Gubbe!
Edvard Munchs målarstykke «Historien» viser ein eldre mann med kvitt skjegg som sit framfor livstreet og snakkar med ein liten pjokk. Guten lyttar ærbødig.
Dette må vere ein arketype som går igjen i alle kulturar. Ein klok mann – ja, det er oftast ein mann – som har levd lenge og røynt mykje, og som no fôrar omverda med dei vise vurderingane sine. Frå gamle Nestor i Iliaden via Njål i Njålssoga til den eldre Kåre Willoch i vår eiga tid.
I det vi med eit nokså upresist uttrykk kallar gamle dagar, lytta folk vørdnadsfullt til det desse klokingane hadde å seie, dei la seg visdomsorda på minne og prøvde å rette seg etter dei gode råda. No, derimot, har dei unge knapt tid til slikt. Dei lyttar med eit halvt øyre og bortvendt blikk og har tankane langt inni dataspelet sitt eller dei nyaste tiktokvideoane.
Men dei sjølvutnemnde vismennene har ikkje fått med seg dette. Dei set seg godt til rette i godstolen framfor peisen, breiddfulle av dyrkjøpt livserfaring, og deler kloke tankar dei har opparbeidd seg gjennom mange opplevingsrike år, og velfunderte meiningar om samfunnsutviklinga, anten det no gjeld omgangstonen blant ungdommen, sjølvopptekne romanforfattarar eller den omseggripande dialektbruken i NRK.
Stor er derfor overraskinga når dei så blir kjefta huda full for meining sine og stempla som gretne gamle gubbar utan kontakt med tidsånda.
Korleis hamna vi her? Kva har skjedd?
Er dette ein nødvendig konsekvens av ungdomsopprøret i sekstiåra? Dei kulturrevolusjonære maoistane som i si tid hundsa den eldre generasjonen og ville sende dei til omskolering ute på landsbygda, får no smake sin eigen medisin?
Er det nettet og globaliseringa som har skulda? Dersom ein ikkje kan uttrykkje seg i kjappe sentensar med kreative forkortingar og kule emojiar, når ein ikkje fram i det moderne samfunnet?
Eller kanskje verda endeleg har oppdaga at denne vismannsposisjonen i røynda er ei form for hersketeknikk?
Obo
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.