Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Pant

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1905
20220805
1905
20220805

Gratulerer! Du har vunne!

Raude digitale bokstavar blinka mot meg der eg stod framfor panteautomaten i ein lokal daglegvarebutikk. Kva no?

Det første som slo meg, var at eg kunne ha vunne 10.000 kroner. Kva skulle eg nytte dei til? Ein brøkdel av eit sekund var tanken svimlande. Helgetur? Sykkel? Eller skulle eg berre leggje pengane inn i den daglege familiedrifta?

Eg reiv av lappen. 50 kroner! Nett den same summen eg hadde panta flasker for – ein sum eg hadde donert til Raudekrossen og arbeidet organisasjonen gjer for born i Ukraina og andre kriseramma land.

Dette vart for dumt. Ikkje om eg skulle be om å få utlevert ein femtilapp i kassa. Så småleg kunne eg ikkje tillate meg å vere. Det var jo ein grunn til at eg hadde donert pengane til lotteriet. Eller. Rett skal vere rett. Det var to grunnar. Den eine var at eg som regel gløymer å levere pantelappen i kassa og uansett ikkje får glede av pengane. Den andre var at eg då kunne velje eit betre alternativ, som ifølgje ein av verdsreligionane ville auke sjansane mine for å verte fødd att som menneske og ikkje mygg.

Gratulerer! Du har vunne! Igjen! Denne gongen hadde eg panta flasker for 26 kroner. Kva no? Der eg ein brøkdel av eit sekund såg på den paniske blinkinga på automaten, slo det meg at eg ikkje ante kva ein kunne vinne på pantelotteriet. Kunne det vere snakk om ein millionvinst?

Eg reiv av lappen. 100 kroner. Skulle eg liksom donere 26 kroner til Raudekrossen, organisasjonen som hjelper born i Ukraina, og ta 74 kroner attende? Kunne eg liksom ikkje donere ein hundrelapp til dette viktige arbeidet? På den andre sida. Eit lotteri er eit lotteri. Kva er vitsen med å delta om ein aldri vinn? Og kva om eg vann ein million – kva skulle eg gjere då?

Full av ambivalens gjekk eg mot kassa. Tok meg i å tenkje på alle mjølkekartongane eg brettar og returnerer. Neste vinst bør helst komme i returkartonglotteriet.

JORD

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis