Kultur for konsensus
Å kritisere den svenske koronastrategien har ikkje vore enkelt.
peranders@dagogtid.no
«Folkhälsomyndigheten har mislukkast – no må politikarane gripe inn». Det var tittelen på ein kronikk i Dagens Nyheter 14. april, signert Lena Einhorn og 21 andre vitskapleg utdanna forfattarar, inkludert fleire professorar i virologi. Talet på koronadødsfall i Sverige var da ti gonger så høge som dei finske i høve til folketalet, og forfattarane tok til orde for langt strengare tiltak. Kritikken vart ikkje berre blankt avvist av Anders Tegnell, men vart òg møtt med rasande åtak frå andre svenske forskarar. Og det vart ikkje lettare å kritisere Folkhälsomyndigheten etter kvart.
Lite rom for kritikk
I ein artikkel i tidsskriftet ScienceMag, ein filial av prestisjetunge Science, fortalde ei rekkje forskarar 6. oktober om eit debattklima med lite rom for kritikk av den svenske koronastrategien. Den belgiske epidemiologen Nele Brusselaers ved Karolinska Institutet i Stockholm var med i same vitskapsforum som Lena Einhorn. Ho vart fleire gonger refsa av leiinga for synspunkta sine, og valde til slutt å forlate Sverige. Andre legar fortalde at dei fekk skarp reprimande fordi dei valde å bruke munnbind på sjukehusa dei arbeidde ved: Det vart sett på som eit brot med den offisielle politikken, trass i at det har vore mange koronautbrot ved svenske sjukehus.
Presset har hatt følgjer. Fleire av deltakarane i Vetenskapsforum Covid-19 har trekt seg frå ordskiftet fordi dei ikkje orka meir. «Kanskje Sverige har for mykje av ein konsensuskultur», sa Göran Hansson, medisinprofessor og generalsekretær i det svenske vitskapsakademiet, til ScienceMag.
Overser vitskapen
Biletet er likevel ikkje entydig, fortel Andrew Ewing til Dag og Tid. Han er professor i kjemi ved Universitetet i Gøteborg, og med i vitskapsforumet. Ewing har kritisert den svenske koronastrategien hardt i Time Magazine og The Lancet.
– Eg har blitt skjelt ut av andre forskarar på Twitter nokre gonger, men eg vil seie at fleire har støtta meg i det stille. Nokre av dei eg respekterer mest fagleg, har oppmuntra meg til å halde fram, sjølv om dei kanskje ikkje har ønskt å gå ut offentleg sjølve, skriv Ewing på epost. Han har òg fått støtte frå leiarane sine ved universitetet.
– Eg veit at eg har vore heldig. Mange andre medlemer i Vetenskapsforum Covid-19 har fått beskjed om å teie, og har blitt indirekte truga med at dei kan misse jobben.
ser ikkje Målet
Det største problemet er likevel at Folkhälsomyndigheten ikkje har vore villig til å diskutere strategien sin, meiner Ewing.
– Det har ikkje vore ein open vitskapleg debatt om dette. Årsaka verkar ganske klar: Folkhälsomyndigheten satsa først på flokkimmunitet og ville ikkje diskutere dette ope. Kva målet deira er no, forstår eg i grunnen ikkje. Men det har ikkje vore rom for vitskapleg debatt med dei som tek avgjerdene nasjonalt.
Ewing nyttar spørsmålet om munnbind som døme: Vitskapsforumet har vist til ei lang rekkje studiar som syner at andletsmasker kan avgrense koronasmitten, utan gjennomslag.
– Folkhälsomyndigheten, det vil seie Anders Tegnell, seier berre at masker ikkje hjelper og at debatten er over. Det er det same med smitte via aerosolar. Folkhälsomyndigheten ignorerer den vitskaplege kunnskapen. Det er ikkje vitskap som ligg bak strategien i Sverige. Den er driven av ego, skriv Ewing.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.