Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kristendemokrati og kommunisme

I revidert nåtid slit KrF og Raudt med historiske røter, klisjear og røyster frå fortida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
KrF-leiar Olaug Vervik Bollestad og Raudt-leiar Bjørnar Moxnes inviterer begge til landsmøte i helga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

5584
20230421
5584
20230421

hompland@online.no

Kristeleg Folkeparti og Raudt har landsmøte denne helga, Raudt i oljebyen Stavanger, KrF til Hamar som slakt. Dei er alen av same stykke, men i kvar sin ende. Dei er parti for truande i eit politisk og religiøst sekularisert samfunn. Dei er identitetskulturar med drag av sekt. Dei er ideologisk og moralsk baserte, med hang til forvaltar­ansvar for verdiar som får fram «hovedmotsigelsen». I sjølvoppfatning kan dei vera breie folkeparti, men med klar profil.

Når dei blir råka av røynd, er dei nær den parlamentariske utgangsdøra; dei er sperregrenseparti. Men KrF har ei betre redningsbøye ettersom dei trufaste kjerneveljarane er samla i geografiske nisjar.

DEI TO PARTIA har, eller har hatt, sine gudar og frelsarar: Marx og Mao, Gud og Jesus. Og sine truvedkjenningar: KrF med Bibelen og dei kristne verdiane, Raudt med klassekamp og eit sosialistisk samfunn.

KrF har revidert partiprogrammet og bruker merkelappen «kristendemokratisk», som dei prøver å forklara med framandorda «personalisme» og «subsidiaritet». Det postkommunistiske Raudt har grønvaska programmet og tatt ein ryddesjau i den revolusjonære retorikken, men held i live ein rik klisjéflora. Og dei har freda sluttsatsen: «Grunnprinsippet er ’yte etter evne, få etter behov’. Det var dette Karl Marx kalte kommunisme.»

RANKE OG REINE vil dei vera, men også innstilte på samarbeid. KrF har vore med i alle borgarlege samlingsregjeringar det har vore mogleg å vera med i. Men Vertinna minnest at gamlehovdingen Kjell Bondevik slo fast at partiet hadde sine ukrenkelege hjartesaker og ikkje ville selja førstefødselsretten for ein linse­velling. (1 Mos 25,31–34). Det var i kamptida om abortlova då KrF tapte og ville vera vekkerop i fri stilling, men det gjekk raskt over. Nå diskuterer dei å godta sjølvbestemt abort og dela ut gratis prevensjon til unge jenter.

Dei fordoms antireformistiske og utanomparlamentariske slår fast at «Rødt er en maktfaktor i politikken». Dei er del av det såkalla raud-grøne styringsgrunnlaget i fleire kommunar, til dømes i Oslo, men ikkje på Stortinget. Draumen dei ber på, er ikkje forpliktande koalisjonar, men å vera på vippen og påverka gjennom faste samarbeidsavtaler.

KRF VANDRAR i dødsskuggens dal og tar seg ein bolle. Minipartiet er ute av vetoposisjon hos Solberg, og dei kan ikkje spela på å skaffa Støre-regjeringa fleirtal. Dei har sigla i smulare sjø etter at nåverande sjøfartsdirektør Hareide grunnstøytte i den interne partikampen om å legga kursen til venstre for sentrum. Men nedover går det.

Årsakene stikk djupare enn det taktiske og strategiske. KrF har eit demografisk og sosio-geografisk problem som tenderer mot det eksistensielle. Stadig færre gøymer seg på bedehusa og kjenner seg heime i KrF. Når partiet vil vida seg ut, lekk det til småparti som er trussamfunn av dei siste dagars heilage – til dømes Partiet De Kristne, som i Norge i dag har endra namn til «Konservativt». KrF er ikkje lenger eit landsfemnande parti, men tilbake der dei starta, som eit regionalt fenomen i bibelbeltet mellom Rygjarbit og Romsdal.

Bollestad er ei slags uhøgtideleg og likande Mor Go’hjerta, med mann i bar overkropp på sosiale medium. Men glød og empati kan ikkje løyna at det politiske havet hennar er ganske grunt. Andre partitoppar ser eller høyrer ein knapt noko frå.

RAUDT HAR MANGE taleføre, ikkje minst den ustoppelege og koseklumpete Mímir som er Gerhardsen-apologet og trygdefolkets megafon.

Etter at Raudt blei samla på ruinane av AKP(m-l), Raud Valallianse og ymse smågrupper på ytre venstre, har dei drive vellukka partibygging, med den tilforlatelege, streite, dyktige, fleksible og skulelæraraktige Bjørnar Moxnes som frontfigur. Han er m-l-unge og andre generasjon i rørsla, men utan tung ballast frå gamle partikampar.

RAUDT vil VERA USAMD i at dei har som ambisjon å bli eit breitt folkeparti. Dei vil tena folket, men er «et nytt arbeiderparti». Dei har nokre støtte­spelarar i kampdelen av fagrørsla, men veljartyngda ligg i mellomlaga i offentleg sektor. Dei er proletariserte i sjølve programmet, men ikkje i praksis.

Det er ikkje lenger uoverstigelege kløfter rundt partiet. Raudt er liksom berre meir av det SV har meir av enn Arbeidarpartiet. Dei er eit raudt storindustriparti som låner grønt frå Senterpartiet og MDG.

INTERNT HAR DEI PLAGA seg med ei symbolsk markering utan praktisk betydning. Borgarkrigen har nørt nedgravne og ulmande spenningar, men ikkje endra veljaroppslutninga, for det er tungt politisk fleirtal for våpenhjelp til Ukraina. Leiande kadrar har bytt side, men brukt mykje kraft på å forklara at dei framleis er mot USA-imperialisme og for fred. Når SV går inn i Nato, er det viktig å stå fram som den einaste sanne utanrikspolitiske opposisjonen.

FOR MANGE VAL SIDAN røykte Kjell Magne Bondevik offentleg ein feit og syndig sigar, og Valgerd naut eit synleg glas raudvin. Det var mens «kontantstøtte» var lokkande for barnefamiliar som ikkje fekk plass, eller som var mot barnehagar. Då brukte KrF slagordet «Du er nærmere KrF enn du tror». Varianten til å klistra på bakruta i bilar måtte trekkast tilbake fordi det var trafikkfarleg, men dei gjorde eit godt val.

For tida har Spaltisten språkleg sans for eit finurleg kulepunkt i Raudts handlingsprogram, som er ein vri på eit slagord frå Paris 1968: «Rødt er umulige og krever det realistiske».

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Raudt er meir av det SV har meir
av enn Arbeidarpartiet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis