Erstatninga som ikkje kjem
ØYE I NORANGSFJORDEN: Pelsdyrnæringa er vedteken lagd ned. Men framleis er det høgst uklart kva pelsdyrbøndene skal få i erstatning.
Det må store bygg til for å driva lønsam pelsdyrsatsing. Jetmund Øye til venstre og Jon Arne Nordang til høgre.
Foto: Knut Hustad
Bakgrunn
I 2017 vedtok Stortinget at pelsdyrnæringa skulle haldast oppe.
I 2019 vedtok Stortinget at næringa skulle leggjast ned innan 2025.
Enno veit ingen korleis kompensasjonen vert. Den noverande ordninga gjev berre kompensasjon for bokført verdi.

Pelsdyr
jon@dagogtid.no
I 2017 sa Stortinget og regjeringa klart frå: Pelsdyrnæringa skulle få halda fram, her var det berre å satsa. Den einaste norske landbruksnæringa som vart driven utan subsidiar, og som i tillegg skaffa landet valutainntekter, var sjølvsagt ei næring særleg Høgre og Framstegspartiet ville framsnakka, som det heiter på ny norsk. Venstre, på si side, meinte at norsk landbruk måtte satsa på eksport. Resultatet etter sju år med borgarleg regjering: Eksporten av både pelsdyr og Jarlsberg-ost vert avslutta. Pelsdyrnæring vert i tillegg ulovleg. Då Venstre kom med i regjeringa, fekk partiet gjennom eit krav om at næringa skal leggjast ned seinast i 2025.
Tenk deg at du eig ein fabrikk. Det vert brann. I praksis er pelsdyrnæringa råka av det same. Bygningar og bur, ja, alt du som pelsdyroppdrettar har bygd opp og investert i, er vorte ubrukeleg. Som fabrikkeigar etter ein brann får du full kompensasjon frå forsikringsselskapet, både for tapte inntekter under driftsstansen og for innkjøp av nye maskiner og oppattbygging. Slik gjekk det ikkje for dei som dreiv med rev og mink.
Sunnmøringen Jon Arne Nordang, som vart intervjua av Dag og Tid rett etter at Venstre fekk gjennom forbodet, fortel at han rekna på det fyrste framlegget om erstatning frå regjeringa.
– Det ville ha gjeve meg 200.000 kroner. Det var så eg lurte på å seia nei.
Byrja som born
Jon Arne Nordang og Jetmund Øye held til på Øye i Norangsfjorden. Dei har drive med pelsdyr sidan dei var gutungar. Nordang veit ikkje heilt kva tid han skal setja sluttdatoen, medan Øye, som på det meste hadde 6800 dyr, alt har lagt ned.
– Eg selde det siste skinnet i desember. Motivasjonen var heilt borte. Eg orka berre ikkje å taka eitt år til når eg i alle høve visste at eg måtte leggja ned.
Då Frp gjekk ut av regjeringa, gjekk dei saman med Senterpartiet og Arbeidarpartiet om å laga ei ny erstatningsordning. Dei gjorde vedtak om at pelsdyrbøndene skulle kompenserast som om staten hadde oreigna pelsdyrgardane. Tidlegare i år sende regjeringa over eit framlegg til Stortinget om ny føreskrift. Framlegget vart sendt attende. Tida går, men no er planen at ei ny forskrift skal sendast ut på høyring i haust. Kva som kjem til å henda, veit få, om nokon.
Nordang, som er 60 år, har lyst til å byggja campingsplass i tillegg til dei ti kyrne han har. Øye, som er 39 år og byrja med sal av pelsdyr i 2003, lurer på å utvida frå 14 kyr til stordrift av mjølk, men då må han investera minst 14 millionar og i tillegg leiga mjølkekvotar. Han seier at han ikkje vil makta det utan ein skikkeleg kompensasjon. I nabobygda Urke er alle husdyr borte. Om det framleis skal vera gardsdrift på Øye, avheng av kompensasjonen. På Øye ligg også det vidgjetne Hotel Union, som er avhengig av arbeidskraft frå gardane i bygda i sumarsesongen og at kulturlandskapet vert halde ope. Det er ikkje lett for alle turistane å sjå fossane når alt er grodd att. Uroa er stor i heile bygda.
Nationen
Den avisa som har skrive mest om kompensasjonen til pelsdyrgardane, er Nationen. Dei har vist kor gale det kunne gå for pelsdyrbøndene om det fyrste framlegget til regjeringa hadde vorte ståande. Framlegget var at pelsdyrbøndene skulle få erstatta bokført verdi pluss eit tillegg for avlstisper. Ei minktispe vart taksert til 420 kroner, eit revetispe til 840 kroner. Alternativt kunne ein få 2150 kroner for ei minktispe om ein sa frå seg bokført verdi. Den ordninga gjeld til den nye forskrifta er på plass.
Problemet er berre det at bokført verdi er noko heilt anna enn reell verdi. Mange av dei gamle gardane er fullt avskrivne og vert vedlikehaldne gjennom arbeidsinnsats av bøndene sjølve. Sjølv om bygningsmassen og bura er gode som nye, er det knapt verdt noko om ein legg bokført verdi til grunn. Alternativet, å selja ein pelsdyrgard på den opne marknaden, er heller ikkje så attraktivt. Ingen kjøper ei verksemd som vert ulovleg om vel fire år.
Som Nationen skriv: «Revebonden Øystein Storholm i Oppdal har fortalt at han med regjeringa sitt opplegg får erstatta 8 prosent av verdiane. Pelsfarmen hans vart taksert til 15 millionar kroner, medan han låg an til å få ei erstatning på under 1 million.»
– Dersom eg nyleg hadde leigd inn eit firma til å byggja opp alt, i staden for å gjera alt sjølv, slik eg har, ville bokført verdi vore mykje høgre. Med den ordninga som no er gjeldande, ville all eigeninnsats gått tapt. Slik opplegget har vore, har regjeringa lagt ned forbod utan at vi får noko att for det vi har bygd opp. Dei ville ha oss til å byrja på bar bakke, seier Øye.
Omstillingsmidlar
Rett nok kan ein søkja om omstillingsmidlar, men det er heller ikkje lett. Etter at regjeringa la til rette for stordrift innanfor både svin, mjølk, lammekjøt og grønsaker, har norsk landbruk vore prega av overproduksjon. Regjeringa har ynskt stor og spesialisert produksjon og heiltidsbønder, medan den tradisjonelle norske bonden har hatt tilleggsarbeid eller tilleggsproduksjon.
Eit par på Jæren ynskte å leggja om til grønsakproduksjon, men dei måtte gje opp sidan ingen hadde markand til å selja meir grønsaker. Innovasjon Noreg gjev heller ikkje omstillingsmidlar til gravemaskiner, landbrukseigedom eller annan fast eigedom. Dei gjev støtte til slikt som lagerbygg og reiskapshus. Pelsdyrbønder som har søkt om å få leggja om til svin, har fått nei av di det ikkje er plass til meir svin i Noreg. Mange næringsalternativ er i praksis stengde for dei som må leggja ned, i tillegg til at erstatninga slik ordninga er no, er låg.
– «Dyrevernfolket» har forunderlege mange forgreiningar inn i norske medium og i norsk politikk. Den manglande viljen til å gje skikkeleg erstatning trur eg i stor grad handlar om at dei har vore veldig flinke til å driva lobbyarbeid, mykje flinkare enn vår organisasjon er. Eg lyt vedgå at eg vert irritert over at den gjengen, etter å ha vunne, legg seg opp i kva slags erstatning vi skal få. Dei har knekt næringa. Då bør dei vera nøgde, seier Nordang.
Skatt eller ikkje
Det pelsdyrbøndene no er redde for, er at sjølv om dei får ein rimeleg kompensasjon, vert denne kompensasjonen skattlagd. I tillegg fryktar dei at dei berre får kompensasjon for den delen av anlegga som var i bruk i 2017.
– Vert vi skattlagde, lat oss seia med 40 prosent, og så skal investera i til dømes mjølkeproduksjon, vert det ikkje rettvist. Då får vi langt mindre å investera med for å byggja opp ny produksjon enn det i si tid kosta å byggja opp pelsproduksjonen. Og som nemnt er det heller ikkje så lett å reinvestera når vi har ein marknad prega av overproduksjon av mat, seier Øye.
Nordang meiner at det mest rettvise hadde vore å få det han kalla «attkjøpsverdi».
– Det vi ynskjer oss, er ein attkjøpsverdi. At vi får ein sum som svarar til det vi måtte ha fått for å produsera så mykje som mogleg med den bygningsmassen vi har. I 2017 var det ein dårleg marknad, medan vi til dømes i 2013 hadde svært gode prisar. Vi som driv med dette, tilpassar oss heile tida ein stor internasjonal marknad. Samanlikna med 2017 kunne eg både dobla og tredobla produksjonen. Eg har bygg til det, og eg har lovlege bur. Eg har nytta pengar og eigeninnsats for heile tida å kunna variera produksjonen. Får eg kompenasjon på basis av 2017, går store investeringar tapt, seier Nordang.
«Skadeløse»
No seier det siste stortingsvedtaket at pelsdyrbøndene skal haldast «skadeløse». Det vedtaket er både Øye og Nordang glade for, men dei innser også at dei som skal laga forskrifta, ikkje har det berre lett, og ting tek tid.
– Det er nytt land, dette. Ja, vi skal få betalt som om det var statleg oreigning. Men Stortinget har ikkje lagt ned forbod mot ei lovleg næring før. Dette er nytt land, og då vert det mykje fram og tilbake. Vi ser det, seier Øye.
Bygda Øye ligg langt frå alt. Bøndene der kan taka seg arbeid i Stranda og Hellesylt. Men for å koma seg dit, må dei køyra gjennom Nordangsdalen, som kvar vinter er mykje stengd på grunn av ras og rasfare. Den andre vegen, til Volda og Ørsta, går via ferje, og det tek ein time. Pelsdyr har vore eit alternativ til anna arbeid. Skal ein driva med kyr, bør ein i grunnen vera til stades heile tida, for å kunne setja kalv på kyrne.
På Øye har dei kunna vera til stades heile tida av di dei samstundes dreiv med pels. Pels er ei næring som rett nok har ekstremt varierande prisar. På det beste har Nordang tent 1 million på eitt år, Øye endå betre. Andre år har det gått i null eller i minus. Men takka vera dei gode åra har dei båe kunna kjøpa nye traktorar og investert i driftsbygningar for kyr.
– Det vi er redde for, er at det går med oss som det har gått med andre bygder langs fjorden, at all husdyrproduksjon vert borte innan få år. Ei bygd overlever ikkje utan heilårsarbeidsplassar med rimeleg inntekt. No er tilleggsnæringa teken frå oss, seier Nordang.
Øye, på si side, lurer på å søkja om omskuleringsmidlar, som det er opna for. Han har teke inseminørutdanning og vatnar sjølv ut sæd frå hannrevane. Den kompetansen er ikkje lenger etterspurd.
– Men omskulerer eg meg, vert det nok til at eg må flytta herifrå.
God arbeidsplass
– Har det så vore kjekt å driva med pelsdyr?
– Eg har hatt det så kjekt og verkeleg likt pelsdyr. Eg har drive med det sidan eg var smågut, og levd av det sidan 1983. Er ein interessert i dyr, kan ein ikkje få ei meir interessant næring. Ein kan så til dei grader påverka det heile sjølv. Det er berre eitt år mellom generasjonane. God dyrevelferd og eigeninnsats vert betalte, nett det Høgre og Frp seier dei vil leggja til rette for, seier Øye.
For i motsetnad til norsk landbruk elles er pelsdyrbøndene ein del av ein heilt globalisert marknad.
– Konkurransen i næringa er stor. Ein konkurrer lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Det gjer det heile veldig kjekt. Di flinkare ein er, og di meir ein arbeider, di betre får ein betalt. Og no har altså Venstre, som ville «satsa på eksport av norske landbruksprodukt», lagt ned ei eksportnæring utan statsstøtte, seier Øye.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– God dyrevelferd og eigeninnsats vert betalte, nett det Høgre og Frp seier dei vil leggja til
rette for.
Jon Arne Nordang, pelsdyrbonde
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.