JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LandbrukSamfunn

Frå idealbonde til opprørar

I 2014 fekk Tor Jacob Solberg tittelen Årets unge bonde, fordi han satsa og inspirerte andre til å gå inn i landbruket. I dag spør han seg om han har lurt unge inn i ei fattigdomsfelle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tor Jacob Solberg drøymde tidleg om eit liv som bonde. I dag driv han gard med jord frå elleve gardar, men millioninvesteringane kastar lite av seg.

Foto: Vidar Sandnes

13123
20210430

Bakgrunn

Jordbruksoppgjeret

Tysdag la Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag fram kravet til staten. Kravet har ei inntektsramme på 2,114 milliardar.

I tillegg krev dei ein eigen pakke for investeringar på 450 millionar kroner.

Staten legg fram sitt tilbod 4. mai. Forhandlingane skal vere avslutta innan 15. mai. 

Landbruk

christiane@dagogtid.no

– Vi er midt i våronna. Dette er ein av dei travlaste dagane i heile året, seier Tor Jacob Solberg, då Dag og Tid troppar opp på gardstunet hans i Skiptvet i Østfold.

Han set seg ikkje ned, men har mykje på hjartet. Andletet er alvorleg. I lufta ligg det ein søt eim av kumøk og hardt arbeid. Eit kvitmalt gardshus med husker, barneleiker og andedam kunne på eit anna tidspunkt gjeve ei kjensle av idyll. Men vi er ikkje her for å koseprate og helse på kalvane.

Vi er her for å snakke med ein bonde i opprør. Ein bonde som er lei av ta opp gjeld, investere, ta risiko, jobbe over 3000 timar i året og ofre tid med familien, men likevel sitje att som lønstapar i samfunnet. Ein bonde som er lei av politikarar som lèt seg avbilde med kyr og kjem med lovnader til bøndene utan å leve opp til dei med budsjettmidlar. 

– Vi ber om at likesæla tek slutt. Det hyggelege er slutt. No er det alvor. Det er opprør, seier han. 

Eventyrstund

Tor Jacob Solberg er ein av fem bønder som står bak oppropet #Bondeopprør21, som tysdag hadde fått over 21.000 signaturar. Dei er busette i Trøndelag, Innlandet, på Vest- og på Austlandet, men har det til felles at dei er er unge folk som har satsa mykje. «Vi krever at den norske bonden skal ha en økonomi som gjør oss i stand til å produsere trygg norsk mat nå og i framtiden. Slik er det ikke nå», skriv dei i oppropet. 

Opprørarane har gjort at opptakten til årets jordbruksoppgjer har fått langt større merksemd enn vanleg. Den eine bonden etter den andre har stått fram i aviser som lågtlønte. Dei fortel at dei ikkje kjenner seg att i den gjennomsnittsløna som Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) presenterer, og som jordbruksforhandlingane tek utgangspunkt i. Solberg kallar framlegginga av tala som ei årleg eventyrstund, ein leik med tal og eit fullstendig urettvist utgangspunkt for forhandlingar. 

Under minsteløn

Bakgrunnen er denne: I tala frå budsjettnemnda er inntekt omtala som «vederlag til arbeid og kapital». Det inneber at det ikkje er talfesta kor mykje kapitalen bør kaste av seg. I eit stadig meir kapitalkrevjande landbruk vil ei slik talfesting redusere inntekta, slik ho ser ut på papiret, kraftig. 

Det same gjeld utgifter til leige av jord og mjølkekvotar, som heller ikkje vert trekte frå i «vederlag til arbeid og kapital». Omfanget av leige aukar, prisane aukar, og sjølv om ho gjev inntekt til gardbrukarar som ikkje driv garden aktivt, utgjer leiga ei stor og på papiret usynleg utgift for aktive bønder. 

Eit reknestykke opprørarane har presentert i Nationen, kan illustrere kva forskjellen utgjer for ein bonde. Med føresetnadene til opprørarane lagde inn i reknestykket, vert ei estimert timeløn for 2021 redusert frå 213 til 135 kroner. Då hamnar ein under minsteløna for ufaglærte avløysarar i jordbruket.

Bygd opp garden

Solberg stiller til intervju midt i arbeidet, iført arbeidsdress og høge støvlar. Han er ein av bøndene her i landet som verkeleg har satsa. Til å hjelpe seg har han ein syrisk flyktning med landbruksbakgrunn i full stilling, i tillegg til anna innleigd hjelp. Garden utgjer tre­–fire årsverk.

– Eg kjøpte garden på den opne marknaden då eg var 21 år gamal. Då var garden nedbygd. Eg hadde jobba på gard i New Zealand, hadde tru på jordbruket og ein draum om å verte bonde. Det var drivkrafta då eg starta med to kyr i 2004, seier han.

I dag driv Solberg økologisk med jord frå elleve gardar, til saman 1400 dekar jord og 840 dekar skog. Han har 210 storfe, fordelt på 60 mjølkekyr, 20 ammekyr og ungdyr. Han produserer 500.000 liter mjølk i året. Han reknar med at han, med drifta si, er to og ein halv gong større enn gjennomsnittsbonden i Noreg. 

I 2009 nådde han ein viktig milepåle. Han bygde nytt fjøs til 8 millionar. Den totale investeringa, med dyr og ekstra mjølkekvote, kom på 10 millionar. I dag trur han investeringa ville ha kome på 16 millionar.

– Både i auga til staten og for forbrukarane burde eg vere ein idealbonde. Eg produserer mat med god dyrevelferd, eg har ikkje stritta imot å verte større, eg kan nærast drive garden frå mobiltelefonen, seier Solberg, som også har satsa på teknologi i drifta. 

Eit førebilete

Han har då også vorte trekt fram som eit førebilete i landbruket. I 2014 vart han kåra til Årets unge bonde, ein konkurranse arrangert av Norges Bygdeungdomslag, McDonald’s Norge og Felleskjøpet Agri med økonomisk støtte frå Landbruks- og matdepartementet. 

«Det er juryens oppfatning at Tor Jacob Solberg har en iver og kraft som inspirerer og smitter, og et brennende ønske om å markedsføre norsk landbruk og bidra til rekruttering for næringen», stod det i grunngjevinga. 

Solberg er gruppeleiar for Senterpartiet i Skiptvet og har teke på seg verv i det lokale bondelaget i ei årrekkje. I sosiale medium har han halde fram med å motivere andre. På Facebook har han delt videoar frå fjøsrunden der han har snakka om saker som provoserer eller gler han. Han har møtt fleire landbruksministrar og ivra for kompetanse i landbruket. 

Framleis er han stolt over maten han produserer, med klimavennleg produksjon og lite anbiotikabruk. Men det er éin tanke som plagar han: Har han lokka ungdom inn eit liv som samfunnstaparar?

– Eg har vore presentert som ein av dei fremste bøndene. Så veit dei at eg nesten må jobbe meg i hel for nesten ingenting. Skal ein rå andre til å velje yrket då?

Sit att med lite

I eit stort, lyst og luftig fjøs med norsk raudt fe står Solberg og er provosert over kva han får att for innsatsen i bruket. 

– Eg har investert 15–20 millionar. Det eg sit att med i pensjonsgrunnlag, er 224.000. Eg har ikkje privat pensjonsavtale, for det har eg ikkje hatt råd til. Eg jobbar over 3000 timar i året. I 2019 sat eg att med ei skattbar inntekt på 360.000, seier han.

Dette trass i at han får eit årleg tilskot på 1,6 millionar til garden.

– Enkelte trur at tilskotet er ei gåve, men det skal dekkje mellom anna kostnader til økologisk drift, som gjev mindre produksjon. Når gardane vert så store, vert summane òg store. No vurderer eg å gå attende til konvensjonell drift, fordi eg ser at den økologiske drifta ikkje vert verdsett. 

Solberg seier produksjonsresultata på garden er på snittet, og sidan han driv økologisk, vil det seie at garden vert driven godt. 

Han har enno ikkje fylt 40, og no spør han seg kvifor han skal halde fram.

– Hadde eg leigd ut mjølkekvoten og jorda, fylt opp plassen her med campingvogner og byrja å jobbe som lærar, hadde eg sete vesentleg betre i det. Det er eit tankekors. Kvifor gidd eg, spør han seg.

– Er politikken det einaste problemet ditt, eller har du også overinvestert?

– Vi har prøvd å følgje ønska til styresmaktene. Hadde eg ikkje investert så hardt, ville eg heller ikkje fått støtte frå Innovasjon Noreg til å byggje fjøs. Så er det også slik at dei som har investert mykje, merkar det godt når prisane ikkje aukar. Prisen på mjølk har stått stille i fem år. Det hadde eg ikkje venta meg for ti år sidan. Økologisk mjølkeproduksjon er den driftsforma som har lågast lønsemd no. Eg kan ikkje angre på investeringa, men eg kan sende eit signal til yngre folk om at dei må tenkje seg om.

Djerve mål

På Stortinget har lovnadene sete laust. Våren 2017 vedtok eit fleirtal at inntektsmålet skal vere å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet, med god marknadstilpassing og produktivitetsutvikling som føresetnad. 

Så kva har skjedd? I kravet bondeorganisasjonane har til staten, står det at inntektsgapet mellom jordbruket og den gjennomsnittlege lønsmottakaren har auka med 12.300 kroner i perioden 2015 til 2021. 

Solberg fortel at han kjenner mange bønder som slit. Tre kameratar i tre ulike sektorar har gått konkurs: ein grønsakbonde, ein bonde som dreiv med ammekyr, og ein småskalabonde som selde produkta sine i rekoringar. 

– Dei har mista alt. Eg har jo tenkt på at det er ein styrke i norsk landbruk at vi står personleg ansvarlege for garden. Det har gjort at nesten ingen har gått konkurs. Ein vil jo ikkje miste hus og heim. Vi får skrapa saman pengar for å komme over kneika. Men no står mange gardar i fare for å kollapse, seier han.

Solberg trur vi kan kome til å sjå bondeaksjonar vi ikkje har sett tidlegare i Noreg.

– Vi står med ryggen mot stupet og har ikkje noko å tape, seier han.

Stolte bønder

Solberg teiknar store kontrastar med orda sine. Den stolte historia om bruket og matproduksjonen står i sterk motsetnad til historia om bonden som ein person nedst på rangstigen. Forteljinga om dei mange positive ringverknadene av jordbruket står i sterk kontrast til den personlege innteninga. Dei nysgjerrige kyrne i det moderne fjøset står i sterk kontrast til alvoret han ber på. 

– Kvifor gidd du?

– Nei, det lurer eg på. Det er jo derfor eg driv med dette opprøret no. Vi er stolte. Vi har lyst til å gjere jobben vår ordentleg, men det er fleire og fleire som gjev opp. 

For ein gongs skuld må den elles så pratsame bonden tenkje litt.

– Vi elskar jo å drive med dette. Vi har halde på med det i generasjonar. Fleire vil nok tenkje: «Er eg den som skal slutte å drive jorda som oldeforeldra har drive?» Ein er stolt over forvaltaransvaret. Og når eg har jentene min her…

Robotane ljomar i det store lausdriftsfjøset. Det er først no eg vert merksam på kor mykje klang dei lagar. På korleis kløbørstane rullar rundt og rundt. For elles er det heilt stilt. Midt i fjøset står ein bonde og græt utan ein lyd. 

– Når dei fôrar dyra og gjer ting eg gjorde då eg var liten, skal eg seie til dei korleis ting er? Skal eg vere den som stoppar dette?

Ikkje greitt

– Eg har sett deg oppmuntre og motivere andre, men du synest ting er ganske tøffe sjølv òg?

– Ja. Eg har brukt så mykje av kreftene mine på å oppmuntre andre til å gjere dette. Så går kameratane mine konkurs. Vi vert ikkje verdsette. Vi vert sette på som eit problem. Det er ikkje greitt. Bønder er ordentlege folk. Vi prøver og prøver og prøver, men no er det nok. 

Solberg kjem raskt til hektene att. Eg spør han kvifor opprørarane ikkje har jobba inn mot bondeorganisasjonane, slik bønder til vanleg gjer når dei vil påverke. Han svarar at han har brukt 14 år som tillitsvald i Bondelaget og er svært glad i organisasjonen, men dette er eit grasrotopprør, basert på at daglegvarekjedene får stadig større makt i verdikjeda, og at bondeorganisasjonane gong på gong har skrive under på oppgjer som gjer bøndene til samfunnstaparar. 

 – Dei har ikkje følgt med på kva medlemmene seier, og alvoret som er i næringa no. Eg trur det har vore ein vekkjar for dei, og vi treng også politikarar som ser alvoret, seier han.

Ikkje berre pengar

I statsbudsjettet for i år er det løyvingar til landbruket på 21,1 milliardar kroner. Redaktør i Finansavisen Trygve Hegnar har spurt om det ikkje er forbrukarane som bør gjere opprør.

Solberg synest ikkje overføringane er avskrekkande.

– Prosentdelen dei utgjer på statsbudsjettet, har gått nedover. Summen høyrest stor ut, men samanliknar ein den summen med kva andre ting kosta til dømes i 70-åra under Hitra-aksjonen, som var sist gong jordbruket reiste seg og samfunnet forstod at næringa var på veg i grøfta, vart det brukt mykje meir pengar på jordbruk på den tida. 

– Handlar dette berre om at løyvingane må verte større, eller må det ei politisk omlegging til?

– Ein må sjå på heile landbrukspolitikken, for skal ein skape lønsemd for bonden, må det følgje med reguleringar. Vi bønder er så flinke til å produsere, så med ein gong vi får høve til å produsere meir, vil vi prøve. Så produserer vi oss til daude, rett og slett. 

Press på partane

Saman med støttespelarane har opprørarane skrudd temperaturen kraftig opp framfor årets jordbruksoppgjer. 

– Aldri har eg kjent eit slikt trøkk i medlemsmassen, blant norske bønder, frå interessentar for norsk landbruk og norsk matproduksjon, sa bondelagsleiar Lars Petter Bartnes då han la fram kravet frå bøndene til staten tysdag denne veka. 

I kravet var det endra talgrunnlaget til bondeopprørarane teke med. «Vi registrerer nå dessverre at tilliten til materialet blant bøndene er svekket», skriv organisasjonane i kravet. 

Andre krav frå #Bondeopprør21 er at lønsgapet til grupper dei kan samanliknast med, vert tetta i neste stortingsperiode, basert på det nye talgrunnlaget, og at verktøya som vert tekne i bruk, skal sikre den aktive bonden. 

Opprørarane meiner også at resultatet av forhandlingane bør ut på uravrøysting blant medlemmene, noko som har vorte avvist både av Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi ber om at likesæla tek slutt. Det hyggelege er slutt. No er det alvor. 

Tor Jacob Solberg, bonde

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis