Skyss
Tolv timar frå dør til dør. Det er tida det kan ta å reise kollektivt frå indre Sunnmøre til indre Oslofjord. Planen var å køyre eigen bil til Åndalsnes stasjon, heldigvis held dei seg enno med gratis parkering for togreisande, men bilen svikta etter å ha stått i ein garasje i to månader. Batteriet var ikkje det einaste som var flatt, det var venstre bakhjul òg.
Reisa tok til i strålande sol, men då vi nærma oss Romsdalen, skya det over. Dei første mila var vi på det meste åtte passasjerar i bussen og kunne breie oss med vindaugsplass. Som passasjer og ikkje sjåfør fekk eg med meg mykje meir av det som har skjedd langs vegen.
Eg glante nedover bakkane mot fjorden og såg eit naust som hadde fått ein ny endevegg, og ein einebustad som må ha kosta ein formue – og då er både utsikta og tomta nesten gratis. Eg la òg merke til uvanleg mange hus som får stå og forfalle. Til og med kyrkja på Vågstranda viser fram nake treverk under kvitmålinga. I eit vindauge i eit hus kledd med eternit var fargane på to plastplanter så forvrengde at dei såg ut som neonlys i eirgrønt og rosa.
Når eg tek bussen til jarnbanestasjonen, held det ikkje med éin buss, ikkje to heller, men tre. Éin time venting er ikkje til å unngå, men eg kan velje om eg vil vente på Sunnmøre eller i Romsdalen. Eg venta på eit kjøpesenter med bokhandel. Ein del bøker var prisa ned til 10 og 29 kroner. Er ikkje det ei fornærming mot forfattarane, undra eg meg. Då eg gjekk utan å ha kjøpt ei einaste bok, slo det meg at det er kanskje eg som fornærmar dei når eg ikkje eingong kjøper ei diktsamling til 10 kroner. Etter å ha drukke ein kopp kaffi gjekk eg attende og kjøpte tre bøker.
– Er det du som har bestilt regnet, spurde den nynnande bussjåføren i buss nummer tre då eg rista regnet ut av håret.
– Nei, sa eg spørjande.
– Hadde det vore du, så hadde eg bede deg om å gå attende dit, sa han og peika på busskuret.
Han var ein bussjåfør med godt humør, men humoren er eg usikker på. Eg fekk likevel ein annleis tur til stasjonen enn om eg hadde sete i min eigen bil og høyrt på ein podkast.
Tiriltunga
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.