Korn i krisetid
Klimaendringar. Pandemi. Krig. Priseksplosjon. Er det no Noreg skal lagre matkorn med tanke på matkrise?
Stavanger Havnesilo er det største kornsiloanlegget i landet og kan fungere som beredskapslager for matkorn, om politikarane vil.
Foto: Felleskjøpet Agri
Bakgrunn
Beredskapslager med formatkorn
Frå 1928 til 1995 var det eit lovbestemt krav om at Noreg skulle ha matkorn nok til forbruk i eitt år.
Frå 1990-åra vart beredskapslagera for korn gradvis bygde ned.
I 2003 stod berre ei ordning med 20 dagars mjølforbruk til bakeribransjen nord for Ofoten att, fram til også denne vart fjerna i 2014.

Matlager
christiane@dagogtid.no
På ei hamn i Stavanger kneisar fleire enorme kornsiloar i betong. Dei kan romme 195.000 tonn, eller 15 prosent av ei god norsk kornavling. Det gjer dei tre–fire gonger større enn andre store kornsiloar i Noreg og utan samanlikning til dei største i landet, ifølgje Felleskjøpet Agri, som eig anlegget.
Siloane vert nytta til korn, men ikkje for beredskapslagring, slik dei vart bygde for.
I eit rikt og fredeleg Noreg kan siloane verke feilplasserte. Dei ligg korkje i eit næringsområde eller i eit kornområde, men tek sjøutsikta frå eit bustadfelt, som kunne vorte utvida ut mot havet, truleg med god inntening. Også siloane kan verte bustader, nokre år fram i tid.
Bustad ved sjøen
Skjebnen til siloane har vore tema for debatt i mange år. Kritiske røyster, særleg i bondekrinsar, har åtvara mot å fjerne dei siloane som har vorte rekna som best eigna til å stå opp att som beredskapslager, om politikarane gjev klarsignal.
Slik saka står no, vil ein reguleringsprosess i kommunen avgjere om siloane skal romme folk i staden for korn, eller om dei skal jamnast med jorda og gje plass til andre former for bustader.
Krise og lagring
Notida kjem vi tilbake til, men først litt historie: Då Stortinget vedtok å byggje siloane i 1962, må plasseringa ha verka heilt rett. Landet trong å importere korn, og hamna i Stavanger var svært godt eigna til å få kornet skipa inn frå internasjonale seljarar.
Her lagra staten korn i beredskap for tøffe tider. Siloreisinga må ha stått fram som eit symbol på ansvar og tryggleik.
Kva historie fortel siloane i Stavanger i dag? Kanskje først og fremst ei historie om langvarig fred og velstand. Noregshistoria etter 1900 viser at oppbygging av matberedskap har følgt krisetider.
Eitt års forbruk
Då Noreg bygde opp kornlagera i mellomkrigstida, var det etter fleire erfaringar med leveringssvikt. Folket hadde opplevd hungersnaud i periodane 1808–1809 og 1812–1813 som følgje av avlingssvikt og blokkerte forsyningsliner, og dessutan mangel på varer under den første verdskrigen.
Avviklinga i 1990-åra reflekterte at den kalde krigen var slutt, at den internasjonale handelen var liberalisert, og at sjølvforsyninga av norsk kveite hadde vorte styrkt. Dessutan hadde Noreg vorte eit rikt land som også kunne handtere svingande og høge prisar på verdsmarknaden.
Eksportrestriksjonar
Så kor står vi i dag? Den internasjonale matmarknaden er i augeblinken svært uroleg. Prisane på varer som planteoljar og kveite hadde skote i vêret alt før krigen i Ukraina, og ei rekkje land har reagert ved å verne om eigne avlingar.
I tillegg til Ukraina og Russland har også land som Serbia, Ungarn, Algerie, Egypt og Argentina no innført eksportrestriksjonar på ulike typar varer, ifølgje Landbruksdirektoratet. FN har åtvara om at verda kan stå overfor ei matvarekrise, der millionar står i fare for å svelte.
Vil journalistar i framtida skrive at Noreg innførte beredskapslager att, etter koronapandemi og krig mellom to kornstormakter, i eit tid med klimaendringar?
Førre søndag gav landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) landbruksdirektoratet i oppdrag å utgreie etablering av beredskapslagring av matkorn.
Bed om tålmod
For Senterpartiet har matkornlagring vore ei kampsak i mange år, og Borch har understreka at etableringa av kornlager ikkje skal setjast i samanheng med Ukraina-krisa.
– Eg kjem ikkje til å setje fortgang i arbeidet på grunn av situasjonen i Ukraina. Dette er ein jobb vi skulle gjere uansett, sa Borch då ho for kort tid sidan gjesta ein kunnskapskonferanse i regi av Landbruksdirektoratet.
Heller enn å setje fart på lagringa kan verdssituasjonen faktisk gjere det naudsynt å skyve etableringa av kornlager fram i tid.
– Vi har sett at det har vore behov for dette knytt til pandemien, klimahendingar og no situasjonen i Ukraina. Skulle vi kjøpt inn store mengder korn no, ville det utfordra situasjonen i andre land, som verkeleg har trong for landbruksproduksjon. Så her treng vi tolmod, sa Borch.
Rapportar i fleng
Trongen for beredskapslagring har vore utgreidd ei rekkje gonger, med ulike føresetnader og konklusjonar. Berre éi av utgreiingane har tilrådd å etablere beredskapslager.
z I 2012 råda Statens landbruksforvaltning styresmaktene til å opprette beredskapslagring for forbruk i seks månader.
z I 2014 slo Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) fast at statleg regulert lagring av matkorn vanskeleg kunne styrkje den norske forsyningstryggleiken merkbart. Derimot åtvara instituttet mot at ei slik ordning kunne svekkje marknadsaktørane sitt motiv for risikohandtering.
z I 2015 utførte NILF ein risiko- og sårbarheitsanalyse der konklusjonen var at det for tida ikkje var trong for auka kornlagring, men med eit råd om å forsterke overvakinga av global risiko.
z I 2017 utførte så Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) ein risiko- og sårbarheitsanalyse, som også råda styresmaktene om å auke overvakinga av internasjonal risiko. I tillegg tilrådde direktoratet å styrkje beredskapen ved å greie ut kva som skulle til for å etablere kornlager, kvantifisere potensialet for endra matproduksjon og verne om matjorda.
Avvist i 2019
Seinast i statsbudsjettet for 2020 avviste Solberg-regjeringa å starte beredskapslagring. Nasjonal produksjon og import kan langt på veg oppretthaldast også i kriser, var forklaringa. Ei fullstendig avsperring av forsyningslinjene over tid vart ikkje sett på som realistisk.
Solberg-regjeringa såg heller ikkje på beredskapslagring som kostnadseffektivt. Reknestykke frå regjeringa viste nemleg kostnader på i underkant av 50 millionar kroner i årlege driftskostnader og 200 millionar kroner til innkjøp av korn frå verdsmarknaden for forbruk av matkorn i tre månader. I tillegg kom vesentlege kostnader til etablering av ny silokapasitet, tilnærma 230 millionar kroner.
Lagring i det blå
Borch har vore krystallklar på at beredskapslager skal etablerast. Korleis ser derimot ut til å vere heilt i det blå.
Spørsmåla Landbruksdirektoratet skal greie ut, er for mange til å referere her, men gjeld mellom anna omfanget på lagringa (éin til tolv månaders normalforbruk av matkorn), om lagringa skal baserast på norskprodusert eller importert korn, om kornet skal lagrast sentralt, regionalt eller lokalt på gardsbruk, og kva det vil koste å etablere og drifte lagringa.
Det einaste regjeringa legg til grunn, er at lagringa skal skje i regi av marknadsaktørane, der staten betaler godtgjersle for lagring utover den kommersielle delen.
Om Borch går inn for lokal eller regional lagring, bryt det med tidlegare krav om at Stavanger Havnesilo må ivaretakast og nyttast som eit sentralt beredskapslager. På Landbruksdirektoratets kunnskapskonferanse nyleg ymta Borch om at lokal lagring kan vere vegen å gå.
– Der vi før har meint at vi kanskje skulle ha ein silo til lagring, er vi nå inne på om vi skal lagre på gardsbruk. Det trur eg er heilt rett, for då får du fleire lager spreidde omkring, kanskje også tilknytte daglegvarekjedene, sa ho.
Har kapasitet
Håkon Tørrestad, leiar for kornbøndenes interesseorganisasjon Kio, seier at kornbønder har monaleg kapasitet.
– Ja, langt over halvparten av kornbøndene har eit mottaksopplegg på garden, som dei bruker i skuronna når dei haustar. Dei må ha ein stad å lagre før dei køyrer ut kornet til Felleskjøpet-anlegga. Mange gardar har òg tørkeanlegg, for mykje av kornet er fuktig når det vert hausta, og så må de tørkast før det vert lagringsdyktig, seier han.
Men gardslagring er ikkje utan utfordringar. Då Felleskjøpet greidde ut ulike lagerløysingar i 2019, vurderte dei gardslagring som «lite aktuelt».
Bondesamvirket peikte på at lagera på norske gardar vil måtte byggjast opp på norsk korn, at dei vil koste langt meir enn offentlege lager og at det vil krevje meir oppfølging av styresmaktene eller marknadsregulatoren, som i dette tilfellet er Felleskjøpet.
Måndag denne veka åtvara tidlegare sjef i Felleskjøpet Agri, Lars Fredrik Stuve, politikarane mot å gå inn for lagring på gardsbruk, på eit ope møte om matberedskap, ifølgje Bondebladet.
«Det koster 5000 kroner å etablere store etablerte lager. Tradisjonelle tørker og lager på gårdsnivå koster 12.000–15.000 kroner per tonn. Skal vi bygge det på gården? Gjerne for meg, men det koster tre ganger så mye», sa Stuve, ifølgje fagbladet.
Nye tider?
Regjeringa si målsetjing om å etablere beredskapslagring av korn treng altså ikkje bety at debatten tek slutt. Dag og Tid spør Ivar Pettersen, som stod bak dei to NILF-rapportane, om han i dag ser grunn til å endre råda han gav i 2014 og 2015. Det gjer han ikkje. Men han ser grunn til å utdjupe konklusjonen.
– Konklusjonen var ikkje eit argument mot kornlagring, men for at lagringa bør skje ut frå dei forholda som næringsaktørane opplever i verdikjeda, seier han, og held fram:
– Konklusjonen var eigentleg at staten bør vere forsiktig med å ta frå verdikjeda ansvar for å sikre forsyninga av korn. Men vi treng å styrkje overvakinga av risiko. Slik situasjonen er i dag, er det gode argument for at Felleskjøpet og andre aktørar skal styrkje kornlagera sine og plassere dei nær marknadene. Men det er framleis eit spørsmål om staten gjer systemet meir robust ved å ta frå verdikjeda ansvar.
Solidaritet
Ein forskar som lenge har støtta opprettinga av beredskapslager, Bjørn Eidem ved Ruralis, ser annleis på saka. Han meiner tilstrekkjeleg kornlagring i verda fungerer stabiliserande på marknaden.
– Det er ein internasjonal solidaritetstanke i dette, for om lagera vert for låge, vert marknadene og politikarane nervøse, seier han.
Eidem bruker råvarekrisa i 2008–2012, med finanskrisa og Den arabiske våren, som døme. Før krisa var kornlagera i importørlanda låge. I tida etterpå har importørlanda dobla lagera sine.
– I Noreg har vi ikkje følgt denne trenden. Vi treng det ikkje, egoistisk sett, for vi kan kjøpe oss ut av problema. Men vi skal ikkje kaste oss ut på marknaden og gjere krisa verre når krisa er eit faktum. Vi skal byggje opp lagera i gode tider og tære på dei i kriser.
– Ivar Pettersen meiner at det kan vere risikofylt om staten tek for mykje ansvar frå aktørane i verdikjeda.
– Eg har vore usamd med han heile tida. Når det gjeld å leggje ein del av eit ansvar for lagring til næringa, er det en god idé. Det er ikkje sikkert vi skal ha statlege lageranlegg, men vi må ha ein statleg politikk for dette. Mange av argumenta frå Pettersen verkar marknadsliberalistiske. Vi er òg avhengige av tilstrekkeleg kapasitet i siloar ved hamner. Vi skal ikkje berre lagre norsk korn, vi skal lagre importkorn òg.
– Kva synes du om Borchs skisserte løysing med kornlagring på norske gardsbruk?
– Eg trur det kan ha sin plass i eit system med mange verkemiddel. Det vil då vere snakk om lagring av norsk korn i kombinasjon med sentral lagring av importkorn. Det kan ikkje vere snakk om det eine eller det andre.
Bustad eller kornlager
Kva vil skje med siloane i Stavanger? Vil dei verte attraktive bustader ved sjøen, eller vil dei igjen kunne verte aktuelle som beredskapslager for matkorn?
Eidem meiner siloane må takast vare på som kornsiloar.
– Det vi har, må vi ta vare på. Vi har bygt ned mykje. No er det på tide at vi tenkjer oss om.
Dag og Tid har spurt Felleskjøpet Agri, som eig Stavanger Havnesilo, om det framleis kan vere eit alternativ å nytte siloane som beredskapslager i framtida. Konsernsjef Svenn Ivar Fure svarar per e-post.
– Stavanger Havnesilo har dei seinare åra vore ei viktig brikke i handteringa av norske kornråvarer, men anlegget ligg utanfor dei sentrale kornområda og var laga for ei tid der matkornet i stor grad kom med skip frå USA, skriv han.
– Ein premiss for å gjennomføre eit eventuelt sal av Stavanger Havnesilo er at tilsvarande kapasitet for logistikk og lagring av norsk korn vert bygd opp på dei andra anlegga vi har i landet, som ligg der kornet vert dyrka.? Felleskjøpet vil på ingen måte byggje ned kapasiteten til å handtere norsk korn i framtida, men vi treng pengane frå Stavanger Havnesilo for å kunne oppgradere og byggje nye kornanlegg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Skulle vi kjøpt inn store mengder korn no, ville det utfordra
situasjonen i andre land.
Sandra Borch, landbruks- og matminister
– Vi har bygt ned mykje. No er det på tide at vi tenkjer oss om.
Bjørn Eidem, forskar ved Ruralis
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.