JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Med humor som våpen

– Humor bidreg til å halda deg mentalt frisk i ekstreme situasjonar, seier forfattar Andrej Kurkov.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Då Andrej Kurkov vitja redaksjonen tysdag, gjorde han ferdig teksten som står på trykk i Dag og Tid denne veka.

Foto: Svein Gjerdåker

5993
20220923
5993
20220923

Ukraina

svein@dagogtid.no

– Eg skriv litt kvar dag. Når eg er på reise, står eg ofte opp i femtida og skriv på artiklane mine for Dag og Tid, seier Andrej Kurkov.

Han er tilbake i Noreg og vitjar Dag og Tid-redaksjonen. Det er andre gongen han er her sidan krigen tok til – mannen som av dei fleste er rekna som Ukrainas fremste forfattar.

Eg har tala med han på e-post eller telefon kvar veke sidan nyttår. Alltid er han like roleg. Han er som skapt for oppgåva han no står midt oppe i: å fortelja omverda om kva som skjer i Ukraina i denne lagnadstida for landet. Stadig er han intervjua av internasjonal presse, og stadig vert han invitert til stader rundt om i Europa for å halda føredrag.

Bustaden hans er i Kyiv, men han har flykta til grensa nær Slovakia. Og sjølv om han no kunne reist tilbake til hovudstaden, bur han heilt vest i landet. Det gjer det lettare å koma seg rundt i Europa.

Det har vorte livsoppgåva hans å bidra til at europearane har mest mogeleg kunnskap om Ukraina-krigen. Han kan ikkje anna enn å stå på veke etter veke.

Starta i 2013

I over ti år har Dag og Tid hatt kontakt med Kurkov. Vår gamle journalist Ottar Fyllingsnes møtte han i 2010 på kafeen Jaroslava i gamlebyen i Kyiv, der husværet hans ligg vegg i vegg med den norske ambassaden. «Ukraina er eit vedunderleg land for ein forfattar, men ikkje for folk flest», sa han.

Då demonstrasjonane på Majdan-plassen i Kyiv tok til før jul i 2013, tok vi kontakt og spurde om han ville skriva for oss om Kyiv, Ukraina og demonstrasjonane på Majdan-plassen. Sidan har han halde fram, med ujamne mellomrom. I alt vart det 40 artiklar berre i 2014 og 2015.

Ikkje minst om den alt då pågåande krigen i Donetsk og Luhansk. I august 2014 skreiv han: «Soldatane må berre ha friskt i minne at i desse traktene er rundt 30 prosent av folket for Ukraina, medan andre 30 prosent er for Russland og 40 prosent veit ikkje sjølve kva styresmakter dei er for. Donbass vil enno i lang tid halda fram med å vera eit alvorleg problem for Ukraina. Det er ikkje nok berre med særskild finansiering for å løysa dette problemet.»

Så kom faren for krig i heile Ukraina i 2021. Og sidan 7. januar i år har Kurkov skrive i Dag og Tid kvar veke – 35 artiklar så langt. Dei aller fleste har vore eksklusive tekstar for Dag og Tid, der han har gjeve oss unik innsikt om korleis det er for ukrainarane å leva under ein krig.

No kjem desse artiklane ut som bok på Cappelen Damm – og snart òg i Spania, Portugal, Sverige, Polen, Frankrike, England, Austerrike, Nederland og USA. I England har forlaget alt sagt at dei òg vil gje ut Dag og Tid-tekstane som kom og kjem i sommar og haust.

Som han seier: Han held fram med å skriva eksklusivt for ei lita nynorsk vekeavis fordi det pressar han til å levera tekstar kvar veke – og fordi tekstane til slutt kjem ut i bokform til eit større publikum.

Humor

– Tekstane dine er som små essay. Korleis er det du skriv dei?

–?Eg prøver å binda saman ulike historier som har noko, om enn vagt, med kvarandre å gjera. Og eg ynskjer at historiene er frå ulike område i landet. Ukraina er stort, og det er viktig å få fram dei store skilnadane mellom landsdelane. Dei ulike regionane har alle sitt særpreg, og folk lever ulike liv, ikkje minst no under krigen.

– Kvar får du historiene frå?

– Eg ringjer og snakkar med folk heile tida. Seier dei noko interessant, går eg vidare og ringjer nye og samlar så mykje informasjon eg klarer. Eg er meir interessert i det menneskelege, korleis folk har det, enn i politikken og sjølve krigshandlingane. Den konkrete utviklinga i krigen er det vanskeleg for meg å skriva om. For informasjonen vi får, er ofte falsk, også den offisielle ukrainske informasjonen. Når det gjeld det som skjer på krigsfronten, stoler eg mest på det som kjem frå den britiske etterrettinga.

– Har du neste tekst klar?

– Nei, men eg har ein idé om kva han skal handla om.

– Det er ofte humor, om enn lågmælt, i tekstane dine.

– Humor er viktig. Det har eg alltid lagt vekt på i bøkene mine. Humor bidreg til at ein held seg mentalt frisk i ekstreme situasjonar. I Sovjet var satire og humor eit våpen mot styresmaktene. Eg byrja som heilt ung å skriva dikt, men som 17–18-åring gjekk det mest i vitsar, som oftast politiske vitsar. Eg vann til og med, saman med bror min, ein vitsekonkurranse på Krym i 1979. Premien var seks flasker sjampanje.

Europas identitet

Fram til 2020 leverte Kurkov tekstane på russisk. Då var det vossingen og UD-diplomaten Olav-Nils Thue som omsette dei. Men Thue døydde brått i 2020. No vert tekstane skrivne på engelsk og omsette av Lasse H. Takle.

– Engelsk går fint, særleg sidan kona mi, som er frå England, les gjennom og rettar språket.

– Likar ho dei?

– Eg veit ikkje heilt. Ho er av natur kritisk og gjev meg alltid motstand.

Bra. Skribentar skal få motstand. Held du fram med å skriva for Dag og Tid?

– Ja, det vil eg gjerne.

– Godt. Då vedtek vi det.

– Men eg vil gjerne invitera deg som avisredaktør til Ukraina. Du kan bu nokre dagar i husværet vårt i Kyiv. Det er viktig at du får oppleva korleis atmosfæren og livet er i landet.

– Takk, det ville vore interessant. Er du redd for at europearane vert krigstrøytte og at merksemda om Ukraina vert mindre?

– Nei. Denne krigen kan ikkje samanliknast med andre krigar i verda dei siste åra. Ein krig midt i Europa kan sjølvsagt ikkje neglisjerast av Europa sjølv. Utfallet av krigen handlar om vern av Europas identitet og verdiar.

– Kva seier du til Putins tale denne veka?

– Eg er ikkje overraska. Dette er berre eit nytt steg i øydelegginga hans av Russland. Soldatane han mobiliserer, er ikkje motiverte for å gå i krig.

– Kva trur du vert utvegen ut av krigen?

– Eg trur han kan vera over neste sommar. På den tid vil Russland få store problem med å få tak i nok våpen. Om ikkje, er den einaste utvegen at Putin forsvinn eller døyr.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis