JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Lengst nede ved bordet

Kvinner i fengsel er ei sårbar gruppe. Framtida til norske kvinnefengsel er uviss.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Pernille Ekornrud Grøndal

Pernille Ekornrud Grøndal

11945
20240308
11945
20240308

Soningstilhøve

pernille@dagogtid.no

Eg står utanfor murane ved Romerike fengsel, avdeling Ullersmo, og trykkjer på callingen. Den grå betongmuren som ruver over meg, understrekar alvoret som pregar institusjonen eg snart skal inn i.

I desember slo Statsbygg alarm om branntryggleiken på kvinnefengselet på Bredtveit og kravde at heile høgtryggleiksavdelinga flytta på dagen. Ein så kort frist var uforsvarleg, ifølgje fengselsleiinga. Kompromisset vart at Bredtveit måtte evakuere lokala innan tre månader, og flytte inn på eiga avdeling i mannsfengselet på Ullersmo. Ingen veit når, eller om, dei får flytte tilbake igjen. 

Eg vert slusa gjennom tryggleikskontrollen. To smilande tilsette, Ane Sagheim og Eirin Aaen Nordli, ventar på andre sida. Det tek brodden av alvoret.

Kvinnene

Kven er dei, kvinnene som sit i fengsel? Og korleis har dei det? 

Tal frå Kriminalomsorga frå desember 2023 syner at 147 kvinner sat i norske fengsel. Det utgjer 5,1 prosent av alle innsette, eit tal som held seg relativt konstant over tid. Åtte av desse kvinnene har forvaringsdom, ei reaksjonsform som i realiteten kan innebere at forbrytaren sit på livstid. Talet på forvaringsdømde menn er til samanlikning 148. 

Kvinnelege straffedømde er hovudsakeleg dømde for kategoriane narkotika, drap, tjuveri og seksualovergrep, med narkotikadømde som den største kategorien. 

I fagmiljøa har det lenge vore ei utbreidd semje om at kvinnelege innsette har dårlegare soningstilhøve enn menn. I 2015 undersøkte ei tverrfagleg arbeidsgruppe soningstilhøva for kvinner og menn, på oppdrag frå Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI). Undersøkingane synte at det er ein lang veg å gå for å jamstille soningstilhøva for kvinner og menn.  

Året etter kom rapporten Kvinner i fengsel frå dåverande sivilombodsmann Aage Thor Falkanger, og ombodet undersøkte levekåra til kvinnelege innsette. Konklusjonen var nedslåande: Kvinner hadde dårlegare soningstilhøve enn menn. Kvinnene hadde dårlegare høve til å drive fysisk aktivitet. Dei hadde dårlegare tilgang til reell arbeidstrening. Helsetilbodet var i for liten grad tilpassa kvinner, trass i at ein aukande andel kvinner i fengsel slit med psykiatriske lidingar.

Også rusmeistringstilbodet var dårlegare. I mange tilfelle sat kvinner i eigne avdelingar i mannsfengsel, men måtte omgåast menn på arbeids-, skule- og fritidsaktivitetar. Det auka risikoen for seksuell trakassering og uønskt merksemd. Og mest alvorleg: Kvinner risikerte å sitje på høgare tryggleiksnivå enn det alvoret i saka tilsa. Kvinnene vart oftare innelåste på cella utan anna grunngjeving enn at det var for få tilsette på jobb.  

I kjølvatnet av rapportane la KDI fram ein strategiplan for kvinner i fengsel frå 2017–2020. I fjor la Kriminalomsorga fram ein strategiplan for straffegjennomføring for kvinner fram til 2030. Med forsterka ressurseiningar, betra helsetilbod, eit løft i bygningsmassen og kompetanseheving hjå dei tilsette, skal kvinnene rehabiliterast.  

« «Mjukt» arbeid som tillitsskaping og varme er sårbart for kaotiske arbeidstilhøve. Stress, ressursmangel og tidsnaud er fiendane til nærleiken. »

Jentekollektivet 

Sagheim og Nordli låser oss inn gjennom tre–fire portar før vi kjem til området der Bredtveit-kvinnene sit, åtskilt frå resten av fengselet. 

Vi kjem inn i ein lang, smal gang med små celler på kvar side. Straks tittar fire–fem kvinner fram frå cellene. Blikka er vaktsame, litt sjenerte, men nysgjerrige. Medan dei småpratar, høyrer eg ei av dei innsette seie at dei ser på seg sjølve litt som eit kollektiv.  

Ei godt vaksen kvinne seier ho gjerne vil prate. Når eg seier at identiteten hennar vert skjult i intervjuet, seier ho lurt at eg kan kalle ho «Hildegard» – etter Hildegard av Bingen. Eg skjønar at den kjende abbedissa er ein personleg favoritt. Eg spør kva ho synest om å sitje i fengsel. Svaret hennar forbausar meg litt. 

– Då eg sona på Bredtveit, kjente eg meg endeleg trygg. Då gjekk det opp for meg at eg hadde vore utrygg heile livet mitt. No kjenner eg meg utrygg i fellesareala, eg kvir meg for å gå ut. 

Ho fortel at flytteprosessen frå Bredtveit til Ullersmo har vore ei påkjenning, og at ho saknar det gamle fellesskapet. Medan Bredtveit hadde sjel, ifølgje «Hildegard», er Ullersmo sterilt, med skarpe kantar og harde flater. 

– Eg er redd for dei mannlege innsette, at dei skal sjå på meg og rope etter meg, seier ho. 

Personleg tru vert ein trøyst for mange.

Andre innsette fortel at dei er positive til dei nye lokala. Ei ung kvinne framhevar at dei er mindre innelåste på cella enn før. Det, fortel fengselsleiar Levi Tyriberget, er ei følgje av at fengselet har fått eit etterlengta løft i bemanninga, noko både dei innsette og dei tilsette er svært glade for.  

Ei ung kvinne kunne fortelje at ho, i Bredtveit fengsel, kunne vore isolert på tryggleikscelle i mange dagar i strekk, utan meiningsfull kontakt med omverda. Erfaringa finn støtte i seinare undersøkingar frå Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga (Sivilombodet). Meir om det seinare. 

Uroa for fagmiljøet 

Sidan 1945 og fram til flyttinga har Bredtveit vore det største kvinnefengselet i Noreg. Den store tomta på Kalbakken i Oslo, med svære bygningar i nybarokk stil, har hatt ein kapasitet på om lag 55 innsette. Flyttinga vert skildra som ei omvelting for fagmiljøet som har vore bygd opp over mange år. Dei tilsette fortel at fagkompetansen på Bredtveit er unik. 

– Kvinnelege innsette har heilt andre helse- og miljøbehov enn mannlege innsette. Dei er meir sårbare.  

Orda kjem frå Lillian Værø, som har vore Bredtveit-tilsett i over 20 år. Ho seier at dei tilsette har eit eige handlag for dei spesifikke utfordringane som oppstår i kvinnefengsel. Denne kunnskapen tek det tid å byggje opp. Ho, med fleire, er redd for at spisskompetansen skal gå tapt.  

Rett nok har Bredtveit vorte godt teke imot av Ullersmo, og ho seier ho ikkje vil trekkje nokon endelege konklusjonar.  

Nordli er på si side redd for at tilbodet til kvinnene skal verte sterkt innskrenka: 

– Det seier seg sjølv at kvinnene ikkje vil få det same tilbodet som før, i mindre lokale som vi no må dele med menn. Berre det at vi har flytta så langt unna Oslo, gjer at samarbeidet med ideelle organisasjonar som vi har etablert over fleire år, til dømes Raudekrossen, vert vanskelegare. 

Lillian Værø er oppteken av at fagkompetansen kring kvinnelege innsette vert vare­teken.

Hardt vêr 

Medan eg er fluge på veggen, ser eg at betjentane og dei innsette har tillit til kvarandre. Dei ler og tøyser seg imellom, jamvel om nokon slengjer med leppa. Trøystande ord er aldri langt unna, det same er ei vennleg hand på skuldra. 

Det får meg til å tenkje på korleis «harde» prosessar, utforming av strategiar, budsjettarbeid og tryggleiksvurderingar, ikkje nødvendigvis tek omsyn til verdien av «mjukt» arbeid som tillitsskaping og varme. Stress, ressursmangel og tidsnaud er fiendane til nærleik. Og nettopp stress og ressursmangel har prega Bredtveit det siste året.  

For nesten nøyaktig eitt år sidan gjekk nemleg Sivilombodet på tilsyn til Bredtveit. Undersøkinga resulterte i ein rapport på over 90 sider der ombodet konkluderte med at Bredtveit hadde kritiske og livstrugande soningstilhøve. Det mest alvorlege funnet var at Bredtveit hadde ein omfattande og ulovleg isolasjonspraksis. Fengselet etterlevde ikkje krav om at isolasjon berre skal brukast i ekstraordinære tilfelle, som ein siste utveg og for så kort tid som mogleg. Funn tydde på at isolasjon i nokre tilfelle vart nytta som straff. 

Ombodet fann òg alvorleg svikt i arbeidet med å førebyggje sjølvmord og sjølvskading. Det fekk diverre alvorlege konsekvensar. Nokre dagar før Sivilombodet vitja fengselet, tok ein innsett, Jessica, livet sitt i fellesområdet, rett føre auga på både tilsette og innsette. Sivilombodet skildra hendinga som eit konkret utslag av ein vedvarande og langvarig risiko for liv og helse hjå dei innsette. Tilsynsarbeidet er ikkje avslutta enno, og den endelege konklusjonen er venta på vårparten. 

Det kan sjå ut som at kvinnestrategien Kriminalomsorga lanserte i 2017, ikkje hadde tilsikta effekt på Bredtveit. Kanskje var det for mykje som hadde gått gale, alt på det tidspunktet? Eg tek opp rapporten med betjentane og ser at dei vert litt matte i blikket. Det er tydeleg at tilsynet har vore ei påkjenning.

Sagheim fortel at dei tilsette i mange år hadde meldt frå om uhaldbar ressurssituasjon, kritisk låg bemanning og problem med den fysiske bygningsmassen, utan at det resulterte i meir pengar eller bemanning. Oppfatninga blant dei tilsette var at tilhøva på Bredtveit var ein varsla katastrofe. At fengselet, og dei tilsette, fekk så krass kritikk, vart av mange opplevd som eit slag i andletet. 

– Det var jo mykje vi skulle ønskje vi kunne få til, men som vi måtte nedprioritere. Og nokre gonger måtte vi velje mellom kven av dei innsette som skulle få hjelp.  

Sagheim og Nordli seier det er fortvilande å sjå at tilbodet ikkje strekk til.  

– Vi jobbar tett med dei innsette og ønskjer å skape ein betre kvardag for ei gruppe menneske som møter store individuelle og strukturelle utfordringar. Derfor var rapporten tøff å få. 

Betjentane Eirin Aaen Nordli og Ane Sagheim er uroa over soningstilbodet no som kvinnene skal vere på Ullersmo.

Eit leiingsansvar 

Som mange andre statlege verksemder har Kriminalomsorga opplevd kutt i midlar over mange år, noko som har resultert i underbemanning over lengre tid. Kriminalomsorgstilsette på både fengsels-, regions- og direktoratsnivå har i fleire år vore tydelege i media om uhaldbare ressurstilhøve i fengsla, ikkje minst som følgje av at andelen psykisk sjuke kvinnelege innsette stadig aukar.  

Rapporten frå Sivilombodet skildra at dei tilsette hadde opplevd stress, maktesløyse og tidspress over tid, og at det auka risikoen for uforholdsmessig maktbruk. Eg spør fengselsleiaren om han deler oppfatninga til betjentane om at tilhøva på Bredtveit, og tilfellet Jessica, var ein varsla katastrofe. 

– Diverre, ja. I Kriminalomsorga har det historisk vore slik at arbeidet med å styrkje tenestene kjem i etterkant. Vi er ein liten etat som får lite merksemd før noko verkeleg er uhaldbart. Ofte må det skje noko alvorleg for at det skal kome monalege endringar. 

– Korleis hamna Bredtveit i ein så alvorleg situasjon? 

– Det enkle svaret på det er at vi i 2022 fekk brå auke i talet på krevjande innsette, utan tilsvarande auke i bemanninga. Vi var i utgangspunktet pressa då vi hadde fire krevjande innsette, plutseleg hadde vi ni. 

Likevel avdekte rapporten eit gjennomgåande trekk: at leiinga ikkje var tilstrekkeleg systematiske med å kartleggje sjølvmordsrisiko, og at rutinane for drøfting, gjennomføring og dokumentasjon av tvangsmiddelbruk var for svak. 

– Desse funna er uttrykk for meir systematisk svikt. Kan ein forklare alt dette med underbemanning? 

Tyriberget seier at fengselet har hatt utfordringar med å følgje opp systematisk kartleggingsarbeid, og at det ikkje berre er underbemanning som kan forklare det. 

– Likevel har vi hatt ein lang periode der fengselet, både blant betjentane og i leiinga, var svært pressa.  

Tyriberget seier at det viktige no er å halde eit balansert og fornuftig blikk på forbetringsarbeidet, både hjå faginstansane og på direktoratsnivå. Ikkje minst, meiner han, er det avgjerande at det er politisk vilje til å løyse utfordringane rapporten avdekte. 

– Det er bra at Sivilombodet peiker på kritikkverdige tilhøve, og at media held trykket oppe. Då får politikarane høve til å gjere gode val for etaten og samfunnsoppdraget vi er sette til å løyse. 

Framtida 

Medan Bredtveit skal tilpasse seg nye lokale og drive forbetringsarbeid, er framtida til fengselet framleis uviss. I eit e-brev denne veka seier statssekretær John-Erik Vika (Sp) at Justisdepartementet, i samråd med Statsbygg, er i gang med å vurdere langsiktige løysingar for kvinnesoning i austlandsområdet, men at det er for tidleg å seie kva tid ei avgjerd kan takast. 

I mellomtida vert kvinnene på Bredtveit verande på Ullersmo. 

Utpakkinga held fram.

Utpakkinga held fram.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis