JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Flyfavorittar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1998
20240614
1998
20240614

– Så det er deg eg skal få sitja ved sida av i dag. Så hyggeleg, seier mannen glisande og slår seg ned i flysetet ved sida av meg.

Eg såg han alt inne på gaten. Han spaserte rundt med trillekofferten i eine handa og telefonen opptil munnen med andre, slik mange går med telefonen for tida, som om han er eit pizzastykke på veg inn i gapet. Han sette seg ikkje ned og venta, berre gjekk og gjekk, att og fram, heile tida medan han snakka i telefonen. Men no var han komen om bord i flyet, hadde avslutta telefonsamtala og lagt trillekofferten i bagasjehylla over seg.

– Ja, det er ikkje kvar dag eg får sitja ved sida av deg heller, responderer eg.

– Eg likar så godt å preika med folk, seier han.

– Det vil eg tru, seier eg.

Han fortel litt om familien og arbeidet sitt, og eg fortel litt om familien og arbeidet mitt, at eg er avisteiknar og trur jammen eg har teikna han òg.

– Det har vorte nokre karikaturar oppgjennom! Eg synest det er stas å bli teikna, seier han, og nikkar så ned mot boka eg har liggjande på fanget.

– Kva les du? Eg er så nyfiken på kva folk les.

Eg viser han omslaget, My Name Is Lucy Barton av Elizabeth Strout, og spør kva han les. Han tek fram telefonen sin, opnar ein bokapp, byrjar å bla nedover og fortelja om bøkene han har lese i det siste, kva han likte og kva han ikkje likte.

– Du, avbryt eg.

– Avisa eg jobbar i, har ei spalte nedst på baksida som heiter «Tre favorittar». Kan ikkje du skriva om tre forfattarar du likar, 400 teikn om kvar, inkludert mellomrom?

(Funfact: Vanlegvis er det kona til redaktøren som hentar inn tekstane til denne spalta.)

Mannen ler med det etter kvart så kjende smilet, augo er berre to gliper når han smiler slik, og seier at jo, han kan skriva om tre nobelprisvinnarar i litteratur.

– Flott! Men du, seier eg.

– Eg ser du ikkje har sett telefonen i flymodus. Det må du gjera fyrst.

Og slik gjekk det til at Norwegian-gründer Bjørn Kjos skreiv «Tre favorittar».

Verda er lita, spesielt om bord i eit fly.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis