Oppskrift på svolt og opprør
Dei internasjonale matprisane er dei høgaste på over ti år, og talet på underernærte skyt i vêret. Ein krig mellom dei store kornlanda Russland og Ukraina kan gjere vondt verre.
Ein skurtreskjar haustar kveite nær landsbyen Nedvigovka i Rostov-regionen i Russland 13. juli i fjor. Russland og Ukraina står til saman for nesten 30 prosent av kveiteeksporten i verda.
Foto: Sergjej Pivovarov / Reuters / NTB
Mat
peranders@dagogtid.no
Året 2022 ligg an til å bli eit svært vanskeleg år for fattige land som er avhengige av matimport. Ei rekkje ulike utviklingstrekk dyttar no i same retning og sender prisane på korn og andre livsviktige varer rett til vêrs. Prisane på den internasjonale matvaremarknaden er no dei høgaste sidan 2011, syner prisindeksen til FAO, matvareorganisasjonen til FN. Frå desember 2020 til desember 2021 auka matprisane i snitt med 25 prosent.
For fleire typar korn steig prisane enda meir: Maisprisane i 2021 var i snitt 44 prosent høgare enn i 2020, og kveite var 31 prosent dyrare i fjor enn året før. Den utviklinga er nok til å sende mange millionar menneske i fattige land ut i svolt – og prisgaloppen stoggar neppe her. Alt ligg til rette for at korn og andre matvarer vil halde fram med å bli dyrare.
Inflasjon
Som kjent er det ikkje berre mat som blir dyrare for tida. Inflasjonsbølgjene rullar over verda, og prisane på svært mange varer har skote i vêret det siste året. Da pandemitiltaka byrja å letne, auka etterspurnaden rundt i verda mykje raskare enn produksjonen, og flaskehalsar i produksjonskjeder og transport har ført til mangel på mange varer. I både Europa og Kina har skyhøge energikostnader i tillegg gjort mange varer dyrare.
Denne utviklinga påverkar sjølvsagt jordbruksproduksjonen òg. Når drivstoff og straum blir dyrare, svir det for dei som driv med moderne landbruk. I tillegg får dei ekstreme gassprisane alvorlege konsekvensar for bøndene i verda på ein annan måte: I løpet av 2021 blei prisen på naturgass i Europa mangedobla, og det har drive opp gassprisen også i andre verdsdelar. Og gass er ein særs viktig innsatsfaktor i produksjonen av ammoniakk til kunstgjødsel.
Varslar om matkrise
Dette har alt råka gjødselprodusentane. Fleire europeiske leverandørar av kunstgjødsel trappa ned eller stogga produksjonen sin i fjor fordi gassprisane vart for høge til at dei kunne drive lønsamt. I fjor haust trappa til dømes norske Yara ned produksjonen av ammoniakk ved seks fabrikkar, mellom anna på Herøya.
Når det blir mindre kunstgjødsel på marknaden, stig sjølvsagt prisane. Og om mange bønder rundt i verda ikkje lenger har råd til kunstgjødsel, blir det i neste omgang mindre avlingar og mindre mat å få kjøpt.
Dei høge prisane på kunstgjødsel kan føre til matkrise og hungersnaud, sa konsernsjef Svein Tore Holsether i Yara nyleg til TV 2. «Gjødsel er helt nødvendig næring for at plantene skal vokse. Hvis det går ett år uten at man tilfører gjødsel, så faller avlingene med 50 prosent. Det er dramatiske reduksjoner», sa Holsether.
Sjølvforsvar
Gjødselkrisa handlar ikkje berre om marknadskrefter, for det har gått politikk i kunstgjødselhandelen det siste året. I fjor sommar vedtok Kina å kutte dramatisk i eksporten av fosfatgjødsel for å sikre si eiga matforsyning. Kina har tidlegare stått for kring 30 prosent av fosfatproduksjonen i verda, så dette vedtaket reiv eit gapande hol i verdsmarknaden.
Deretter innførte også Russland eksportrestriksjonar for somme andre typar kunstgjødsel. Båe vedtaka kjem til å drive gjødselprisane opp og avlingane ned i resten av verda i 2022.
Strid i kornkammeret
I tillegg til alle dei nemnde prisdrivarane på matmarknaden kjem ein stor usikker variabel: Korleis kjem konflikten mellom Russland og Ukraina til å utvikle seg dei neste månadene? Svaret på det er viktig for folk langt utanfor Europa, for båe landa er blant dei aller største kornprodusentane i verda. Russland er verdas største kveiteeksportør, medan Ukraina var den femte største eksportøren i 2020 og er venta å bli den fjerde største i år.
Til saman står desse to landa for nærare 30 prosent av kveiteleveransane på verdsmarknaden i gode år. Og Ukraina åleine står for 16 prosent av maiseksporten i verda. Ein eventuell krig her kan råke viktige delar av matforsyninga i verda og sende kornprisane vidare oppover, og det på eit særs uheldig tidspunkt.
Arabiske opprør
Situasjonen er eigentleg alvorleg nok utan ein krig i Ukraina. Det er verdt å merke seg kva som skjedde sist dei internasjonale matprisane var på same nivå som i dag, i 2010 og 2011. Den gongen var prisane allereie svært høge på grunn av den høge oljeprisen.
I tillegg førte tørkesommaren 2010 til at Russland stogga eksporten av kveite for å tryggje eiga matforsyning. Resultatet var opptøyar og annan politisk uro i ei lang rekkje land, og matkrisa var ei viktig årsak til oppstandane som velta fleire regime i Midtausten og Nord-Afrika i den såkalla arabiske våren.
No er altså dei globale matprisane oppe på dei same høgdene som i 2010. Og som den gongen er landa i Midtausten blant dei som er mest avhengige av kornimport. Både president Sisi i Egypt, president Erdogan i Tyrkia og mange andre statsleiarar i regionen bør håpe på ei fredeleg løysing i Ukraina (og for den del at tørka som trugar kornavlingane i Midtvesten i USA, snart tek slutt).
Svolten aukar
I eit mellominntektsland som Egypt kan truleg diktatoren Sisi kjøpe seg ut av problema med subsidiar som held brødprisen nede, så han slepp å lide same lagnad som forgjengaren Hosni Mubarak. Men i dei fattigaste landa i verda er det vanskeleg å verne innbyggjarane mot dei aukande matprisane, og det er grunn til å tru at underernæring og svolt vil råke langt fleire menneske i 2022 enn i fjor.
Dette er del av ei trist utvikling. Frå tusenårsskiftet gjekk talet på sveltande og underernærte i verda stødig nedover i ein god del år, og det såg ut til at målet om å utrydde svolten i verda kunne vere innanfor rekkjevidd.
Men i 2015 byrja talet så vidt å auke att, og da pandemien kom i 2020, greip svolten for alvor om seg. Det året var nesten 10 prosent av befolkninga i verda underernærte, ifølgje tal frå FN, kring 770 millionar menneske. I år ligg prisauken på mat og gjødsel an til å sende langt fleire under sveltegrensa.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei høge prisane på kunstgjødsel kan føre til matkrise og hungersnaud, sa konsernsjef Svein Tore Holsether i Yara nyleg.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.