Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kritisk Bildt-biografi

Høgrepolitikaren Carl Bildt får passet påskrive i ein stor biografi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den kjende journalisten Björn Häger har skrive biografien om Carl Bildt.

Foto: Luca Bruno / AP / TT / NTB scanpix

4380
20170825
4380
20170825

ottar@dagogtid.no

Denne veka kom Uppdrag Carl Bildt. En svensk historia ut i Sverige, og biografien om den kjende svenske politikaren er på meir enn 600 sider. I nærare fem tiår har Carl Bildt stått i sentrum av svensk politikk. Han har vore både leiar for Moderaterna, som svarar til Høgre, og utanriksminister.

BILDT VEIT ALT

Boka er skriven av den kjende radio- og fjernsynsjournalisten Björn Häger, og ho vert omtalt som eit samansett og nærgåande portrett. Undervegs fekk Häger berre nokre minuttars audiens hjå Carl Bildt.

– Men likevel har han skrive ein lesverdig og avslørande biografi om politikaren som stadig dukkar for kritiske spørsmål, skriv Wilhelm Agrell i Sydsvenskan.

I Sverige er det få politikarar eller personar som vekkjer så mange kjensler som Carl Bildt.

– Etter Dag Hammarskjöld og Olof Palme var han i særklasse vår internasjonalt mest kjende statsmann, hevdar Norstedts forlag.

Bildt har vorte omtalt som rockestjerna i politikken, men også som teflonmannen som rister av seg skandalar og mistak.

Men det finst også dei som meiner at som leiar for det svenske høgrepartiet står Bildt i skuggen av både svigerfaren Gösta Bohman og Fredrik Reinfeldt, men han vert likevel omtalt som den mest framståande borgarlege utanrikspolitikaren i Sverige i moderne tid.

I meldinga viser Agrell til teknikken Bildt utvikla for å handtera kritiske spørsmål frå journalistar, ein teknikk han også brukte som utanriksminister overfor eigne tenestemenn.

– Utgangspunktet er det sjølvsagde intellektuelle overtaket. Bildt veit alt, i det minste betre enn alle andre. Kritiske spørsmål eller, gud betre, spørsmål som han ikkje veit svaret på, er per definisjon korka, irrelevante eller vondsinna. Dette forklarar han for journalisten, som i beste fall misser tråden, der Bildt anten travar i veg eller held ei kortare førelesing om eit favorittemne, skriv Agrell.

SKRIV OM HISTORIA

Agrell fortel også om sommaren 1995 då Carl Bildt fekk jobben som EUs forhandlar i Bosnia, og saka om den bosnisk-serbiske generalen Mladic hamna på bordet hans:

– Som så mange andre vesteuropeiske politikarar, diplomatar og militære, vert Bildt rundlurt. Han trur at han skal kunna forhandla med skurkar, men undervurderer både Mladics folkemordslogikk og sin eigen mangel på kunnskap. Alt dette er menneskeleg og forståeleg, men Bildt fornektar og retusjerar, skriv om historia slik at ho passar han, og møter all kritikk med at dei er ukunnige, ikkje har lese seg opp eller stiller feil spørsmål.

Han viser til at i iveren etter å reinvaska seg, tonar Bildt ned omfanget av massakren, samstundes som han veltar over ansvaret på offera som ikkje freista å forsvara seg, i det minste ikkje godt nok.

Under Balkankrigen kom Bildt også i konflikt med USA på grunn av ei mjukare haldning til Serbia. Det er elles verd å merka seg at Bildt sette seg mot å gripa inn mot Gaddafi i Libya.

Oppdraget i Bosnia gjorde Carl Bildt kjend. Han fekk eit stort kontaktnett, og kunne tena store pengar. Bildt fekk styreoppdrag i Lundin Oil og Vostok Nafta, som var deleigar i russiske Gazprom. Då han vart utanriksminister i 2006, vart dette problematisk, og han avslutta engasjementet, men først etter at han hadde tent millionar på aksjar. Lundin Oil engasjerte seg også i Sudan, og internasjonale organisasjonar har sidan kome med sterk kritikk av dette engasjementet.

PENGEHUNGRIG

I Expressen har meldinga av biografien fått tittelen «Carl Bildt erkänner bara sina egna regler». Johan Hakelius hevdar at Björn Hägers blottar ein makt- og pengehungrig politikar som alltid har rett. Han meiner at biografen dessverre mislukkast med å nærma seg mennesket Carl Bildt, og hevdar at biografien lèt hovudpersonens uvilje mot å samarbeida setja rammene for boka.

I ei av meldingane vert det vist til at Björn Hägers bok om Bildt skildrar ein person av paradoks. Når dei svenske bokmeldarane skal karakterisera Carl Bildt ut frå biografien, heiter det til dømes:

«Folkkär genom att helt sakna folklighet».

«Det påstods at ibland att Olof Palme var en gåta, men i jämförelse med Bildt var han en öppen bok».

«Bild har insett att man med rätt dos av självförtroende och fräckhet kan underminera journalisternas trovärdighet».

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Bildt veit alt, i det

minste betre enn

alle andre.

Wilhelm Agrell

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis