Kva vil du ha for å bli glad?
Fiktivt
Eit tenkt intervju med Trond Giske
Fiktivt
Eit tenkt intervju med Trond Giske
– Hallo?
– Hallo, Trond?
Eg høyrer han så vidt i all støyen. Skrik og skrål og latter. Vindauga til naboen på vidt gap. «Take on me», syng a-ha.
– Trond, ja. Kven er det som ringjer?
– Kva sa du? Er du der?
– Ja, det er meg. Men eg høyrer deg dårleg, seier Trond.
– Eg veit, seier eg. – Det kjem frå naboen. Og det er mest derfor eg ringjer. Naboen har fest, nemleg, og det høyres ut som ein vill ein. Eg kan gje deg adressa, om du vil.
– Haha, seier Trond.
– Heilt seriøst, seier eg. – Folk bare renn inn. Folk på folk på folk. Trudde ikkje det var plass til så mange. Åttitalsmusikk på vreng. Det likar vi. Trur eg høyrde noko Tysland tidlegare også, så du kjenner sikkert nokon der inne.
– Eg kjenner nokon overalt, visste du ikkje? seier Trond.
Og vi må le. Eg sit ved kjøkkenbordet og ser ut på ein aldeles mørk og tom kveldshimmel. Trond sit på tinget, ser eg for meg, og ventar på beskjed frå venene sine. Det er jo fredag, ikkje sant? Og bitte vesle jolaftan. Dei sit heilt sikkert ein stad. Eg kan høyre ekkoet av stemma hans når han pratar.
– Sit du heilt åleine i salen, eller?
– Heilt åleine, seier Trond.
– Kor er dei andre?
– Veit ikkje.
– Ingen som sa frå då dei gjekk?
– Ingen.
– Så keisamt. Men sei meg, er stolane i salen særleg komfortable? Eg har jo bare sett dei på TV-en, men tenkt at dei ikkje ser særleg komfortable ut.
– Dei er ikkje særleg komfortable, nei, seier Trond.
– Tenkte meg det, seier eg. – Kan hende tinget tenkjer om stolane slik kyrkja tenkjer om benkane, halde trussamfunnet vake.
– Kan hende, seier Trond.
Stemma hans slår endå ei gong i veggane. Det er nesten så ein kan ta og føle på einsemda til den vaksne alfahannen.
– Kunne ein ikkje brukt nokre av dei milliardane som forsvinn ned i eit hol i Nedre Vollgate til meir komfortable stolar? Ei pute i ryggen, om ikkje anna?
– Du seier noko, seier Trond.
Og så høyrer eg plutselig Tysland gjennom veggen igjen. Naboen har openbert ikkje tenkt å gi seg med det første. Høyrer du også? spør eg.
Og Trond kan høyre, seier Trond. – «Heile livet», seier han. – For ein klassikar, seier han.
– Klassikar? svarar eg mistruisk. Den skålen får vi nesten ta ein annan gong. No tar vi heller refrenget i kor.
– Okei?
– Okei, seier Trond.
– Og berre klin til, seier eg. – Lat som du syng til resten av Ap-leiinga og Tora Bakke Håndlykken og heile sulamitten.
Og Trond bare kliner til: – Heile livet førr dæ. Heile livet førr dæ. Førrbanne all såran og tåran, når du snur dæ rundt og sjer på mæ.
Nils-Øivind Haagensen er forfattar og forleggjar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?