Krigsfinansiering
Denne krisa kjem EU og USA og Storbritannia til å finansiera gjennom å trykkja pengar. Noreg må diverre selja delar av Oljefondet.
Pengane i Weimar-republikken etter fyrste verdskrigen mista all verdi. Dei vart leiketøy for ungar.
Finans
jon@dagogtid.no
Det er mykje som er usikkert, men at USA, Storbritannia, euroområdet og Japan, men ikkje Noreg, kjem til å finansiera denne krisa gjennom pengetrykking, er sikkert. Så lat oss spekulera litt om valuta. Valutaspekulasjon er elles ikkje noko vi bør gje oss i kast med, for i valutahandel finst det ikkje ingen meirverdi å fordela. Går ein valuta opp i verdi målt mot ein annan, er den samla verdien av dei to valutaene likevel den same. Men sjølv om valutaspekulasjon er eit nullsumspel, er det ein svær marknad for spekulasjon der ute.
Kvifor? Så underleg det enn kan høyrest ut, finst det ei stor mengde spekulantar som kan historie, verkeleg godt. Det finst statar som har ein heilt trygg valuta, og det finst statar som har ein verkeleg veik valuta. I den eine enden finn vi Sveits, og i den andre Noreg. Sveits har verdas mest truverdige valuta, Noreg har per dags dato ein u-landsvaluta. Det finst for tida knapt handel med norske kroner utover dei kjøpa Noregs Bank gjer. Ingen vil ha norske kroner.
Sveits er særmerkt
Sveitsiske franc, derimot, er alltid populære i krisetider, ja, i dei fleste tider. Sett frå Noreg er den sveitsiske nasjonalbanken ei underleg plante i Guds rike. Han er privateigd og notert på den sveitsiske børsen. 55 prosent av aksjane vert eigde av regionalbankar og kantonar, som ikkje sel aksjar, og 45 prosent vert omsette fritt. Om du vil ha ein aksje i ein sentralbank, kan du kjøpa ein sveitsisk sentralbankaksje og få utbetalt eit årleg utbyte av overskotet.
Den sveitsiske nasjonalbanken er den mest truverdige banken i verda. Han har aldri tillate inflasjon og er så heldig at han representerer eit folk som er allergiske mot underskot på statsbudsjett og handelsbalanse. Sveits er kanskje verdas mest demokratiske samfunn, og ein kan vera heilt trygg på at om sveitsarane vert presenterte for eit forslag som aukar offentlege utgifter, så røyster dei det ned. I Sveits er skattane låge og dei offentlege utgiftene lægre.
Men etter finanskrisa kjende den sveitsiske sentralbanken seg tvinga til å trykkja pengar. Etter kvart som verdsøkonomien kom i gang att, såg spekulantane at den store gjeldsbøra krisa hadde ført med seg, hadde leidd til at sentralbankar rundt omkring i verda satt med store mengder gjeldspapir i balansane sine. Det hadde til dømes vorte langt fleire euro der ute i høve til sveitsiske franc. I ein normal situasjon skulle dette føra til at sveitsiske franc vart mykje dyrare og euro, ja, alle andre valutaer, mykje billigare. Marknaden byrja å kjøpa franc som aldri før.
Større enn Oljefondet
Francen såg ut til å vera på ein evig opptur. Dei fleste ser på Sveits som ein reindyrka finansinstitusjon, men det er det Luxembourg som er. Sveits har òg ein stor industriproduksjon, vi treng berre seia Nestlé og farmasi og klokker. Sveits produserer mykje som er dyrt og basert på avansert teknologi. Store delar av den sveitsiske industrien vart truga av prisoppgangen på franc. Den sveitsiske nasjonalbanken trykte difor på knappen, dei laga massivt med nye franc, som dei ikkje nytta til å finansiera sveitsiske offentlege utgifter, nei, nei. Dei byrja å kjøpa yen, euro og dollar med dei nytrykte pengane. Dei siste fem åra har den sveitsiske nasjonalbanken ligge i krig med den internasjonale valutamarknaden. Ja, Sveits aksepterer at francen er sterk og dyr, men altså ikkje så sterk og dyr.
No sit den sveitsiske nasjonalbanken på ei enorm formue. Han har opna kontor i både Singapore og New York og er vorten ein av dei største eigarane i mellom anna Apple. Sveits har fått ei litt større formue enn Noreg har i form av Oljefondet, og det berre gjennom å trykkja pengar. Kan Noreg gjera det same? Neppe. Noreg vantar heilt truverd i den internasjonale marknaden. Historia syner at Noreg knapt har forsvart den norske krona, og at vi som nasjon har hatt mykje mindre styring på nasjonaløkonomien enn Sveits. Og som nemnt: Det er knapt nokon som vil ha norske kroner i urolege tider.
Byrjar Norges Bank å selja kroner gjennom til dømes å finansiera det store underskotet vi no får på statsbudsjettet, vil krona halda fram med å gå ned. U-landsvalutaer kan ikkje nyttast til å finansiera underskot utan at inflasjonen tek av. I Noreg må underskotet på statsbudsjettet finansierast gjennom sal av aksjar og obligasjonar i Oljefondet. Det står faktisk eksplisitt i det norske lovverket om korleis staten skal finansiera seg, at så lenge det er midlar i Oljefondet, kan ikkje staten låna pengar for å finansiera underskot.
Lei posisjon
Dette er sjølvsagt litt trist. Det geniale med Oljefondet er at det gjev oss produksjonskapasitet i utlandet. I praksis er den norske arbeidsstyrken mykje større enn den vi har innanlands. Vi får taka del i det overskotet arbeidarar verda over skaper. Vil marknaden ha fleire telefonar frå Apple, lagar arbeidarar fleire telefonar, og overskotet i Apple går opp. Delar av dette overskotet hamnar i Oljefondet. No skal vi, om krisa vert langvarig, og det vert ho nok, selja aksjar i Apple for å finansiera norske arbeidarar som står utan arbeid og dimed ikkje skapar verdiar.
Men at Noreg ikkje kan finansiera underskotet gjennom å trykkja pengar, tyder ikkje at andre område ikkje kan gjera det. I urolege tider vil investorarar sitja på kontantar, dei vil vera likvide. Den tryggaste likviditeten i urolege tider er i dei største valutaene, nummer éin er amerikanske dollar, nummer to er euro. Det er snart 50 år sidan Richard Nixon gjekk ut av gullstandarden – ein kunne ikkje lenger veksla dollar inn i gull – og oppheva det vestlege fastkurssystemet. Dette gjorde han mellom anna av di han ville stå fritt til å lånefinansiera offentleg sektor. Det var nok av dommedagsprofetar der ute som sa at dette ville føra til amerikanske dollar ikkje lenger kom til vera verdas reservevaluta.
Slik gjekk det verkeleg ikkje. Nixon annonserte at dei gjekk av gull ein sundagskveld. Dagen etter gjekk børsen i New York opp med 4 prosent. Ja, det kom nokre urolege år, men dollaren har i hovudsak halde seg oppe, og under og etter finanskrisa har verda vorte endå meir avhengig av dollar. I praksis er Federal Reserve (FED) den totalt dominerande aktøren i verdas pengemarknader. Omverda vil i urolege tider betala USA for å kunne sitja på dollar. Vi er desperate etter å låna pengar til USA.
Oppblåst balanse
Etter finanskrisa femdobla balansen til FED seg. FED kjøpte enkelt og greitt lån. Dei kjøpte gjeld frå verksemder, delstatar, kommunar, bankar, ja, til og med frå industriverksemder. Men særleg mykje føderal gjeld kjøpte omverda. I praksis har Den europeiske sentralbanken (ECB) gjort de same. ECB har òg mangedobla balansen. No skal ECB og FED igjen gjera det dei gjorde under og etter finanskrisa. Dei skal finansiera alt mogleg rart gjennom trykking, men særleg skal dei finansiera statsgjeld. Balansane skal igjen dobla seg, og så dobla seg igjen, om dette vert langvarig. I desse dagar får til dømes alle vaksne amerikanarar pengar inn på konto, direkte frå FED. Og omverda gjev blanke blaffen i at USA både har store underskot på handelsbalansen og på statsbudsjettet. Dollar er den trygge hamna.
Det som kjem til å skje no, er at fyrst byggjer statar opp enormt med ny gjeld, som i stor grad vert liggande i balansen til sentralbankane, og så kjem privat sektor til å få avskrive svært mykje av den gjelda dei har skaffa seg. Mykje av den nye gjelda til statane vil så verta nytta som ny eigenkapital i verksemder som elles ville ha vorte nedlagte. Og nei, lite eller ingenting tyder på at sentralbankane nokon gong kjem til å krevja attende den gjelda dei har kjøpt. Dei kjem nok ikkje til å brenna obligasjonane dei sit på, men det er ikkje langt unna.
Som under krigar
At sentralbankar gjer dette, er ikkje noko nytt. Den japanske sentralbanken har finansiert dei svære låna som den japanske staten kvart år tek opp, i fleire tiår no. Og som Mario Draghi, den førre sentralbanksjefen i ECB, har peika på, koronakrisa er i praksis krig, og under krigar vert det meste finansiert gjennom pengetrykking. I Italia og Tyskland vart mellom 6 og 15 prosent finansiert gjennom auka skattar under fyrste verdskrigen. I Frankrike og Austerrike-Ungarn vart alt finansiert gjennom pengetrykking. Ja, Frankrike hadde trong til både olje og våpen produserte i USA. Men det betalte britane for. Storbritannia var då som Noreg no, dei hadde store eigarskap i mellom anna amerikanske verksemder. Under fyrste verdskrigen forsvann halvparten av dei oversjøiske investeringane britane hadde. Under andre verdskrigen forsvann resten. Om nokon no er uroleg for Oljefondet og ser ein analogi i Storbritannia, er det forståeleg.
Men vi veit kva som skjedde etter fyrste verdskrigen i Tyskland, dei fekk hyperinflasjon. Det fekk ikkje Storbritannia, dei fekk sin inflasjon etter andre verdskrigen. Staten sat med 270 prosent av BNP i statsgjeld etter dei to krigane og betalte mykje av den gjelda gjennom inflasjon i fleire tiår etter den andre verdskrigen. Dei britane som hadde vore patriotiske nok til å kjøpa statsgjeld under krigen, tapte det meste. Tyskland etter andre verdskrigen fekk ingen inflasjon. Konrad Adenauer og den amerikanske okkupasjonsgeneralen Lucius D. Clay gjennomførte ei pengereform. Dei avskreiv i praksis nesten 90 prosent av pengemengda som tyskarane sat på. Pengetrykkinga vart også der til slutt kverrsetting av oppsparte pengar.
Alle taper
Så kva kan vi venta etter at denne krisa er over? Inflasjon, avskriving av folks sparepengar? Sei det. At sparepengar forsvinn, er heilt openbert. På lik line med at Oljefondet vert mykje mindre verdt, vert verksemdene mykje mindre verdt. Ja, sentralbankane kjem til å taka mykje av gjelda på si kappe, men det kjem òg store avskrivingar i marknaden. Spørsmålet er kor store dei vert. Om dei vert for store, får vi ei finanskrise. Her må regjeringar og sentralbankar balansera på slak line.
Inflasjon verkar ikkje så truleg. Vi fekk det ikkje etter finanskrisa. Ja, når verksemdene ikkje produserer varer, skal dei varene som er der ute, gå opp i pris. Til dømes har prisen på ris i verdsmarknaden gått rett opp. Men råvarer er billige no, særleg olje, som er den mest verdifulle. Dessutan hadde vi ikkje inflasjon å snakka om før krisa, dimed er det låge forventningar til at prisane skal gå opp, og krisa skal ikkje vara evig. Når ho er over, er det mykje ledig produksjonskapasitet der ute.
Men nei, dette gjeld ikkje for Noreg. Trykker vi pengar, går inflasjonen opp sidan omverda ikkje vil ha norske kroner. Før oljeprisen igjen vert høg, har vi ikkje noko truverd der ute. Men sjølvsagt er det ikkje ei ulempe at vi sit på Oljefondet, det gjev oss ein fleksibilitet som få andre har. Det store spørsmålet er kven vi skal berga, og kven vi skal lata døy der ute i marknaden. Det vert ei tung oppgåve anten staten gjer det sjølv eller set vurderingane ut til meklarhus eller bankar. Tak eit så enkelt spørsmål som hotellnæringa og Petter Stordalen. Stordalen har i dag ikkje kundar, men om han går konkurs, vil hotella framleis stå der, og dei permitterte arbeidarane kan koma attende, sjølv om hotella har ein annan eigar.
For tida går Norges største lobbykamp nokosinne føre seg. Det finst knapt ein einaste eigar av norske verksemder som ikkje meiner nett hans verksemd er samfunnskritisk. Men bør vi til dømes berga dei store eigedomsbaronane gjennom å selja amerikanske teknologiaksjar? Kva er mest lønsamt for Noreg samla? Dette er spørsmål Dag og Tid-lesarane skal vera glade for at dei ikkje må svara på.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om nokon no er uroleg for Oljefondet og ser ein analogi i Storbritannia, er det forståeleg.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.