JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

8324
20240516
8324
20240516

For fire dagar sidan kom meldinga om at den russiske forsvarsministeren Sergej Sjojgu fekk sparken. Inn i toppleiinga i det russiske forsvaret kjem økonomen Andrej Belousov, ein nær Putin-alliert som dei siste åra har vore visestatsminister.

Det som har hendt, handlar om mykje meir enn ein rokade av folka på toppen av den russiske maktpyramiden. Pressetalsmannen til president Vladimir Putin, Dmitrij Peskov, kom med ei melding om kva som står på spel, då han gjorde endringa kjend sist sundag: Militærutgiftene i Russland tek no ein like stor del av bruttonasjonalproduktet som dei gjorde på 1980-talet, den gongen Russland var styrt av kommunistpartiet. Fordi forsvaret er blitt så stort, må ein ha inn effektive folk til å leia sektoren, sa Peskov.

Ulike klanar

Om ein skal omsetja dette til vanleg, forståeleg språk, må ein ta eit steg tilbake og sjå på kva for slags samfunn Russland er i dag. Russland er ikkje eit normalt, moderne land der dei ulike samfunnsområda blir forvalta av byråkratar som jobbar for statens beste. Det russiske statlege byråkratiet er sett saman av ulike klanar som alle kjempar for å henta størst mogleg forteneste ut av dei posisjonane dei har til kvar tid.

Då Sergej Sjojgu blei forsvarsminister i 2012, var det militære apparatet ein viktig, men ikkje den viktigaste delen av den russiske staten. Dei siste åra har – ikkje minst på grunn av åtakskrigen mot Ukraina – det russiske forsvaret svulma opp til enorme dimensjonar. Heilt nøyaktige tal er det vanskeleg å finna, men fleire overslag går ut på at utgiftene til krigen og til såkalla indre tryggleik i Russland et opp mellom 35 og 40 prosent av statsbudsjettet.

«Putin visste sjølvsagt at Ivanov og Sjojgu stal, ikkje minst fordi Putin sjølv stel.»

Forbrytarvelde

Mykje av dette går til bomber, rakettar og dronar som fell over den ukrainske sivilbefolkninga. Men ein god del – nøyaktig kor stor veit me ikkje – hamnar i lommene til folka i forsvarsdepartementet, til militære toppleiarar og til dei som leverer materiell til forsvaret. Etter kvart som forsvarssektoren vaks, som Dmitrij Peskov korrekt slo fast, så auka stelinga frå budsjetta. Og på toppen av forbrytarveldet i det russiske militæret stod mannen som no har fått sparken, nemleg Sergej Sjojgu.

Korleis kan me vita dette? Jau, det er slik det russiske samfunnet fungerer. Eit typisk døme på korleis korrupsjonen artar seg i forsvarssektoren, er innkjøp av dekk til dei militære køyretøya. Dei som står i spissen for innkjøpa, får pengar slik at dei kan kjøpa inn dekk av prima kvalitet. I staden for å kjøpa dei beste og dyraste, kjøper dei inn billige kinesiske dekk.

Pengane som blir «sparte», endar i lommene til generalane, innkjøpssjefane og toppleiarane i forsvarsdepartementet. Ein såg verknadene av dette då russiske militære lastebilar køyrde over grensa til Ukraina for to år sidan. Dei ukrainske forsvarsstyrkane fekk sjå at dei russiske bilane etter nokre dagar i felten stod igjen med øydelagde dekk.

Berre gode vener og fiskarar i solnedgangen i Sibir i 2017.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / AP / NTB

Korrupsjon

Dette er berre eitt av døma på korleis korrupsjonen herjar. Ein kunne seia mykje om kommunismen, men denne typen korrupsjon var langt meir sjeldan den gongen kommunistpartiet heldt eit stramt grep om samfunnet. Korrupsjonen blomstra for alvor opp då kommunistpartiet blei svekt kring 1990.

Heldigvis var dette samstundes perioden med fri presse i Russland, slik at ein kunne lesa lange artiklar i Moskva-avisene om det som skjedde. Nokre av desse reportasjane frå 1990-talet blir hugsa spesielt godt: Avisa Argumenty i Fakty – som den gongen var ei heilt fri avis – prenta midt på 90-talet artiklar om russiske generalar som budde i svære villaer i dei dyraste stroka av Moskva. Løna til generalane var nokre hundre dollar i månaden. Det var fort gjort for redaksjonen i Argumenty i Fakty å rekna ut at generalen som budde i den og den villaen, måtte ha jobba minst i eit par hundre år for å få pengar til å kjøpa husværet.

Om nokon hadde trudd at krigen i Ukraina etter kvart hadde gjort dei russiske militære mindre korrupte, kom det ei klar påminning om det motsette for få veker sidan. I slutten av april blei viseforsvarsminister Timur Ivanov arrestert av russiske styresmakter. Fyrst blei Ivanov skulda for å ha stole ein million rublar, det vil seia kring 10.000 dollar, frå det russiske forsvaret.

Timur Ivanov i varetekt før domen fell i korrupsjonssaka saka mot han.

Foto: Byretten i Moskva / NTB

I byrjinga var det ingen som tok dette alvorleg. 10.000 dollar var for småpengar å rekna, og ingen toppfigur i det russiske samfunnet kunne bli arrestert for å ha stole ein så liten sum. Men sidan blei skuldingane langt meir alvorlege: Eks-viseforsvarsministeren hadde stole ein milliard rublar, 10 millionar dollar. Dessutan hadde han gjort seg skuldig i forræderi mot den russiske staten, slo påtalemakta fast.

Kven er denne Ivanov? For å gjera ei lang historie kort har han gjennom mange år fylgt Sergej Sjojgu som ein skugge. Etter at Sjojgu tok over som forsvarsminister i 2012, har Ivanov vore ansvarleg for alt innanfor det russiske forsvaret, sett bort ifrå den operative, militære leiinga. Han skaffa forsvaret materiell, og han sytte for at industrien produserte nok våpen, bomber og granatar. Sist, men ikkje minst var han ansvarleg for gjenoppbygginga av den okkuperte ukrainske storbyen Mariupol, som russiske styrkar øydela våren 2022. Berre dette prosjektet er i milliardklassa i dollar.

Krig og fest

Korleis forvalta så Ivanov dei pengane han fekk frå den russiske staten til å løysa desse oppgåvene? Om ein vil finna ut av det, kan ein sjå på ein reportasje laga av organisasjonen til Aleksej Navalnyj frå desember 2022. Heile reportasjen ligg ute på Youtube under namnet Vojna i Pir (Krig og fest), som er eit ordspel på Tolstojs roman Vojna i Mir (Krig og fred) (sjå videoen nedst i saka). Det syner seg nemleg at Navalnyj-organisasjonen sommaren eller hausten 2022 hadde klart å få tak i all e-posten til Svetlana Maniovitsj, kona til Timur Ivanov. Med dette som hovudkjelde kunne dei kartleggja det meste familien har gjort.

Då russiske styrkar i mars–april 2022 var i gang med å øydeleggja Mariupol og drepa mange tusen sivile, gjekk Svetlana Maniovitsj rundt og handla i juvel- og motebutikkane i Paris. I åra før krigen hadde familien hatt overdådige feriar på Côte d’Azur, der dei leigde luksusyachtar og palass for fleire hundretusen euro. Dei eigde eit adelspalé i Moskva, ein eigedom rett vest for byen og eit nybygd slott ved breidda av Volga i Tver-fylket. Barna til paret var sjølvsagt godt plasserte i utlandet, og sjølv hadde Svetlana israelsk pass.

Det Navalnyj-organisasjonen dokumenterte, var at ekteparet Ivanov og Maniovitsj i åra før 2022 hadde eit forbruk på millionar av dollar, som – om ein ser bort frå den vesle løna Ivanov hadde – var stole frå den russiske staten.

Kollegaer: Statsminister Vladimir Putin og naudsituasjonsminister Sergej Sjojgu viser kvarandre kor mykje dei har utretta etter berre hundre dagar i jobben.  Det var i november 1999.

Foto: Tatjana Makejeva / AP / NTB

Alle visste

Alle visste at Timur Ivanov stal. Ikkje minst visste han som var Ivanovs alter ego og nærmaste samarbeidspartnar gjennom mange år – forsvarsminister Sergej Sjojgu – at Ivanov stal. Og Putin visste sjølvsagt at Ivanov og Sjojgu stal, ikkje minst fordi Putin sjølv stel. Av årsaker som ein berre kjenner om ein til dagleg går i korridorane i Kreml, fann Putin ut at han skulle knekka Sjojgu–Ivanov-grupperinga. Kanskje var tospannet blitt for mektig, kanskje meinte sjølv Putin at det blei stole for mykje, og at det i for stor grad gjekk ut over krigføringa i Ukraina.

Fyrst hamna Ivanov bak gitteret. Denne veka var det Sjojgu som fall. Han blei rett nok utnemnd til sekretær for det russiske tryggingsrådet, eit organ som ikkje har noka makt om ikkje Putin vil gje det makt. Mest sannsynleg er flyttinga av Sjojgu fyrste steg på vegen til å fjerna han heilt. Ingen vil bli forundra om Sjojgu om nokre månader deler fengselscelle med Ivanov.

Førre gongen verda fekk sjå ein open kamp mellom klanane i Russland, var då Jevgenij Prigozjin sette i verk eit kuppforsøk. Prigozjin-opprøret synte at Russland ikkje er ein stabil stat. Arrestasjonen av Timur Ivanov og avsetjinga av Sergej Sjojgu er ikkje like dramatisk, men syner at det under overflata er sterke motsetningar innanfor den russiske eliten. Putin styrer ikkje ein monolittisk stat.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Vojna i Pir

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis