Stearinlys i krigen
I november i år har mange innbyggjarar i store, ukrainske byar hatt høve til å nyte venleiken til nattehimmelen for første gong.
Folk vandrar på mørklagde gater i gamlebyen i Kyiv 6. november.
Foto: Murad Sezer / Reuters / NTB
Andrej Kurkov
Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.
Busett i Kyiv i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen.
Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.
Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

Stjernene har aldri hange så lågt over Kyiv, Kharkiv, Lviv og Odesa. Stråleglansen frå dei var alltid skjult av gatelys og lys frå husa. Slik er det ikkje lenger. Etter sjokket frå dei første straumbrota, har ukrainarane nesten blitt vande med den stadige mangelen på elektrisitet og vatn. I dag har kvart husvære eit badekar fylt med kaldt vatn, så vel som forsyning av drikkevatn i femliters plastflasker.
Det er vanskelegare å «flaskefylle» elektrisitet. Ein kan lade batteri og batteripakkar, men ein kan ikkje kople kjøleskap eller frysarar til dei.
Kyiv, til liks med andre byar, tilpassar seg dette nye regimet. Det er ein plan for straumutkopling for kvart distrikt. Nokså typisk er det at straumen blir kopla ut mellom 03.00 og 06.00, så frå midt på dagen til 16.00, og til slutt frå 20.00 til 24.00. Men i røynda kan utkoplinga kome oftare, starte tidlegare eller seinare og vare lenger. Null elektrisitet inneber null internett, og Kyivs hær av IT-ekspertar, inkludert dei som arbeider langvegsfrå i utanlandske selskap, må jobbe til tidleg om morgonen og nøye seg med ein høneblund eller to i løpet av dagen.
Medvitne ukrainarar har slutta å bruke vaskemaskin, oppvaskmaskin og vasskokar – dei krev for mykje energi. No vaskar ein for hand, ofte i kaldt vatn. Somme vil gjerne setje på vaskemaskina, sjølvsagt, men synest det er flautt, eller dei er redde for å gjere det. Naboane kan jo føle vibrasjonane eller høyre duren. Korleis naboane vil reagere på ei så spinngalen sløsing med kilowatt, er ikkje lett å seie.
Samanlikna med dei første åra med ukrainsk sjølvstende har byane i landet fått eit positivt omdømme for stabil elektrisitetsforsyning. På den andre sida har bybuarar hatt ein tendens til å assosiere landleg liv med mangel på dei fleste ting – som til dømes lys. I landsbyhuset vårt i Larazivka er det slik at om du set på vasskokaren om kvelden, blir alle lyspærene i huset dimma – vel, dei pla bli det. Men no er det ingen som bruker vasskokaren. Nett som i byane vil landsbybuarane gjerne gjere sitt til å spare elektrisitet, sjølv om dei er utsette for langt færre straumutkoplingar enn folk i Kyiv.
Ikkje overraskande har etterspurnaden etter stearinlys og straumgeneratorar eksplodert, og no skortar det på begge delar. Stearinlys er det nesten uråd å få kjøpt. Talet på importerte generatorar er tidobla, men dei er for dyre.
Eg hadde ei ironisk haldning til vanen kona mi har med å gje vakre, dekorative stearinlys som gåver til vener og kjende. Eg vart òg litt forvirra da vi fekk stearinlys som gåve. Dei stod der stort sett og samla støv. Men no er tida komen – tida for donerte stearinlys.
Brått innser eg at ei slik gåve verkeleg gjev meining. Eit stearinlys er eit framtidig, «hermetisert» lys – kan hende den einaste lyskjelda i mørke. Dessutan gjev eit stearinlys høve til å skjøne korleis folk levde før elektrisiteten. Det var ei fullstendig anna verd. Utan alle straumslukande apparat sit vi ikkje berre i mørke; vi kan òg vende attende til evige verdiar og filosofiske refleksjonar.
Eit brennande stearinlys gjer rørsler langsamare. Ein person vil aldri haste forbi eit brennande stearinlys i full fart, ettersom rørsla skaper eit vinddrag som kan sløkke det. Populariteten til stearinlyset som handelsvare aukar også verdien på fyrstikker. No får dei òg ein heidersplass på kjøkenet eller på bordet i nærleiken av lysestaken.
Den ukrainske forfattaren og artisten Anatolij Dnistrovij har oppdaga korleis det er å måle i levande lys, og han er oppglødd.
– Det er så kult å teikne i levande lys! Dei gamle meistrane visste noko, fortalde han meg.
Eg spurde Anatolij om han også hadde gått over til penn og papir når han skriv tekstar.
– Sjølvsagt, svara han.
Og så fortalde han at han skriv på to bøker samstundes – utan datamaskin: ei dagbok om livet under krigen og ein meir filosofisk ikkje-fiksjonstekst, om krigen, han òg.
Også andre forfattarar går gradvis over til penn og papir, og dei finn ei særskild glede og ein tryggleik i seg sjølv i den fysiske skriveprosessen. Det er prov på at Russland ikkje vil klare å tvinge dei til å endre vanar og mål. Dei skreiv på datamaskin i elektrisk lys, dei kan skrive med penn og papir i levande lys.
Vi er komne til det siste stearinlyset i huset vårt i Lazarivka, og kona mi seier at den lokale butikken har gått tom for dei.
– Gå til kyrkja og kjøp nokre, rådde eg henne til på telefonen, og innsåg straks kva for eit idiotisk råd det var.
– Du veit at kyrkja er stengd, svara ho.
Ja, kyrkja vår i Lazarivka er open berre i dei største høgtidene. Vi har ikkje ein fast prest, og det vil seie at ein kan kjøpe stearinlys der berre eit par gonger i året.
Den viktigaste stearinlysindustrien i Ukraina har alltid høyrt kyrkjene til. Over heile Ukraina brenn hundretusenvis av stearinlys kvar dag framfor ikon som del av eit religiøst ritual. Sjølv om dei er svært tynne, brenn lys av bivoks lenge. Eg ville ikkje bli overraska over å finne at dei brenn i heimane til mange ukrainarar. For fem år sidan, i romanen Grå bier, skildrar eg livet utan elektrisitet, men med kyrkjelys. Denne romanen er i ferd med å reflektere ei ny, urban røynd.
For åtte år sidan var det alt røyndom for mange som bur i gråsona i Donbas. På den tida truga russiske propagandistar Kyiv: «De kjem òg til å leve som i Donbas! Vi skal bombe dykk flate! Vi skal øydeleggje alt, same kvar de er!» Donbas vart på den tida bomba av russiske «frivillige artilleristar», no sender dei bomber og granatar over heile landet. Draumen deira har vorte røyndom.
Dei første kveldane utan elektrisitet i Kyiv var folk fascinerte over det dei såg. Sosiale medium var fulle av overveldande vakre foto av Kyiv utan gatelys og opplyste vindauge. Det er som å bu i ein by som nett har lagt seg til å sove – som eit barn. Om natta er Kyiv, til liks med andre ukrainske byar, ikkje lenger synleg. Slik vernar natta draumen om den fredelege byen frå fiendar.
Samstundes lærer heile Ukraina å lage stearinlys. Ikkje den vanlege typen som birøktarar ofte kan å lage av voks, men såkalla «skyttargravlys». Ukrainarar kastar ikkje lenger tomme blikkboksar. I staden blir dei nytta til å produsere primitive skyttargravlys som blir sende i kasser til ukrainske soldatar ved fronten.
Alt ein treng for å lage eit skyttargravlys, er litt papp, ein blikkboks og naturleg voks eller reinsa parafin eller olje – til og med palmeolje kan brukast. Ein skjer pappen i strimlar og samlar han i ein bunt som høver til storleiken på boksen, ein bit tjukk papp blir ein veike. Ein smeltar voks eller reinsa parafin på omnen og tilfører olje, om ein har. Den smelta blandinga blir tømd over pappbunten.
Når det har stivna, er lyset ferdig. Det kan brenne i opptil seks timar, og ein kan jamvel koke kaffi eller varme mat på det. Som ei kjelde til så vel varme som lys er eit skyttargravlys svært viktig, særleg når vinteren nærmar seg, og skyttargravene er fuktige og kalde.
Sivilistar i Kyiv lagar skyttargravlys på dugnad for det ukrainske militæret.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Skyttargravlys har eit anna namn – «finsk lys». Det blir sagt at desse lysa først vart nytta av finske soldatar i vinterkrigen i 1939. For meg verkar det som den komande vinteren vil minne mykje om krigsvinteren i 1939, da Sovjetunionen gjekk til åtak på vesle Finland. I den krigen mista Sovjet 126.000 soldatar og offiserar, medan om lag 250.000 vart skadde.
Sjølve krigen vara i berre 105 dagar – da bestemte Sovjet seg for å stogge aggresjonen, ettersom dei hadde mislukkast i å erobre Finland og hovudstaden Helsinki. Likevel okkuperte og heldt Sovjetunionen ein del av finsk territorium – Karelen.
Krigen i Ukraina har vara i over 260 dagar. Ifølgje det ukrainske forsvarsdepartementet har over 77.000 russiske soldatar alt vorte drepne. Russland hevdar at talet er berre tiandeparten.
I 1939 budde det under fire millionar menneske i Finland. Landet mista 26.000 soldatar i krigen. Dei forsvarte sjølvstendet sitt, sjølv om Finland var truga i mange år av den austlege naboen sin – Sovjetsamveldet.
Eg trur russiske politikarar burde ha lese om att historia om vinterkrigen før dei bestemte seg for å angripe Ukraina. I desperasjon etter å sjå ein veg framover for ambisjonane sine mot Ukraina, ser russarane til klimaet og «general Moroz» (general vinterfrost), som russarane tradisjonelt ser på som ein effektiv alliert i krigen.
I Ukraina har militær rang aldri vorte tildelt klimatiske fenomen som «frost» eller «regn», ikkje eingong for spøk. Men i Russland blir slike omgrep som «general frost» og «general vinter» tekne ekstremt seriøst. Russisk Wikipedia har til og med ein artikkel kalla «General Frost», som forklarer korleis vinteren alltid har hjelpt den russiske hæren med å «overvinne vesteuropeiske fiendar».
Den same artikkelen fortel at det var vinteren som hjelpte Peter den store med å slå den svenske hæren til Karl XII i slaget i nærleiken av Poltava. Av ein eller annan grunn står det ingen ting der om at i denne krigen støtta den svenske hæren den ukrainske hæren til Hetman Mazepa, og at ukrainarane aldri frykta kulda.
Svenskane må jo òg ha vore vande med kaldt vêr. Eg trur heller at det som avgjorde den russiske sigeren, var «den brende jords taktikk» som dei nytta da dei øydela alt som var innanfor synsvidd etter kvart som dei gjekk framover. Ingen overraskingar der.
Den viktigaste stearinlysindustrien i Ukraina har alltid høyrt kyrkjene til, ikkje minst denne, St. Volodymyr-katedralen i den ukrainske hovudstaden.
Foto: Murad Sezer / Reuters / NTB
Same kva er millionar av ukrainarar opptekne av at dei ukrainske soldatane skal halde seg varme denne vinteren. I den sørlege delen av Odesa-regionen, nær byen Reni, ligg landsbyen Kotlovina, som er hovudstaden til det ukrainske gagauzfolket – ein tyrkisktalande nasjonal minoritet. Dei fleste kvinner og til og med nokre menn samlar seg kvar kveld for å strikke varme ullsokkar til ukrainske soldatar. Gagauzfolket driv tradisjonelt med sauehald, så dei har svære lager med ull.
Folk i Kyiv har òg funne fram alle dei gamle ullsokkane som er strikka av bestemødrer og oldemødrer. Sentralvarmen har endeleg kome attende i sentrale husvære i Kyiv, men ingen ventar at radiatorane vil bli meir enn lunka. Dei varme sokkane vil kome godt med.
Det er framleis portforbod i Kyiv. Barar, kafear og restaurantar stenger rundt 22.00, slik at kundane kan vere trygt heime innan 23.00. I barane, som ofte ligg i kjellarar eller tidlegare bomberom av betong, er det framleis mykje folk. Når straumen blir kopla ut, tenner dei stearinlys og sluttar å ta imot bankkort. Da kan ein betale for neste single malt eller bourbon berre med kontantar. Men stemninga blir varmare og meir romantisk.
Nyleg kom ordføraren i Kyiv uforvarande med ei åtvaring til innbyggjarane i hovudstaden om at dei kunne bli nøydde til å evakuere heile folkesetnaden, tre millionar menneske, dersom all infrastrukturen vart øydelagd av russiske missil. Folket i Kyiv vart sett i harnisk. Dei er vande med at det ikkje er oppvarming i barar og kafear, og di fleire kundar som kjem, di varmare vil det bli – evakuering er ikkje noko val.
Optimismen til innbyggjarane i Kyiv verkar vere i strid med sunn fornuft. Men om optimismen sigrar og det ikkje blir noka evakuering i vinter, vil det bli hugsa i generasjonar frametter. Denne vinteren vil bli hugsa som ei lovprising av det ukrainske sinnelaget, som ein dramatisk periode i livet til landet, med brennande lys som kan gje mange timar med ikkje akkurat strålande lys, men som vi kan lage med våre eigne hender.
Andrej Kurkov
Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.