JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Nærkamp

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1914
20220422
1914
20220422

Kvar morgon denne påska er eg blitt vekt i sekstida av ei svarttrast som pikkar på kjøkenglaset i hytta.

Han – for det er nok ein hanne – ser seg sjølv i glaset idet sola står opp. Men denne morgonfuglen blir så visst ikkje forelska i sitt eige spegelbilete, slik som Narkissos. Han trur det er ein rival han ser, så blæs han seg opp, rivalen gjer det same, og begge kastar seg fram, barkar saman bryst mot bryst og hakkar laus på kvarandre. Så slår dei retrett og stiller seg på hagebordet for å samle krefter til neste åtak.

Slik held trasta mi på i eit kvarters tid med stadig nye utfall mot fienden. Så finn han ut at det får vere nok for denne gongen, og flaksar vekk. Det same ser han at rivalen gjer. Eg trur han reknar det som ein ærefull remis.

Neste morgon er det same leiken igjen. Ei rekkje hissige åtak mot glasruta, så seier han seg nøgd og dreg av stad til andre gjeremål. Han har sikkert nok å stå i med no som dei byggjer reir og gjer klart til årets ungekull.

Ein morgon prøvde eg å få fuglen til å forstå at innsatsen var fåfengd. Eg gjekk bort og drog til side gardina for å vise at han kjempa mot eit atterskin. Han stakk straks han såg meg. Nøgd gjekk eg til sengs att og meinte eg hadde gjort han ei teneste: Rett nok hadde fuglen tapt ein illusjon, men til gjengjeld kunne han konsentrere seg om reirbygginga, til glede for familien.

To minutt etter høyrde eg han gå laus på glaset igjen.

Eg veit lite om korleis fuglar tenkjer, men eg må vedgå at eg blir litt forundra over denne trasta. Greitt nok at karen tek feil og trur han ser ein fiende. I forvilla stunder har eg gjort same tabben sjølv. At han kjem tilbake kvar morgon og yppar til strid, er derimot eit mysterium.

Vel, den hissige morgonfuglen min kan i det minste vere eit førebilete for andre kamphanar i verda. Tenk om alle kunne nøye seg med å møte seg sjølv til dyst slik, i ei mannjamning i perfekt likevekt.

obo

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis