JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Mare meum

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1897
20240628
1897
20240628

Jakob Sande skreiv dikt om han Simon i støa og katten som båe var redde for vatn – eit vaskeekte sunnfjordsk rim. Det var nok ikkje vasskrekk Sande sikta til, men heller at gamle Simen var nokså lemfeldig med kroppsvasken.

Sjølv har eg aldri fått negative tilbakemeldingar på kroppshygienen, men eg må vedgå at eg har eit mildt sagt samansett forhold til vatn.

Det er i grunnen rart. Eg voks opp ved ein fjord. Som barn rak eg i fjæra året rundt og leitte etter skjel og krabbar, eg fiska når sjansen baud seg, bada så sant temperaturen var toleleg, bygde flåtar av plankebitar og tomme oljefat og padla langt utpå fjorden.

Eg var til og med yrkesfiskar eit år i ungdommen og kan enno minnast den frydefulle fridomskjensla ved å stå på dekk, la blikket kvile på horisonten og kjenne kroppen følgje rørslene i båten. Ein er trygg i ein båt langt til havs. Sjølv på danskebåten kan eg enno merke den same gleda når vi forlèt hamna og stemner utover. Vatn burde vere mitt element.

Det er det òg, så lenge eg står trygt på eit båtdekk. Det er når eg kjem i direkte kontakt med det våte elementet, når eg badar, ein isnande angst med eitt kan gripe meg.

Men det er ikkje vatnet i seg sjølv som skremmer; eg er ikkje redd for å drukne. Det er det som er i vatnet, eller rettare sagt det som kan vere i vatnet, det ukjende, som får blodet til å fryse.

Sjølv når eg badar i eit lite fjellvatn, kan eg brått få den same lammande kjensla av trugande fare nedanfrå, og i panikk kavar eg meg hastig på land.

Eg går ut frå at Freud ville hatt ei god forklaring på denne irrasjonelle angsten, heile situasjonen passar jo som hand i hanske til teorien hans om eit undermedvite id som brått og heilt uforståeleg kan overmanne oss.

Men den forklaringa vil eg ikkje høyre. Å frykte ein ukjend fare langt nedi djupet er trass alt hakket betre enn å få eit skrømt i hovudet som eg aldri kan bli kvitt.

OBO

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis