Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Steiken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1847
20240823
1847
20240823

Endeleg! Bileta frå Kursk er no like opprivande som bileta dei seinaste åra har vore frå krigen på ukrainsk side av grensa.

I skrivande stund er det især synet av russiske eldre og uføre i rullestol på flukt som gjer inntrykk. Forvirra og fortvila blir dei rivne bort frå hus, heim og slekt til ein uviss lagnad på legd.

Andre nye bilete er frå kyrkjegarden i byen Kursk, der nye rekkjer med russiske soldatgraver supplerer dei frå det vidgjetne panserslaget i 1943.

Ubalansen i biletlegginga av den russiske invasjonen av Ukraina er med dette retta noko opp.

Truleg berre mellombels, men likevel – det kjennest godt, og rett. Sjokkerande godt og rett kjennest det, diverre. Anstendige menneske burde vel ikkje ha slike kjensler, grensande til skadefryd, men dei lèt seg ikkje fornekte.

Skadefryden kjem ikkje mo åleine heller, han har følgje med ein påstand om at det er nett dette som har vanta i andre krigar. Vietnamkrigen, ikkje minst, prega som han var av ein total mangel på nordvietnamesisk invasjon på det amerikanske kontinentet. Det gjorde krigen til ei (teor)etisk slagveksling på heimebanen til USA, medan det raude blodet flaut i Vietnam.

Den som vil vera med på leiken, bør få smaka steiken, er påstanden. Dette skal ha ein oppdragande og førebyggjande effekt, etter folketrua og folkeskikken her i landet.

Mon det. Noreg bomba Serbia og Libya utan at ein einaste eldre og ufør her er driven på flukt av den grunn. Våre folkevalde ville vera med på leiken, men det var eit anna folk som fekk smaka steiken.

Sjå kva det har gjort oss til – ei humanitær stormakt, av alle ting, men ikkje heilt etter 2. Moseboka (21:23-25): Er det nokon som fær mein, so skal du gjeva liv for liv, auga for auga, tonn for tonn, hand for hand, fot for fot, brent for brent, sår for sår, flengja for flengja.

Då skal dei fattige ha takk.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis