkje på høgtida, særleg om det er born i familien som ventar på gåver.
I den næraste supermarknaden vår er øskjer med julegodteri alt på sal. Eg kan ikkje hugse at det har skjedd før.
I Kyiv og andre byar er det sett opp juletre på dei sentrale torga. Barneteater bur seg på juleframsyningar. Skeisebanar og utleige av rullebrett opnar.
Julebordsesongen tek til, sjølv om tilsette i store verksemder no er litt skeptiske til slike arrangement. Dei er redde for at uinviterte gjestar frå mobiliseringskontora kunne lure seg inn på festane. Men ukrainarane er eit kreativt folkeslag som er i stand til å lage nye løysingar på vanskelege situasjonar. For å unngå uønskt merksemd kan desse juleborda kanskje leggjast til uvanlege stader i staden for restaurantar og barar. Eg ville ikkje bli overraska over å høyre om eit firmaarrangement på området til ei militær eining eller i verkstaden til ein ammunisjonsfabrikk.
Dette året har kreativiteten nådd nye høgder, særleg blant dei kriminelle i Ukraina. I Sjerkassij-regionen, sentralt i Ukraina, organiserte framståande representantar for den kriminelle eliten i landet ei samling på området til eit fengsel. Med på samlinga var tre innsette og fleire av dei akta kollegaene deira som var på frifot på den tida. Fengselsdirektøren som tillét denne samankomsten, er arrestert, og ventar sjølv på at saka hans skal takast opp, til liks med dei andre deltakarane.
Ukrainarar er gjerne meir interesserte i politisk kreativitet enn i kriminell nyskaping. I august i år presenterte president Zelenskyj ideen om eit nytt departement: departementet for nasjonal einskap. I august lova presidenten at dette departementet skulle vere aktivt mot slutten av året. Blant anna såg han det som ei kraft som skulle sameine ukrainarar i utlandet og verne dei mot påverknad frå russisk propaganda.
No når slutten på året nærmar seg, vil regjeringa oppfylle løftet sitt. Difor har departementet for integrering av dei okkuperte områda blitt døypt om til departementet for nasjonal einskap. Oleksij Tsjernysjev, tidlegare styreleiar for det nasjonale oljeselskapet Naftogaz, er utnemnd til stillinga som visestatsminister og sjef for det nye departementet.
«Opprettinga av departementet for nasjonal einskap vil bidra til utforminga av ein strategi for korleis ein skal sikre at ukrainarar kjem attende for å bu og arbeide i Ukraina», forklarte statsminister Denys Sjmyhal.
Å få ukrainske flyktningar til å vende attende er berre mogleg når krigen er slutt og vi ser at det kjem ein stabil fred garantert av medlemsland i Nato. Alle skjøner dette, inkludert ukrainske politikarar som hugsar «Budapest-memorandumet», som forsikra om at det ukrainske territoriet var ukrenkeleg, i byte mot at Ukraina leverte frå seg atomvåpena sine. Det vart underteikna i Budapest for nøyaktig 30 år sidan, 5. desember 1994. Russland, USA og Storbritannia gav forsikringar om tryggleik og ukrenkelege ukrainske grenser.
I dag leitar Nato etter nye former for «forsikringar» som vil oppmuntre president Zelenskyj til å setje seg ned ved forhandlingsbordet med Putin. Det er interessant at utanriksministrane i Nato valde ein dato for årets siste fellesmøte som så å seie fell saman med årsdagen for eit av dei største geopolitiske vonbrota i moderne historie – det ubrukelege Budapest-memorandumet. Gudskjelov gjekk dette møtet gjekk føre seg i Brussel, ikkje i Budapest. Difor er det framleis ei von om at namnet til hovudstaden i Belgia vil halde seg reint og ikkje bli assosiert med tvilsame avgjerder.
I dei komande dagane vil temperaturen falle. Skodda vil forsvinne, og snø vil falle i staden. Den verkelege vinteren tek til – vinteren med uroa vår og moglege radikale endringar på både den militære og den diplomatiske fronten.
Andrej Kurkov
Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE