Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kroken på døra

Skipsindustrien på Vestlandet er i krise. Størst er krisa på Søre Sunnmøre,
og framtida ser heller ikkje lys ut.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå då tidene var gode for Kleven i Ulsteinvik. Her er hurtigruteskipet MS «Roald Amundsen» nesten ferdig.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

4881
20200710

Samtalen

Jørgen
Torstensen

Analytikar i meklarhuset Fearnley

Aktuelt

Konkursfare i
skipsindustrien

4881
20200710

Samtalen

Jørgen
Torstensen

Analytikar i meklarhuset Fearnley

Aktuelt

Konkursfare i
skipsindustrien

Skipsindustri

jon@dagogtid.no

Søre Sunnmøre har vore den fremste eksportøren per innbyggjar i Noreg, Herøy har hatt flest milliardærar etter folketalet, og heilt sidan bankrisa i 1992 har dei fleste pilene peika rett opp. Det er ikkje få sunnmøringar som har sola seg i suksessen. No peikar det meste rett ned. Alle dei store supplyreiarlaga på Sunnmøre har gått gjennom gjeldssanering, mange milliardar har gått tapt, og denne veka gjekk det tradisjonsrike skipsverftet Kleven i Ulsteinvik konkurs. Ordrebøkene er tomme, kassa endå tommare, og alle arbeidarane er sagde opp og sende heim. Nordlendingane snakkar om svart hav. På Sunnmøre er det bekmørkt. Jørgen Torstensen er analytikar i meklarhuset Fearnley, som arbeider særleg med offshore og skip.

– Det var greitt på Sunnmøre før. Supplyreiarane på Herøy tinga skip i Ulsteinvik, og alle tente gode pengar. Kvifor stogga dansen?

– Det er både komplekst og enkelt. Problemet har vore å samanstilla kapasiteten som vart etterspurd i oljenæringa, med når ein kunne levera skipa. Reiarane bad om alle moglege spesifikasjonar og hadde stor betalingsvilje. Betalingsratane oljeselskapa gav, var fantastiske for alle supplyskip. Så går oljeprisen ned, alt krasjar, og ratane går nesten ned til null. Då sit skipsverfta der med stor kapasitet, og kundemassen har vorte borte over natta. Kundane til verfta har null betalingsevne, korkje for båtane dei alt har tinga, eller for båtane dei hadde planar om å tinga. Over natta går ein frå ein situasjon der alle vil byggja båt, til ein situasjon der ingen vil byggja båt.

– Vi veit at det å levera til oljenæringa er «boom and bust», men kan ikkje reiarane éin gong læra å jamna ut ting? Alle som har levd ei tid, veit at bransjen går i syklusar.

– Eg trur vi må over på spelteori for å forstå kva som skjer. Du er reiar og veit at du har alt å tena på å tinga eit nytt skip, men då under føresetnad av at grannereiaren ikkje gjer det. Men samstundes veit du at om du tingar eit skip til 100 millionar, så er ratane så gode at du kan tena inn att investeringa på 18 til 24 månader. Når du ser at marknaden er så god, veit du samstundes at nokon der ute kjem til å taka den investeringa. Og når alle tenkjer slik, det vera seg Havila eller Dof, vert det til slutt stor overkapasitet, både på reiarsida og på verftssida.

– Men bankane må då vita? Dei har tapt pengar på bransjen ved fleire tidlegare høve.

– Eg trur den same dynamikken gjer seg gjeldande der òg. Du veit at om du ikkje stiller opp med pengane, gjer grannebanken det. Frå 2016 av vart det annleis. I perioden etter har bankane vore opptekne med å restrukturera selskapa. Dei meste av tapa har obligasjonseigarane teke. No kjem det ein ny runde. Og denne gongen må bankane truleg taka ein større del av tapa. Dei finansierer ikkje supplyskip med det fyrste.

– Etter oljekrisa i 1973 gjekk staten inn med enorme subsidiar til skipsverfta. Kvar arbeidar vart subsidiert med langt større summar enn han fekk utbetalt i løn. Kan det same henda no?

– Vi lyt hugsa at verftsindustrien er mindre viktig no enn i 1970-åra. Då er det mindre truleg at staten gjev store subsidiar. Men ja, det finst område der skipsindustrien framleis er særs viktig, til dømes på Søre Sunnmøre. Der er dei svært hardt råka.

– Kjem denne maritime klyngja på Søre Sunnmøre no til å forsvinna?

– I mitt hovud er det slik at sjølv om produksjonskapasiteten har vorte altfor stor, så har han likevel ikkje null verdi. Offshore-vind og andre maritime bransjar kjem til å koma etter oljen. Dei treng produksjonskapasitet. I dag har vi ein særs avgrensa installasjonskapasitet for havvind i Noreg, til dømes. Det er absolutt ein marknad for andre typar fartøy. Eit anna døme er brønnbåt eller andre typar nybygg til sjømatnæringa. Dessutan kan oljebransjen koma attende og tinga med andre typar spesifikasjonar. Eg trur ikkje det siste oljesupplyskipet er bygd, men i overskodeleg framtid er det mindre sannsynleg at vi ser ordrar på denne typen nybygg.

– Avisene på Sunnmøre er fulle av artiklar om at arbeidsplassar kan bergast, og at drift kan halda fram. Er det ikkje litt uærleg å gje arbeidarane von?

– Det kjem nok an på kor snevert ein ser på det. Det er usannsynleg at det vert bygd nye supplyskip dei neste åra. Men det finst andre typar fartøy til andre næringar som ikkje er så prega av «boom and bust». Det treng ikkje vera slik at heile bransjen skal døy. Verftsselskapet Havyard var kjent for Icebreaker-båtane, som var populære i oljenæringa. Dei har bygd supplyskip for offshore-vind. Eg meiner det er rom for omstilling.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Du veit at om du ikkje stiller opp med
pengane, gjer ­grannebanken det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis