Nick Cave
Me må snakka om Nick Cave. Denne australske musikaren, skodespelaren og forfattaren, multikunstnaren, vil nokon seia, ovundra og hylla av ei heil verd.
Jau då, det er nokre fine tekstar der, men er det eigentleg så kjekt å høyra på Nick Cave?
Eller vert ein litt betutta av musikken og utstrålinga hans?
Eg såg filmen 20.000 Days on Earth (2014), skriven av Nick Cave og med Nick Cave i hovudrolla som Nick Cave, på USF Verftet i Bergen. I filmen får me fylgja Nick Cave frå han står opp og til han legg seg att den 20.000. dagen i livet.
Det er ikkje ofte eg opplever at publikum applauderer ein film, men det gjorde dei her. I massevis. Gravalvorlege i andletet, som om dei hadde skjønt noko stort. Men eg skjønte det ikkje, eg såg ikkje det nydelege stoffet i keisarens nye klede.
Når eg tenkjer at no har Nick Cave gjort alt han kan for å skilja seg ut, han har snudd på, greidd og svartfarga kvart hårstrå på kroppen, no er det ikkje meir å gjera for å bryta med normalen, så klarar han søren meg å gje ut ei eksepsjonelt plagsam plate.
Det som gjer Wild God frå 2024 så irriterande, er ikkje fyrst og fremst innhaldet, med tekstar om vatn, hestar og froskar; kvart spor høyrest ut som han nett har vakna og syng om draumen han vakna frå.
Det mest hovudristande med Wild God er omslaget. Det er 11 millimeter høgare og 8 millimeter breiare enn eit standardomslag. Dette gjer at omslaget ikkje passar inn i ei normal plastlomme for vinyl.
Kanskje designen gjer at omslaget måtte vera så stort, tenkjer du gjerne? Men nei, coveret er einsfarga lysegrått, og det einaste som er på framsida, er bokstavane Wild God, også dei lysegrå. Det hadde ikkje gått ut over nokon om omslaget var i normal storleik.
Kva tenkjer Nick Cave når han legg seg for kvelden?
Eg trur eg veit kva han tenkjer: «Folk er så lettlurte. He-he.»
Neste episode: Pink Floyd – verdas beste band, eller verdas beste bløff?
Clementine
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.