JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kva er ei kvinne?

Det har aldri vore lett å avgjere kven som skal få konkurrere i kvinneklassa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
OL-kampen mellom algeriske Imane Khelif (til høgre) og italienske Angela Carini 1. august var over etter 46 sekund Så var rabalderet i gang.

Foto: Isabel Infantes / Reuters / NTB

14091
20240809
14091
20240809

Sport

peranders@dagogtid.no

Som dei fleste har fått med seg, har ein 46 sekund lang boksekamp i Paris sett full fyr på kulturkrigen. Angela Carini trekte seg frå OL-kampen mot Imane Khelif 1. august etter å ha fått ein hard høgre. «Det er ikkje rettferdig», sa Carini og brast i gråt. Dermed var rabalderet i gang. «Eg såg ein mann slå ei kvinne», erklærte forfattaren J.K. Rowling. «Han var ein god mannleg boksar», sa Donald Trump om Khelif. Og slik har skuldingane rulla verda over.

Opphavet til mistankane er ikkje først og fremst den maskuline framtoningen til Khelif. I fjor vart både Khelif og Lin Yu-ting frå Taiwan diskvalifiserte frå VM i boksing av leiinga i International Boxing Association (IBA). Årsaka skal ha vore genetikktestar tekne under VM i 2021 og 2023 som synte at dei to hadde både X- og Y-kromosom og ifølge IBA er å rekne som biologiske menn.

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) har ikkje akseptert desse testane som bevis. Alt i 2019 vart IBA fråteke retten til å arrangere boksekonkurransar i OL, og i fjor vart forbundet ekskludert frå IOC, etter årelang strid. IBA er skulda for alvorleg korrupsjon, er leidd av den Putin-assosierte Umar Kremlev og dominert av russiske interesser.

Lang soge

Dei eksakte testresultata IBA viser til, og testmetodane som vart nytta, er ikkje offentleg kjende. Dermed er det umogleg å vite kva som er sant i desse konkrete sakene. Men som dei fleste vonleg har fått med seg no, er det ikkje snakk om transpersonar. Khelif og Lin Yu-ting vart båe registrerte som jenter ved fødselen. Dei boksa også i kvinneklassa i OL i Tokyo i 2021, utan at det vart store kontroversar av det.

Båe boksarane er i verdstoppen, og Lin Yu-ting har to VM-gull, men dei to har ikkje dominert i vektklassane sine. Som mange har påpeika, har Khelif tapt ni kampar tidlegare, og ho har enno ikkje vunne ein internasjonal tittel. Dette i seg sjølv beviser ikkje all verda: Boksing handlar om mykje meir enn rå styrke. Men det viser i alle fall at genetikken ikkje har gjeve dei to så store konkurransefordelar at dei har utklassa konkurrentane sine dei siste åra.

Når vi veit såpass lite om realitetane, er desse sakene i dag vanskelege å diskutere på fornuftig vis. Men dei underliggande problemstillingane er derimot vel verde å sjå nærare på. IOC og andre idrettsorganisasjonar har streva med å handtere kjønnsspørsmål i nærare 100 år og har framleis ikkje funne ei fullgod løysing.

Kvinner og menn

Tilsynelatande kan denne debatten verke enkel: Menn skal ikkje konkurrere i kvinneklassar i idrett. Mannskroppen har i gjennomsnitt så store fysiske fordelar at det ville gjere konkurransen urettvis, og det ville bli meiningslaust å operere med kvinneklassar i idrett i det heile. Og i kampsportar som boksing kan det medføre alvorleg risiko for kvinnelege utøvarar om dei skal kjempe mot biologiske menn.

Men i praksis er biletet meir komplisert, for den menneskelege biologien er mangfaldig. Dei som slår fast at «det finst berre to kjønn», og trur det oppklarer alt, gjer det for lett for seg. Og dei som trur alt dette berre handlar om transdebatt og kulturkrig, tek feil.

X og Y

I strengaste biologiske forstand er det berre to kjønn: Det trengst ei mannleg og ei kvinneleg kjønnscelle for å skape eit nytt menneske. Men alt når vi går over til å sjå på samanhengen mellom kromosom og kjønnsutvikling, blir ting meir kompliserte.

Vanlegvis er også dette enkelt og binært: Kvinner har to X-kromosom, medan menn har eitt X og eitt Y-kromosom. Dei med XX-kromosom utviklar livmor, eggstokkar og eggceller, medan eit gen på Y-kromosomet fører til utvikling av testiklar og sædceller.

Men den faktiske, fysiske utviklinga av mannskroppen og kvinnekroppen, som er det relevante når vi snakkar om idrettsprestasjonar, er ikkje alltid like ryddig. Kroppane våre er resultat av eit komplekst samspel mellom genetikk, hormonproduksjon og fysiologisk utvikling. Og det er dette som gjer kjønnsspørsmålet så vanskeleg å handtere for idrettsverda.

Variasjonar

Samleomgrepet for avvika frå normalen heiter på norsk variasjon i kroppsleg kjønnsutvikling, på engelsk disorders of sex development (DSD). Desse finst i mange variantar. Somme blir fødde med kjønnsorgan som gjer det vanskeleg å slå fast om dei er gut eller jente. Og heller ikkje kromosoma fortel alt om kjønnet til eit individ. Også her er det unnatak, i form av fleire sjeldne, medfødde syndrom. Det finst folk med kvinnelege kjønnsorgan som har både X- og Y-kromosom, og nokre få av desse kan til og med føde barn. Og det finst menn med to X-kromosom.

Somme kvinner har naturlege testosteronnivå langt over det vanlege, og dette kan ha fleire årsaker. Det finst kroppar som i det ytre er kvinnelege, men har indre testiklar. Desse kan ha naturlege testosteronnivå som ein normalt berre finn hos menn. Somme med indre testiklar går gjennom ein maskulin pubertet og får ein maskulin kropp, medan andre ikkje gjer det fordi dei har såkalla androgent insensitivitetssyndrom. Det vil seie at dei er lite mottakelege for påverknaden frå testosteron og andre maskuline kjønnshormon.

I 1935 erklærte Koubková seg sjølv som mann, bytte namn til Zdenek Koubek og gjekk gjennom kjønnskirurgi.

«Hermafrodittar»

Spørsmåla om kjønn og sport har vore debatterte nesten like lenge som kvinner har delteke i moderne konkurranseidrett. Dette vart første gong sett på spissen i 1930-åra. Den tsjekkiske løparen Zdeňka Koubková, som sette fleire verdsrekordar i sprint og mellomdistanseløp for kvinner, viste seg å vere ein mann fødd utan ytre kjønnsorgan. I 1935 erklærte Koubková seg sjølv som mann, bytte namn til Zdenek Koubek og gjekk gjennom kjønnskirurgi. Rekordane vart sletta og medaljane han hadde vunne, vart leverte attende.

Mary Weston, britisk meister i spyd, kulestøyt og diskos for kvinner i 1920-åra, viste seg å vere ein mann fødd med atypiske kjønnsorgan. Også Weston hadde fått feil kjønn tildelt ved fødselen. I 1936 fekk også han korrektiv kirurgi, og Mary vart til Mark.

Den tyske høgdehopparen Dora Ratjen, som fekk fjerdeplass i OL i Berlin i 1936 og vart europameister og sette verdsrekord i 1938, hadde òg vakse opp som jente. Men på ei togreise i 1939 vart Ratjen arrestert, mistenkt for tranvestisme, som var straffbart i Hitlers Tyskland. Ratjen viste seg å vere ein biologisk mann med uvanlege kjønnsorgan, og bytta seinare namn til Heinrich.

Slike saker skapte uro for at det kunne vere fleire såkalla hermafrodittar i kvinneidretten. Den internasjonale olympiske komiteen opna for medisinske undersøkingar for å avgjere kjønnet til deltakarane. Men kva var den beste metoden? Snart hundre år etter stridest dei lærde framleis.

Nakenparade

Kjønnstesting i idretten har ei mangfaldig og til dels mørk historie. Det starta moderat: I 1946 innførte det internasjonale friidrettsforbundet IAAF krav om at kvinnelege idrettsutøvarar måtte ha eit sertifikat frå ein lege som stadfesta kjønnet deira. Før OL i London i 1948 stilte IOC same krav til kvinnelege utøvarar i alle greiner. Men etter kvart vart ikkje dette rekna som tilstrekkeleg. Under den kalde krigen var også idretten ei scene for rivaliseringa mellom aust og vest, og mistillit rådde. I vest mistenkte mange austblokkstatane for å stille med mannlege deltakarar i kvinneidrett.

På 1960-talet byrja både IAAF og IOC med si eiga verifisering av kjønn. Utøvarar i kvinneidrett måtte kle av seg framfor eit panel av legar for å få delta i internasjonale meisterskapar, og somme måtte gjennom ei gynekologisk undersøking. Naturleg nok opplevde mange utøvarar dette som svært krenkande, og før OL i Mexico i 1968 gjekk IOC over til å nytte kromosomtestar i staden. Berre dei som hadde XX-kromosom, kunne delta i kvinneklassa.

Men denne metoden hadde sine eigne problem. Den polske sprinteren Ewa Kłobukowska, som hadde sett verdsrekord på 100 meter, vart utestengd av IAAF i 1967 fordi testen synte at ho hadde både X- og Y-kromosom. Men Kłobukowska var kvinne. Ho hadde truleg ein sjeldan tilstand kalla genetisk mosaisisme, og alt i 1968 fødde ho ein son.

Retrett

Likevel heldt IOC og IAAF fram med kromosomtestinga, trass i kritikk frå fleire forskarar på genetikk. Men systemet vart utfordra av den spanske hekkeløparen Maria José Martínez-Patiño, som mista IAAF-lisensen sin etter at ein test i 1985 synte at ho hadde Y-kromosom – noko ho sjølv ikkje var klar over. Martínez-Patiño nekta å leggje opp og klaga på avgjerda. Ho hadde nemleg eit syndrom som gjorde at kroppen hennar ikkje responderte på testosteron, og meinte difor at Y-kromosomet ikkje gav ho fordelar i idrett. Med støtte frå genetikkekspertar vann Martínez-Patiño attende retten til å konkurrere som kvinne.

Kromosomtestinga vart etter kvart oppgjeven av både IAAF og IOC. Atlanta-OL i 1996 vart det siste der metoden vart brukt. IOC droppa rutinemessig kjønnssjekk av kvinnelege deltakarar før Sydney-OL i 2000, men opna framleis for undersøkingar dersom det var mistanke om at ein deltakar i kvinneklassa var mann. Men det store problemet stod uløyst: Korleis skulle ein avgjere kven som var kvinner?

Testosteron

Etter år med famling vart svaret å måle hormonnivåa til deltakarane ved mistanke om at nokon konkurrerte under feil kjønn. I 2011 byrja både IOC og IAAF å bruke testosteron som målestokk for kjønnsverifisering. Grunngjevinga var at testosteron var hovudårsaka til skilnaden på mannlege og kvinnelege idrettsprestasjonar, og menn har i snitt mykje meir testosteron enn kvinner. Medan menn normalt har 10 to 35 nanomol testosteron per liter, har kvinner sjeldan over 2 nanomol per liter.

IAAF sette ei grense på 10 nanomol testosteron per liter blod for å kunne konkurrere i kvinneklassa, altså godt over det normale nivået for kvinner. Om ein utøvar i kvinneklassa hadde høgare nivå enn dette, måtte ho ta medisinar for å senke testosteronet.

Men også denne metoden baud på problem. Ein mykje omtalt prøvestein var saka til den sørafrikanske mellomdistanseløparen Caster Semenya, som vann sitt første VM-gull på 800 meter i 2009. Semenya har fortalt at ho har kvinnelege genitalia, og vart registrert som jente ved fødselen. Ho har òg indre testiklar og XY-kromosom, og eit naturleg testosteronnivå som ein normalt berre finn hos menn. I 2011 påla IAAF Semenya å senke testosteronet med medikament. Men så vart fundamentet for regelen utfordra. For kor mykje påverkar eigentleg dette hormonet idrettsprestasjonane?

Nye grenser

Det spørsmålet vart sett på spissen av den indiske sprintaren Dutee Chand, som vart nekta å konkurrere som kvinne i 2014 på grunn av naturleg høgt testosteronnivå. Ho anka til Den internasjonale voldgiftsretten for sport (på engelsk: Court of Arbitration for Sport, CAS). Domstolen kom til at bevisa for at naturleg høge testosteronnivå påverkar prestasjonane i stor grad, var for svake. Chand og Semenya kunne dermed konkurrere som kvinner att.

Medan IAAF heldt fram med å samle dokumentasjon på effekten av testosteron, heldt Semenya fram med å vinne. 800-meteren under Rio-OL vart i seg sjølv eit døme på at XY-kromosom og ekstremt høge testosteronnivå faktisk kan ha stor effekt: Semenya tok gull framfor to andre løparar med same form for DSD som hennar eigen. Så sjeldan som denne tilstanden er, var resultatet særs usannsynleg.

Til slutt kom IAAF fram til at høgt testosteron hadde større effekt i somme idrettsgreiner enn i andre, og innførte ei pussig mellomløysing: Utøvarar med testosteron over 5 nmol per liter fekk ikkje delta i kvinneklassa på mellomdistansar. Det nye regimet vart godkjent i ei ny sak for domstolen CAS i 2019. Semenya og andre med liknande fysiologi måtte senke testosteronet sitt med medikament for å konkurrere i kvinneklassa. Sidan da er regelverket skjerpa: Testosterongrensa er senka til 2,5 nmol, og regelen gjeld no alle friidrettsgreiner for kvinner.

Boksinga i Paris-OL har sine særeigne problem med kjønnsspørsmålet, og ikkje berre fordi dette er ein farleg idrett.

Ulik praksis

Så langt friidretten, der dei største og fleste kjønnskampane har stått. Men kva med andre OL-idrettar? Det kjem an på kva greiner vi snakkar om. I dag har ikkje IOC eigne prosedyrar for å avgjere kjønnet til deltakarane. Verifiseringa er overlaten til organisasjonane for kvar idrett, og dei har ulike reglar.

Det internasjonale svømmeforbundet FINA nyttar same testosterongrense som friidretten og nektar dessutan transkvinner som har gjennomgått mannleg pubertet å delta i kvinneklassen. Den same regelen har sykkelforbundet International Cycling Union. Det internasjonale fotballforbundet FIFA overlèt på si side ansvaret for godkjenning av kvinnelege spelarar i OL til dei nasjonale forbunda (og har fått kritikk fordi to zambiske spelarar med høge testosteronnivå får spele).

Skadelidande

Men boksinga i Paris-OL har sine særeigne problem med kjønnsspørsmålet, og ikkje berre fordi dette er ein farleg idrett. På grunn av konflikten med bokseforbundet IBA har IOC sjølv ansvaret for å avvikle boksinga. Det er laga ein eigen ad hoc-organisasjon for føremålet, og den har ikkje gjort noka eiga vurdering av kven som kan delta i kvinneklassa. Og som nemnt har IOC har avvist testresultata frå IBA som upålitelege. Dermed blir det fritt spelerom for tastaturkrigarane som tolkar denne historia inn i sine eigne ferdiglaga skjema, og det blir mange slag under beltestaden.

Når talspersonane for IOC forsvarer deltakinga til Khelif og Lin, viser dei ganske enkelt til at dei to er oppførte som kvinner i passet sitt, og at båe har konkurrert i kvinneklassa i ei årrekke. Båe delar er sant, men det er på ingen måte nok til å få denne debatten til å stilne. Og same kva sanninga er om genetikken og hormonnivåa til Khelif og Lin, har dei to boksarane blitt alvorleg skadelidande – ikkje berre på grunn av den hysteriske kulturkrigen, men fordi kontrollsystemet til IOC ikkje er godt nok.

Imane Khelif møter kinesiske Yang Liu i finalen i 66-kilosklassen i dag, medan Lin Yu-ting møter polske Julia Atena Szeremeta i finalen i 57-kilosklassen laurdag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis