Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kva er handels- krig godt for?

Donald Trump vil ha straffetoll på import av stål og aluminium til USA. Det er ein eksepsjonelt dum idé.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bilindustriarbeidarar gjer ein Tesla Roadster klar i visningsrommet i Menlo Park i California.

Foto: Paul Sakuma / TT / NTB scanpix

4711
20180309
4711
20180309

Vi har visst heile vegen at Donald Trump er aggressivt uvitande om økonomi (og mykje anna). Men til no har ikkje dette spela særleg rolle. Han vart president i ei vedvarande økonomisk tilfriskning som starta under forgjengaren hans, og oppgangen har alt løfta økonomien til USA til eit punkt der «normale» reglar gjeld: Rentene er over null, og pengepolitikken fungerer igjen, så ansvaret for den kortsiktige økonomiske styringa er i dei ganske støe hendene til den amerikanske sentralbanken, ikkje i det kaotiske kvite huset til Trump. Det presidenten ikkje visste, kunne ikkje skade oss.

Men det var alltid grunn til å uroe seg for ei mogleg krise – anten ei krise skapt av ytre krefter, som ein kollaps i finansmarknadene, eller ei krise skapt av administrasjonen sjølv. I slike tilfelle ville ikkje rasjonaliteten til sentralbanken vere nok. Og det byrjar å sjå ut som om vi har fått ei handelspolitisk krise i fanget.

Trump har alltid hatt eit oppheng på handel, eit felt han ser på same måte som han ser på alt anna: som ein kappestrid om makt og maskulinitet. Alt handlar om kven som sel mest: Om vi har eit handelsoverskot, vinn vi, og om vi har eit handelsunderskot, taper vi.

Dette er sjølvsagt sludder. Handel er ikkje eit nullsumspel, det aukar produktiviteten og velstanden i verdsøkonomien. For å ta eit langt frå tilfeldig døme: Det gjev svært god meining å produsere aluminium, ein prosess som brukar enorme mengder energi, i land som Canada, som har rikeleg med vasskraft. USA tener på å importere canadisk aluminium, anten USA har eit handelsunderskot overfor Canada eller ikkje. (I røynda har ikkje USA det, men det er ikkje poenget her.)

Det er rett at underskot på handelsbalansen kan vere eit problem når økonomien er svært svak og arbeidsløysa høg. Det var difor eg og mange andre økonomar ville at USA skulle ta ei hardare line overfor den kinesiske valutapolitikken i 2010, da USA hadde kring 9 prosent arbeidsløyse. Men argumenta for å uroe seg over handelsbalansen, på same vis som argumenta for underskot på statsbudsjettet, har stort sett forsvunne no når arbeidsløysa er komen ned på 4 prosent.

USA kan ikkje «vinne» ein handelskrig. Det vi kan gjere, er å starte ein syklus av auge for auge, tann for tann, og når det gjeld handel, er USA, som står for 9 prosent av eksporten og 14 prosent av importen i verda, langt frå å vere ei dominerande supermakt.

Ein syklus av represaliar ville krympe den totale verdshandelen og gjere verda som heilskap fattigare, og det ville i høgste grad råke USA. Det ville òg vere svært destabiliserande, og på kort sikt er kanskje den effekten enda viktigare. Vi lever i ei tid med globale leveransekjeder: Nesten alt som blir produsert i USA (og overalt elles), er avhengig av ting som er produserte i andre land. Den nye bilen din kan godt ha eit understell som er sett saman i USA, motor og elektriske kablar laga i Mexico, elektronikk frå Korea og Kina, og sjølvsagt stål og aluminium frå Canada.

Kunne vi produsere bilar i USA utan alle desse importerte komponentane? Ja, på sikt. Men vegen dit ville vere enormt kaotisk: Hundrevis eller tusenvis av fabrikkar måtte leggjast ned eller omstille seg for andre føremål. Det verste er ikkje nettotapet av arbeidsplassar i ein stor handelskrig, på sikt ville det truleg bli eit relativt lite tal. Men poenget er at bruttotapet av arbeidsplassar ville vere enormt, når millionar av arbeidarar ville bli nøydde til å finne nye jobbar og skifte bustad. Og mange av dei ville kome til å lide tap på vegen som dei aldri kunne tene attende.

Å ja, éin ting til: Dei selskapa som kjem tapande ut i ein handelskrig, vil tape billionar av dollar i marknadsverdi.

Ideen om at ein handelskrig ville vere «bra» og «lett å vinne», er eksepsjonelt dum. Og den måten Trump ser ut til å starte krigen sin på, er òg oppsiktsvekkande dum. Å starte med å verne varer som er råmateriale for bransjar som sysselset langt fleire enn dei bransjane han vil verne? Å gjere det i namnet til nasjonal tryggleik – ei grunngjeving som av gode grunnar nesten aldri blir brukt – når den største produsenten av desse råvarene er den fiendtlege utanlandske makta Canada?

I seg sjølv er ikkje desse importavgiftene så stor ei sak. Men om dei er eit varsel om korleis den framtidige politikken kjem til å sjå ut, er dei verkeleg, verkeleg ille.

Einerett: New York Times /
Dag og Tid

Omsett av Per Anders Todal

Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta
annakvar veke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Nesten alt som blir produsert i USA (og overalt elles), er avhengig av ting som er produserte i andre land.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis