JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LandbrukSamfunn

Dei som eig og dei som driv

Aktive bønder eig stadig mindre av jorda dei driv, og færre av mjølkekvotane dei fyller. Dermed strøymer stadig meir pengar frå aktive til passive bønder. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Moderne mjølkebønder automatiserer og aukar drifta. Dei leiger stadig meir jord og mjølkekvoter frå passive bønder.

Terje Bendiksby / NTB

10239
20210514

Bakgrunn

Norsk landbruk

Om lag 3,5 prosent av arealet i Noreg er jordbruksareal.

Vi har om lag 38.633 gardsbruk.

12 prosent av bøndene er heiltidsbønder.

Kjelde: SSB

LANDBRUK

christiane@dagogtid.no

For eit par veker sidan kom ein aktiv bonde under 40 med eit hjartesukk her i avisa.

– Hadde eg leigd ut mjølkekvoten og jorda, fylt opp plassen her med campingvogner og byrja å jobbe som lærar, hadde eg sete vesentleg betre i det. Det er eit tankekors. Kvifor gidd eg, sa Tor Jacob Solberg, ein av bøndene bak det etter kvart så godt kjende oppropet #bondeopprør21.

«Den aktive bonden» er eit omgrep som skildrar sjølve bondeidealet for mange politikarar – ein bonde som investerer i ei framtid som produsent av norsk mat. Omgrepet står på same tid i motsetnad til «den passive bonden», som bur på ein gard og held driveplikta i hevd ved å leige ut jord og eventuelt mjølkekvotar, men som kanskje ikkje burde omtalast som bonde i det heile teke. Han eller ho har helst inntekt eller pensjon frå anna arbeid. 

Det gode livet på landet

Den aktive bonden Solberg set fingeren på eit paradoks i norsk landbruk: Ein del gardbrukarar kan leve «det gode livet på landet» ved å droppe store investeringar i garden og heller leige ut jord og mjølkekvote til andre. Jordbruksinntekta kjem som ein bonus til anna lønnsinntekt og kan medverke til å halde garden i stand. På den måten går ein del av dei statlege tilskota til dei aktive bøndene vidare til dei passive i form av jord- og kvoteleige.

Tilskota medverkar rett nok til å halde matjorda i bruk og mjølkeproduksjonen oppe, men ikkje til å auke lønsemda for dei som jobbar som bønder. 

Ein som har sett ord på situasjonen, er tidlegare leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, som i dag er stortingsrepresentant for Senterpartiet.

– På mange måtar har dei største vinnarane vorte dei som leiger ut, ikkje den aktive bonden, sa han i Nationen for kort tid sidan.

Totalomvending

Grasrotopprøret i landbruket krev at utgiftene til leigekostnader vert synleggjorde nett som utgifter når Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) reknar ut snittløna for bønder før jordbruksforhandlingane kvart år. Dei meiner det vil gje eit meir realistisk bilete av situasjonen. Men sjølv om opprøret er nytt, er utviklinga som ligg til grunn for kravet, kjend gjennom fleire år i form av realitetar, tal og statistikk.

Forteljinga om korleis bøndene leiger stadig meir jord og mjølkekvotar, utgjer ein liten del av den store forteljinga om norsk landbruk, som har vore gjennom ei formidabel effektivisering dei siste tiåra. To forskarar i Statistisk sentralbyrå (SSB) skriv i ein artikkel om strukturendringar dei siste 30 åra at norsk landbruk nesten ikkje er til å kjenne att. 

Her er eit par sentrale punkt om jord frå SSB: 

* I perioden 1989 til 2020 er talet på gardsbruk redusert med over 60 prosent, frå 99.400 til 38.633 i 2020. 

* I 1989 leigde om lag 40 prosent av gardsbruka jordbruksareal, og det leigde jordbruksarealet utgjorde 23 prosent av det totale jordbruksarealet i drift. I 2017 leigde om lag 75 prosent av jordbruksbedriftene jordbruksareal, og til saman 45 prosent av arealet var leigejord. 

Og her er nokre fakta om leige av mjølkekvotar:

* Ein tredel av dei utleigde mjølkekvotane tilhøyrer utleigarar som ikkje tek imot driftstilskot, og som altså ikkje mjølkar og driv garden sjølv.

* I 2019 var 19,8 prosent av grunnkvotane utleigde. Tilsvarande tal for 2009 var 2,5 prosent.

* I 2021 er kvotar på til saman 356 millionar liter utleigde. Mjølkedelen som vert produsert på leigd kvote, har auka med 120 millionar liter dei siste fem åra, ein auke på nesten 50 prosent. 

Vi får altså langt fleire passive bønder, medan jorda på gardane deira stort sett vert driven vidare av aktive bønder som leiger stadig meir av jorda dei driv. Lite tyder på at trenden vil snu. 

På same måte vel ein heil del passive bønder å halde på mjølkekvotane, som dei leiger ut på ein kvotemarknad, der tilbod og etterspurnad avgjer prisen. Systemet opnar for spekulasjon.

Kostar meir

Å leige er ikkje gratis, og veksten i mjølkeprisleiga synest å vere kraftig. Aktørar har lenge meldt om prisauke, og bondeorganisasjonane skriv i sitt krav til jordbruksoppgjeret at prisen, som det ikkje vert ført oversikt over, truleg er meir enn dobla i perioden 2015–2019. 

Dagleg leiar i Melkebørs.no, Olaf Holm, stadfestar overfor Dag og Tid at trenden er stigande prisar, men at dei vil variere sterkt frå ein region til ein annan og i ulike fasar. 

Også prisen på jordleige vil variere ut frå område og jordtype, men ifølgje jordleigeundersøkinga til Landbruksdirektoratet har prisen vakse med 23 kroner per dekar, tilsvarande 9 prosent i åra 2015–2019, som er litt under den generelle prisveksten. 

Listhaug-effekten

I og omkring landbruksnæringa vekkjer utviklinga uro. Dag og Tid ber tidlegare bondeleiar Nils T. Bjørke utdjupe kva han meiner med at dei største vinnarane i næringa på mange måtar er dei som leiger ut, ikkje den aktive bonden.

– Er det slik at unge bønder som har investert, slit økonomisk, medan dei som ikkje har investert og i staden leiger ut, har det heilt ok?

– Det er heilt rett. Det er ikkje nytt at det er tyngre å kome ny inn i ei næring i forhold til å vere veletablert. Det er utviklinga som har gått over ei viss tid, og som skaut fart i 2014, som er ny, seier han.

Våren 2014 har det til felles med våren 2021 at det vart brot i jordbruksforhandlingane mellom jordbruket og staten. Bjørke forhandla den gongen for jordbruket med landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) som motpart. Ho fekk gjennomslag for store endringar i landbruksreguleringane og heva mellom anna taket for mjølkeproduksjonen til det doble. Det skulle løne seg å satse. Bonden skulle setjast fri.

Bjørke seier mange bønder følte seg pressa til å byggje ut.

– Ein fekk bønder til å tru at ein anten måtte slutte eller byggje ut drifta. Bønder gjorde seg avhengige av leigejord og leigekvotar, og leigeprisane auka. Eg kjenner døme på bønder som leiger ut kvote og jord, som har like god inntekt som då dei var aktive bønder. 

Bjørke fortel om bønder som såg for seg å leige ut som ei mellombels løysing, men som oppdaga kor enkelt det var å skaffe anna arbeid og ha inntekt på garden i tillegg. 

– Det er lov, men det er uheldig, seier han.

– Tappar næringa

Auka jordleige er nærmast ei nødvendig følgje av at talet på bønder går ned, og at gardsdrift vert bygd ned der det er dårlege økonomiske føresetnader for å drive. I ein rapport frå Landbruksdirektoratet (2015) vert dei positive sidene ved jordleige framheva: Rimeleg leige har gjeve bøndene fleksibilitet til å investere i drifta utan å kjøpe tilleggsjord. 

Det er vanskeleg å sjå for seg store endringar i eigarforholda.

Med mjølkekvotar er det annleis. Kvotesystemet er først og fremst eit politisk verkemiddel, men på kvotemarknaden kan kvotane få høg verdi. Kvotar kan leigast ut utan avgrensingar, og skattereglane gjer det gunstigare å leige ut enn å selje. 

Både bondeorganisasjonane og bondesamvirket Tine krev regelendringar. 

«En utvikling i retning av at en stadig større andel av kvotene eies av personer som ikke lenger driver aktiv melkeproduksjon er med på å svekke legitimiteten for ordningen, å tappe næringa for penger og å redusere effektiviteten i landbrukspolitikken», skriv konserndirektør Johnny Ødegård i e-post til Dag og Tid.

Bøndene foreslår i kravet til jordbruksoppgjer å innføre ei maksgrense for kvoteutleige på ti år, å senke kvotetaket som vart heva i 2014, og å endre skattereglane.

Kor mykje?

Kor mykje pengar vert overført frå aktive til passive bønder i form av kvote- og jordleige? Det finst ulike reknestykke, men ingen av dei er presise.

Eit anslag frå bondeopprørane sjølve syner at bønder betaler om lag éin milliard kroner i jordleige og om lag 500 millionar i kvoteleige – totalt 1,5 milliardar. 

Ein annan som har rekna på det, er Ruralis-forskar Klaus Mittenzwei, som har komme fram til eit lågare tal – totalt éin milliard. 

Summane er ulike fordi opprørane har henta tala sine frå Landbruksdirektoratet, medan Mittenzwei har henta dei frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Også føresetnadene som ligg inne, vil sjølvsagt påverke sluttsummen. Ein må til dømes ta stilling til kva for bønder som er passive og aktive. Ein del som leiger ut, kan vere aktive med anna drift på garden. 

Bønder i by’n

Sidan jordbruket braut med staten i jordbruksforhandlingane, har bøndene vore i alle kanalar. I traktorar, med møkvogner, med plakatar: «Norge trenger bonden». «Vi kan ikke leve på smågodt alene, Erna.» «Norsk mat – ja takk». 

Stortingsrepresentantane vil måtte ta stilling til ei rekkje bondekrav, både no og etter valet. Er dei uroa for pengane som strøymer frå aktive til passive bønder?

Dei folkevalde er i alle fall godt kjende med problemstillinga. 

Då dei vedtok den førre jordbruksmeldinga i 2017, peikte næringskomiteen på at landbruksareal er den viktigaste føresetnaden for landbruksverksemd, og at langsiktig tilgang er viktig for planlegging og investering. Dei meinte den sterke auken i leigejord kan indikere at det er for vanskeleg å kjøpe tilleggsjord. 

I synet på leigekvotar var dei endå tydelegare: Utviklinga er ikkje er berekraftig på lang sikt. Svaret frå dei folkevalde var å tinge ein rapport om kvoteleige. Den kom i 2018, men sidan har det ikkje vore gjennomført store endringar.

Hòl i systemet

Seniorforskar ved Ruralis Reidar Almås trur hòla i systemet som gjer at pengar går frå passive til aktive bønder, må tettast betre dersom landbruket skal ha nokon sjanse til å få gjennomslag for ein økonomisk opptrappingsplan, slik bondeopprørane krev.

– Det må sikrast at inntektene kjem til aktive bønder, seier han.

Kjelder: Fakta i saka er henta frå SSB, Landbruksdirektoratet, rapporten «Produksjon på flere kvoter» (2018), utgreiinga «Leiejord – avgjørende for økt norsk matproduksjon» (2015)
og jordbrukets krav til jordbruksoppgjeret.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Ein fekk bønder til å tru at ein anten måtte slutte eller byggje ut drifta. 

Nils T. Bjørke, tidlegare leiar i
Norges Bondelag 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis